tirsdag 13. juli 2010

"Frøken Langflat"


På ein slik dag med tungt skoddedekke og regn er hagelivet ikkje mykje å by på - ikkje er det malingsveir heller (skulle ha malt rekkverket på verandaen) so får ein finne på andre syslar ettersom kroppen heller ikkje likar seg slike dagar :(
Hagen ser plutselig noko "forfallen ut" sidan "alt ligg langflatt" etter den kraftige vinden mandag kveld og natt til i går. ..... nei SÅ gale er det ikkje, men dei høge staudene fekk hard medfart i vinden og mykje er avbrekt til tross for oppbinding.
Gullregnen er litt skeiv etter medfarten og hadde det ikkje vore for tøtteverk og gummistropper (ei av dei rauk i vinden) hadde nok den lagt seg heilt over.

Slike dagar er det ein kosar seg innandørs med god musikk og andre gjeremål - så kom eg på at litt " haging" er likevel ikkje av vegen ein slik dag òg, då vert det å bruke noko av alt det som "ligg langflatt" ute i hagen til oppmuntring for auge og sinn innandørs.

I denne oppsatsen har eg brukt blad og blomst av Heuchera 'Dale's Strain', Hosta 'Halycon', Grasløk, Aquilegia canadensis, Astrantia 'Lars', Physiocarpus 'Diablo', Stormarihand, Hagedjevel (Skvalderkål) og to sortar Klematis.

Så oppdaga eg at hagebloggen " Moseplassen" utlyste ein konkurranse i bruk av avskorne blomster - som ho kalla "Frøken snitt 2010" http://moseplassen.com/2010/07/froken-snitt-2010-konkurranseutlysning/ og der melder eg meg herved på.

Ha ein fin Julidag alle enten sola skin eller skodda stengjer. ;)

lørdag 10. juli 2010

Fem vakre

Blandt hagebloggarane går det ei oppfordring for tida om å vise dei fem vakraste ein har i hagen nett no. Eg har med vilje ikkje brukt uttrykket "dei fem vakraste" men brukar "Fem vakre" i bloggtittelen fordi eg ser det som umulig å plukke ut fem som skal være dei fem vakraste nett no. Det er så mange som er vakre, både blomstrande og ikkje blomstrande og kritiriet for kva som er vakkert er ikkje lett å definere - det meste er vakkert kvar på sitt vis ( t.o.m dei kvite blomane til hagedjevelen (skvalderkålen) !!!


Physocarpus 'Diablo' - Rødblada blærespirea er vakker, men aller vakrast er den i knopp syns eg.

Sølvbergkanpp - Sedum spathulifolium likar eg meir og meir både med og utan blomster.


Martagonliljene er ein av favorittane mine - desse her stammar truleg frå den gamle pestegardshagen i bygda. Eg fekk i si tid løkar av ei eldre dame som hadde funne dei i ei grov like utanfor sitt hagegjerde som vart bygd på tidlegare prestegardsjord.

Kombinasjonen Løytnantshjerter og Stormarikåpe har alltid tiltalt meg på denne tida.

Til sist, men ikkje mist vil eg presentere "Eikefjordrosa" -ei rose eg ikkje veit namnet på som stammar frå madammen sine besteforeldre sin hage i Eikefjorden, truleg planta der ein gong mellom 1935 og 1955. Eingongsblomstrande, utsett for roserust og masse små torner på greinene. Idag opna ho den fyrste blomen for i år, og du for ei DUFT !!!!
Denne har ein heilt spesiell status i hagen min - roser er ikkje min store favoritt, men denne er ein av dei store favorittane i hagen min av fleire årsaker.

****** ****** *********
...."Vent, vent... remember me !!!"... er det ein som ropar...
Ja det er nettopp det den heiter denne Hostaen.
Hosta 'Remember Me' - den vakraste av alle Hosta syns eg, og eg klarte ikkje å fullføre dette blogginlegget utan å ta den med som den sjette og siste av "Fem vakre".

