tirsdag 28. september 2010

Ukjent tre frå Rhodos


Dette treet har eg fått frå ei hagegalvenn som fortel at frøa var hausta på Rhodos, men vi kjenner ikkje til kva slag tre det dreiar seg om.
Er det nokon som kan identifisere det for oss hadde eg vorte svært glad.
Det ser ut til å være fullt hardført her for eg har overvintra det ubeskytta i potte i kaldt drivhus i to vintrar og den siste vinteren er absolutt noko av det kaldaste vi har hatt på lang tid.

Nydelege haustfargar har det iallefall og vil verte eit flott prydtre med tida, men det hadde vore kjekt å vite kva ein kan forvente seg i høgde, og kva jordforhold osv. det helst likar før ein vel ut vokseplassen.


Resultat:
Då trur eg vi har fått slått fast at treet heiter Koelreutheria paniculata (på dansk Kinesetre)
Dette treet brukte fornemme Kinesiske slekter til prydtre på familiegravplassen sin las eg ein eller anna stad på nettet.
Vert ca 10 m. høgt, trivst best på grusblanda jord og er svært tørketålande.

Takk til Orchis som klarte å overbevise meg om atdet er dette treet (til slutt ;) )


lørdag 25. september 2010

Knall og fall........

Lange skuggar minner oss om at hausten er kommen og den mest aktive hagesesongen snart er over.

Denne hagesesongen har forøvrig ikkje vore så aktiv for min del pga. boreliosen eg har kjempa med det siste året og no har den fått nok ein stoppar på ubestemt tid.
Årsaka er at eg tysdag gleid på sleipt gras, falt stygt utfor ein meters høg mur, ned i ei veggrøft og slo nakken, armen og skuldra og vart sendt i ambulanse til sykehuset på båre og med nakkekrage. Jau då, på MR og røntgen viste det nakkebrudd, men ikkje brot ellers i kroppen. Men nervebanene i skulder og arm har fått seg skikkelig bank.
Så var det sengeleie og vidare undersøkelsar m.a CT -skanning og bilda vart sendt vidaresendt til ekspertgransking på Haukeland.
På fredag kom svaret tilbake frå Haukeland og då var meldinga: javisst var det brot mellom 6. og 7. nakkevirvel, men brotet var av gamal dato så eg kunne bare ta av kragen og reise heim....... :-O .......
Hæ?????
sa eg, kan ikkje hugse at eg nokon gong har hatt SÅ vondt i nakken at eg kan ha brote den tidlegare i livet...
(Madammen og eg har i etterkant komme fram til at det må være slik at eg i eit tidlegare liv fall utfor ein stad og brakk nakken og då har eg også forklaringa på min høgdeskrekk... ) :))))))

Så sit eg her då kraftig forslått, vondt i nakke, skulder og arm.
venstre peikefinger er nummen og nedsatt kraft i, men eg har full bevegelse i den. Det verste er nervesmerter i venstre armen som plutselig høgg til som knivar og varer frå nokre sekund til nokre minutt og eg veit aldri når dei høgg til. På dei virkar heller ikkje smertestillande så eg får no bare leve med dei til nervane har hela seg sjølv. Det gjer dei visstnok kansje om nokre dagar, men det kan og ta inntil nokre månader før alt er normalt igjen, sa legen.Ja ja, når fyrst uhellet var ute så var eg kjempeheldig tross alt. Det kunne lett vorte skikkelig fatalt fall denne gongen. Så kan ein seie at det var ikkje lurt å gå der akkurat då det var SÅ sleipt og glatt, eller at eg burde hatt andre sko på meg osv.... men det er ALTID lettast å sjå i etterpå-klokskapens lys.

No har vi fått att fineveiret og det skal visstnok vare ei heil veke fram i tid så eg får prøve å "nyte" rekonvalesensen til å nyte haustsola med å gå små turar så ofte eg orkar i nærmiljøet, men eg kjem nok til å halde meg stortsett til vegar med fast dekke eller grus den næraste tida.

God helg til alle og pass dåkke på haustlege sleipe og glatte underlag.


lørdag 11. september 2010

Plantepakkar

Ein vakker haustkveld forleden tok eg dette bildet frå verandaen vår.
Fjorden ligg still og fin og i botnen der inne er Nordfjordeid det næraste handelssenteret vårt.



Dei to siste dagane har eg fått eit par plantepakkar i posten.
Den fyrste, ein såkalla "Konkel-pakke" fekk eg i går som inneheldt 11 auriklar.
Dei fleste lurer vel på namnet Konkel, men dei fleste hagegale veit at det er ein signatur på nettstaden hagegal som er kjend for auriklane sine.
Sidan auriklar er ein av mine "samleplantar" ser eg fram til at desse skal blomstre til våren eller neste haust. Kansje der er spennnade, for meg nye sortar ?
Eg ventar nokre dagar med å plante dei sidan det er nokså tørt her hos oss no etter halvanna veke med sol og varme. No har veiret skift og det har så smått begynt å drype frå oven og meir skal visstnok komme kommande veke og det gjer godt for hagen iallefall.


Idag kom det pakke med 6 Peonar frå Kina etter mellomlanding og ompakking i Rogaland.
Eg har vore med på ein "fellesimport" ilag med andre "hagegale" frå heile landet.
Også desse plantane skal få vente litt til jordsmonnet vert høveleg vatna frå "overgartnaren" si side før eg plantar dei i Peonbedet mitt.

