søndag 30. mai 2010

På hagevandring i Ulsteinvik



I går var eg med Eid Hagelag på hagevandring til Ulsteinvik. 14 damer og 2 karar samla oss på rutebilstasjonen i Eid og fylte opp 5 bilar.
Fyrste stopp var Tilseth Hagesenter mellom Volda og Ørsta.Der vart eg litt skuffa over staudeutvalget som interesserte meg mest, men i handlekorga kom det eit flott eksemplar av Prostanthera cruneata - Peppermyntebusk.


Fyrste hagen vi besøkte var hos Mariann Stranden. Ein hage med mange oppfinnsomme detaljar som f.eks skoen med takløk som stod plassert på toppen av portstolpen og baud oss velkommen inn i den spennande hagen.

Andre detaljar vi la merke til var takløkgruppa som hadde fått plass der ei grein på det gamle epletreet hadde måtte gje tapt for lang tid sidan og etterlete seg ei høveleg stor grop til at takløken hadde fått rotfeste - utruleg stilig!

Ellers var det stubbar etter forlengst nedsagde tre som hadde fått "gjenbruk" i form av beplantning med både takløk, skyggesildre og Smørkrossblad (Chiastophyllum).......


Trekasser med dekorstein og takløk - nytt liv til gamle trekasser som ellers hadde gått på jonsokbålet.

Det var mange detaljar å studere og diskutere i beda til Mariann.

I dette bedet hadde ein gamal kløyvd slipestein fått gjenbruk og gav fint selskap til Lewisiaen som var planta der.


Så var det matpause, med loddsalg, utloddning og god prat i det fine veiret.


Etterpå var vi innom Ulsteinsvik sentrum og "Krukkehagen" før ferda gjekk vidare til hagane til Oddbjørg og Terje Haddal som låg side om side eit stykke unna.


Det var mange Rhododendron i hagen til Terje Haddal, både store og små, tidlege og seintblomstrande, vintergrøne og bladfellande (azalea)
Haddal fortalde at han gjer seg flid med preparering av Rhododendronbeda og blandar inn barnåler, bark og sand for å få den rette konsistens på jorda. Armen skal kunne stikkast ned til albogen før han vert førnøgd med planteplassen.

Her ein gulblomstra Polygala

Ein Axorellaplante dekker ei heil skråning og rammar fint inn teintrappa .

Haddal hadde fleire artar Daphne (Tysbast) som var flotte.

Denne Rhododendronen i hagen til Oddbjørg Haddal syns eg var ekstra fin og kom på ynskjelista mi.

Denne aurikkelen vaks i eit av beda til Terje Haddal. Nydelig eksemplar med ein spesielt kompakt vekst og reint gule blomster. Stor var gleda då Mariann fekk eit eksemplar med seg heim - og tenk: ho var så generøs at ho delte den med meg -Tusen takk Mariann! :-)


Takk til alle deltakarane som var med på hagevandringane denne laurdagen og ei ekstra stor takk til dei som tok imot oss som vertar og baud oss inn i dei innhaldsrike hagane sine.

Alle bildene er klikkbare!

4 kommentarer:

Unknown sa...

Så mye fint! Stilig med sånn takløk. Har liksom ikke helt turd å prøve meg på de der enda. Men tror jeg må gjøre noe med det ja.

ASSA sa...

Ser ut som dere hadde en herlig kveld og mange flotte ideer som man kanskje kan bruke selv også, morsomt å komme til kreative hager :)

Mariann S sa...

Tusen takk for flott inlegg om hagen min Hajal :) Eg hadde en kjempekjekk dag ilag med dokke :) Reknar med at det blir ein tur inni Davikja på oss i løpet av sommaren. Ha ein fortsatt fin søndag :)

hajal. sa...

Turbolotte:
Takløk er superenkle treng ikkje korkje jord eller vatn (iallefall nesten ikkje ..)

Assa:
Heile dagen var avsett til denne turen og det var den vel verdt!

Mariann:
Takk for det, du veit det er ikkje vanskelig å skrive om ting ein likar. Det spørs om ikkje eg og må satse på å "gå ut" eit skopar slik at eg kan stele ideen din! ;-)

Og dåkke er hjertelig velkomne til Davikja - det finst gjerne ei og anna staude som kan delast her og....