God helg til alle og nyt alt det vakre ute i hagen! :)

torsdag 8. juli 2010

Blomstring 1. Juli 2010 - del 4

Japanprimula - primula japonica finst i fleire fargar - her er to av dei.

Primula heucherifolia trivst godt ilag med Rhododendronen

Primula elatior-hybridane har halde det gåande lenge i år - denne er den siste i denne omgang. Håpar det vert eit bra flor til hausten og.

Den blå Valmuesøstera - Meconopsis ' Lingholm' har eit vakkert fargespel i blått

Dette bildet syns eg var artig...


Den kvite valmuesøstera står også i full blom - vakker!

Kanelbusk - Calycanthus floridus har fått namnet sitt fordi den har ei karakteristisk kanellukt av barken og har visst vorte brukt som kanelerstatning i tidlegare tider. Dei spesielle blomstrane er stive, nesten som kongleskjell. Ei veldig spesiell busk som kjem frå Nord-Amerika. Denne sådde eg for mange år sidan.


Denne hageazaeaen heiter 'Golden Eagle'


Fylt Soleiebusk - Kerria japonica ' Flore Plena' blomstrar rikt no.


Tilslutt eit bilde av druene som er i rask utvikling no. Som vanleg har eg tynna ut så omlag halvparten av klasane sit att. Aller helst skulle eg ha tynna i klasane òg, men det er eit tolmodighetsarbeid.

Med dette set eg punktum for blomstringsserien denne månaden.

onsdag 7. juli 2010

Blomstring 1. Juli 2010 - del 3

Denne sibiririsen er både vakker og høgreist. I forgårs var det nokså mykje vind her og då låg den som ei spreidd vifte utover.

Orkideen Skogmarihand (Dactylhoriza fuchsii) er eit flott innslag og har blomstra ei god stund no. Den ser ut til å trivast i hagen og, men i år kom det bare ein blomster. Skal tru om det er den kalde vinteren eller Campanuaen ved sida av som er vorten for nærgåande som er årsaka?

Flekkmarihand (Dactylhoriza maculata) blomstrar også flott no. Ikkje langt frå hagen min veks dei i store mengder i gamle slåtteenger.

Blå fjellflokk (Polemonim caerulea) blomstrar rikt no. Desse må eg være påpasselig og klippe bort avblomstra blomsterstandar ellersd vert det fort mange - altfor mange småbarn rundt i beda. Eit nytt flor seinare i sesongen er belønninga for jobben.

Her er det den kvite sorten som står i fullt flor.

Denne Verbascum en får rå grunnen her før riddersporane i bakgrunnen tek over.

Pinsenellik (Dianthus gratianopolitanus) er vakker og sprer godduft der han veks på murkanten langs inngangsvegen til huset. Dette er sorten 'Aslaug Weydal'

Her er det Astrantia 'Lars' som blomstrar - i bakgrunnen ser vi den mørkblada Ligularia 'Brit-Marie Crawford', ein kvit Geranium - trur det er phaeum 'Alba' og bak Astrantiaen ser vi Podophyllum hexandreum.

Japansk Iris ( Iris ensata) er villig og blomsterrik og klarar seg godt i vanleg hagejord. Her er det 'Moniques Child' .


Akeleiefrøstjerne (Thalictrum aquilegifolia) er ei av dei høge staudene som eg set mest pris på.


Den gule daglilja (Hemerocallis flava / H. lilioasphodelus) er ein "arv" frå dei som hadde hage før oss. Den kjem trufast att år etter år og har truleg vore i hagen her i snart 50 år.

Pyrinèerlilja ( Lilium pyrenaicum) er ein av dei eg har fått som "arv" i familien. Denne vaks i hagen der mor mi vaks opp på ei øy sørvest for Florø. Den står no i full blomst og sprer god duft nesten over heile hagen.