Dei kinesiske peonane var merka med kinesiske namn som 'Yang Fei Chu Yu' - på engelsk har den fått namnet 'Lady after Shower' - ein annan heiter ' Lan Tian Piao Xiang' og det engelske namnet 'Fragance Filling the Blue Sky' gjev meg iallefall forståelige assosiasjonar til velduftande sommarkveldar når peonbedet står i fullt flor. Om to eller tre år håpar eg at desse kjem i blomst og fyller hagen med velduft og vakker blomstring.
Dei fire andre peonane har namna (engelsk namn i parantes):
Zi Feng Yu (Margenta Phoenix Feather)
Huang Jin Lun ( Golden Wheel)
Mo Zi Han Jin (Gold in Black)
Lian Tai ( Budda Lotus Seat)

God helg til alle ! :)

onsdag 8. september 2010

Blomstring pr. 1. September, del 2

Ligularia dentata - Nøkketunge blomstrar fint enno. Ei forholdsvis stor staude eg vert meir og meir glad i.

Platycodon grandiflorus - Flatklokke lyser fint opp i fjellhagen no. I år trudde eg den var stein død ettersom det gjekk svært lenge før den dukka opp etter vinteren, men dei kjøttfulle røtene hadde kom omsider med ny vekstkraft og no blomstrar den flott. Denne vakre stauda finst forutan i ymse blå valørar også i rosa og kvit. Eg har bare denne foreløbig.

Sedum 'Bertram Anderson' har begynnt å bli vakker no - ein av favorittane mine blandt mange flotte sedumar.

Sedum kamtschaticum - Gullbergknapp har blomstra lenge og er no på slutten denne sesongen, men den avsluttar med stil syns eg.

Hylotelephium spectabile - Oktoberbergknapp har så vidt og begynnt å vise farge. Denne har eg fleire stadar i fjellhagen min og er ein flott fargeklatt på slutten av sesongen.

Gentiana septemfida - Frynsesøte stammar frå fjellslettene og granskogane i Tyrkia, Kaukasus og Iran, men trivst godt her hos oss og. Mitt eksemplar har nok fått for lite næring der den veks i fjellhagen min noko eg må gjere noko med til neste år.

Leontopodium alpinum - Edelweiss kjem frå kalkrike alpine områder i Europa og Asia. Hos meg sjølvsår den seg så eg må passe på å skjære vekk frøstandane om eg ikkje vil ha dne spreidd i fjellhagen min.

Blandt dei vanlegaste og sikraste haustblomstrande er haustfloks - Phlox paniculata - Eg har vore mykje plaga av at dei får mjøldogg så eg hadde kutta ut denne plantenfor nokre år sidan, men denne sorten ser ut til å være bra tolerant.

Solbrud - Helenium x hybridum finst det mange sortar av. Eg har mista merkelappen til denne så eg veit ikkje eksakt kva sort dett er , men fin er den.

torsdag 2. september 2010

Blomstring pr. 1. September

September

No har vi passert nok ein milepel dette året også - vi er kome til fyrste haustmånaden. Sommaren er definitivt over sjølv om meterologane spår godveir så langt auga kan sjå inn i den gåtefulle kula deira . Det går uvilkårleg mot den mørke årstid enten vi vil det eller ikkje og det merkast godt om kvelden. Doggfallet om natta er stor - nesten så ein trur det har regna med natta og det går langt på dag før plenen er så tørr at det er forsøket verdt å ta ut klipparen. Men framleis er det mykje og mangt som blomstrar og gjev liv og farge i hagen.
I to innlegg vil eg presentere noko av det som blomstrar i min hage dette månadskiftet.



Her er det Lonicera 'Serotina' som eg syns er ein av dei finaste slyngkaprifoliane, bare synd den ikkje duftar like mykje som vår viltvoksande vivendel.

Buddleja davidii - Sommarfuglbuska har sitt høgdepunkt nett no. Denne buska som har slik tiltrekningskraft på sommarfuglar, enkelte år svermar det rundt buska i blomstringstida av admiralar og andre fargerike, flotte skapningar. Denne sorten heiter 'Il de France'


Denne sorten som er litt meir raudfiolett heiter 'Royal Red' og har litt kraftigare vekst enn 'Il de France'

Alcea rugosa er ei vakker, høg staude - hos meg godt over 2 meter som ber rikeleg med svovelgule enkle blomster.


Clematisane er også i blomst enno - iallefall 'The President' og ......

.... ' Blue Light' - den siste kjøpte eg billeg på eit haustsalg for mange år sidan. Han kom opp våren etter, men visna nokså raskt nedatt av visnesykja. Eg klipte den ned og reikna ikkje med å sjå den att, men plassen den stod på vart ståande sommaren etter utan å bli planta på nytt. Våren etter kom det spirer på nytt frå rota som hadde overlevd i "dvale" halvanna år så eg har lært meg at Clematis som bukkar under av visnesykja skal ein ikkj gje opp sånn utan vidare.
Det må òg seiast at eg har også erfart det motsatte.

Plantar kan være vakre om dei ikkje blomstrar og. Her er det ein frøstand av Paeonia suffruticosa - er ikkje den like vakker som ein blomst kansje ? - I allefall er den dekorativ der den står og vitnar om ein blomst som var.....



Mange japanske lønn har ein særs fin farge og bladform - denne heiter Acer palmatum 'Stella Rosea'


Og til slutt viser eg blada av Heuchera 'Dale's Strain' - nydelig mønster i blada - den vakraste av Heucheraene etter min smak og veldig anvendelig i oppsatsar og bukettar.