Her er eit nærbilde av blomsten - flotte sjokoladebrune teikningar mot det gulgrøne - vakkert syns eg!

mandag 5. juli 2010

Blomstring 1. Juli 2010 - del 2

Då er det vel på tide å presentere fleire av dei som blomstrar i hagen min i månadskiftet juni-Juli.
Idag er det regn og vind og vaselet går ut på storm ved Stadt, men eg håpar at vi ligg litt meir i ly eit stykke inne i fjorden. Kraftig vind no vil bety myje brekk og skade på ein del av hagen sine bebuarar.



Klosterpionen er vel sjølve symbolet på høgsommarblomstringa. Her er det 'Rosea Plena' som har kledt seg i sin flottaste stas. Snart kjem silkepionane etter dei står fulle av knoppar og bare gjer seg klar til å opne showet.

"Tvillingsystera" 'Rosea Plena' er også flott med sine store fylte blomster.

Lupinane som etterkvart er vorte svartelista skal få eksistere i min hage. Dei er flotte der dei står. Om ein klipper bort frøstandane så snart dei er avblomstra kjem dei att med eit nytt, men bergensa flor seinare og ein slepp at dei sjølvsårseg og spreier seg der ein ikkje vil ha dei.

Den vanlege syrinen - Syringa vulgaris er eit sjølvsagt innslag i ein vestlandsk hage- no er det meste av blomstringa over for den og.

Vanlege revebjøller - Digitalis purpurea er noko av det flottaste naturen byr på og nettopp den er Sogn og Fjordane sin fylkesblomst. Skikkelig flotte i flokk, men veldig dyktige å så seg samtidig som dei er noko av det lettste å luke når dei dukkar opp.

Dagfiol - Hesperis matronalis er også høgsommarstaude - eller den er vel eigentleg toårig, men overlever mange år dersom ein passar på å fjerne frøstandane. Dufta av denne er nydelig på kveldstid.

Geranium iberica 'Vital' får representere dei mange Geraniumane som blomstrar no framover.

Kvit akeleie og den mørkblada Stivklematis -Clematis recta 'Purpurea' framhevar og kler kvarandre.

Iris germanica utan namn

Og til slutt ei akeleie utan namn - flotte er dei!

fredag 2. juli 2010

Blomstring 1. Juli 2010 - del 1

Juli månad er godt i gang og det meste av vår- og forsommerblomstringa er over. No overtek etterkvart midtsommarsblomstringa showet og overalt veks det så det knakar ikkje minst ugraset. Her ved fontena har eg planta ein Hosta 'Patriot' på kvar side og på eine sida planta eg hin dagen rhizom av lys blå kvitveis på høgre sida. Desse fekk eg av ei gavmild dame på Eid.
Eg kjøpte meg ein Cotoneaster praecox som var poda på Sorbus x hybrida på hagesenteret på Eid for gåvekort eg fekk til gebursdagen i vinter den vart plassert til venstre for biletkanten mellom fontena og Buddleja 'Royal Red'.

Dei tre neste bileta syner parti frå fjellhagen. Bilda er tekne idag og alle er klikkbare.



Biletet under er teke frå sitjeplassen vår. Til venstre skimtar vi Peonbedet, det gule midt i er Stormarikåpe (Alchemilla mollis), så ser vi m.a. vanleg syren og midt imot "Langbedet" der eg har Sibiriris, løytnantshjerter, fjellflokk (Polemonium) og Dagfiol (Hesperis matronalis)

Her kjem det nokre bilder frå det eg kallar woodlandet.
På fyrste under ser vi m.a. Acer palmatum *Stella Rossa', Hosta halycon, grasløk og ein Geranium.

Her har vi Acer shirasawanum aurea som vistnok skal kallast Måneskinslønn på norsk. Oppe i midten ser vi dei store blada til Dermera peltata, Geranium ibericum 'Vital' og Primula japonica -Japanprimula. Framme i høgre hjørnet er Primula chungensis som no er avblomstra og frøveksten er igang og til høgre ein Geranium.

Det siste biletet idag syner litt av "Langbedet " (th.) og "Øvre morelltrebed" (tv. ) Ein gullregnklase heng der og - den er på retur no, i år var det ikkje så rik blomstring på gullregnen som i fjor.


God helg til alle hagevenner landet rundt! :)