tirsdag 28. oktober 2008

Den fyrste snøen

Slik er utsikta vår idag innover Nordfjorden.
I natt kom det 7-8 cm snø, ikkje uventa, men heller ikkje vidare velkommen !

Dei to til venstre er sorten Brilliant og den under er Beacon.





Slik såg Fuchsiane mine ut på laurdag før eg starta å ribbe dei for vinterlagring.
Alle var i full blomst og riktig så vakre, men med snø og vintertemperaturar i vente var det bare å ribe dei og ta dei i hus, like hardt kvart år, men slik er det.

Her er dei tre stammefuchsiane mine, frå venstre: Sandboy, Beacon og Brilliant klare til å ta vegen inn i kjellaren.
Sandboy og Brilliant var små stiklingar i fjor vår så voksteren er det ikkje noko å seie på, ikkje blomstringa i år heller.




For den som hugsa historia frå juni månad med vinden som forsvant med heile kruna på eine stammefuchsiaen min så er det det til høgre på bildet til venstre, som dåkke ser har den teke det igjen i fullt monn med ny og stor krone.

søndag 26. oktober 2008

Ny Novemberkatus


Som eg skreiv i forrige innlegg har eg endelig funne meg "gul" novemberkaktus som eg har vore på jakt etter eit par år utan å lukkast. Og som Iris kommenterte er gulfargen litt merkelig - ubestemmelig !
Dei som har følgt med dagboka mi på hagegal (før denne bloggen vart oppretta) veit at eg har ofte skrive om november- og påskekaktussamlinga mi, og i år har den hatt sommaropphald på ei hylle i drivhuset og der har dei trivst godt ser det ut til for dei kvitterar med knoppar dei fleste av dei. No håpar eg dei tåler overgangen til opphald i eit vindauge i peisestova under heilt andre lysforhold og ikkje kastar knoppane pga. flyttinga.
Når eg pottar dei om (i mai/juni) brukar eg jord frå rotnande trestubbar.
Skulle gjerne hatt vinterhage til desse kjeledeggane mine -då hadde dei virkelig kjeme til sin rett litt opp i høgda slik at dei kunne studerast undanfrå i godt lys..... (dream)

fredag 24. oktober 2008

Vinterførebuing


Nei då, "ryktet om min undergang er STERKT overdrevet" for å nytte eit mykje brukt sitat !

Dei siste 14dagane har vore særs lite produktive for min del, det skuldast at naturen sjølv har slått på storetromma med kuling, storm og regn dag ut og dag inn. Til no i oktober har vi fått 359 mm nedbør, omtrent det same som vi fekk i perioden Juni - September, og nesten 100 mm meir enn "normalt" for oktober månad.
Kroppen min har vore i særs heftig ulage for tida, gikta har herja som verst og energien og tiltakslysta har sjølvsagt vore laber. Det vesle som har vore er brukt på jobben, ellers har sofaen vore svært god å ha i det siste. I periodar svært lite oppdatering både på hagegal og i andre sine hagebloggar og då er eg ikkje "rare karen" .
I tillegg spelar nok "mørketid" og ei rolle i energitapet - ja ja alt har ein overgang, sa reven, dei drog skinnet av han !

Dei få posane med haustløk eg har kjøpt i år ligg framleis trygt under verandaen, men no MÅ eg få dei ned snart før det kjem snø og frost.


Vel, litt har eg gjort dei siste dagane:
Onsdag fekk eg rydda opp i vekstrommet mitt og plassert diverse av det som har stått i drivhuset under plantelyset.
Hippeastrumløkane som har stått i drivhuset har komme i kjellaren og til vinteroppbevaring. Det same har Vallota- og Zephyrantessamlinga mi, og alle november- og påskekaktusane mine er komne i hus - mange av novemberkaktusane har godt med knoppar så det er håp om blomsterpryd på dei utover i adventstida.
Så må eg nemne at eg i forrige veke fekk tak i "gul" novemberkaktus - Har prøvd å få tak i den to haustar, men ikkje lukkast før no.

I går var det slaktedag på garden. Far min og eg slakta årets smaler som skal bli juleribbe (pinnekjøt)og fårikål gjennom vinteren og sjølvsagt eit par lår til speking.
Vi brukar alltid å slakte gjømbrer (1 1/2 år gamle saulam), det er mykje meir smak på det kjøttet enn på lam - i lammekjøttet vert det for lite fylde i både i smak og mengde kjøt.
Surt veir var det med regn og kraftig vind, men ettersom vi står for det meste under tak med jobben var det ikkje så verst likevel.

Idag skal eg spa opp og ta inn Skaugumknollane mine, alle Fuchsiane (no står dei på det flottaste i full blomst !) og Dahliane skal avskjærast og settast i drivhuset ei stund for avmodning dersom det ikkje vert for mange kuldegrader over helga.

Enno er det mykje som blomstrar i hagen til tross for dei siste vekene med rikeleg nedbør og vind, men no varslar dei på yr.no at snøen er i anmasj over helga så då er det bare å ta i hus uansett. Ikkje triveleg å grave opp plantar i snøen iallefall.

Storm og regn har delvis feia lauva av trea, stort sett er det bare hasselen og oren som no har lauv - ei og anna bjørka held og imot. Hagen er full av lauv frå dei to store morelltrea våre og dette skal rakast saman og brukast enten i kaldkomposten i blanding med hønsemøkk eller som dekke til enkelte sarte stauder i woodlandet.

Tilslutt vil eg ta med eit dikt som høver for årstida. Eg skreiv det for ein del år sidan til opningsdikt på ein bygdakveld vi hadde i Davang - eller ungdomshuset som vi seier som Ungdomslaget i bygda eig.
Det kan og høve no i og med at eg ermed i komiteen også i år og bygdakvelden skal gå av stabelen som tradisjonen er fyrste helga i november - altså om ei god veke .1. november, det vert ei hektisk veke med øving på diverse program kvar kveld no utover...puh... (men det er no veldig kjekt og - ikkje minst på øvingane !! )

KARNEVAL

Det har nyss vore karneval i bygda.
Fyrst var det rognen og heggen
med sine raudleitte fargar
som prydde liene langsetter
kvar på sin måte.
Rognen pynta seg jamvel med raude perler
- dei bar rikt i år !
Heggen som ingen har lagt merke til
sidan juni fekk atter beundrande augekast
og raudna vel kansje endå meir av den grunn .
Så var det ospa og bjørka sin tur
- begge i det gule.
Ospene oftast i flokk lik flyttfuglane,
medan bjørkene blanda seg meir med hine.
Så kom maskefallet:
Med vinteren i kjømda
var det bare å kvitte seg med stasen
og la vinden slite og rive i dei siste tølene
som var att .
----- Noko for på videvanke,
noko fekk dekke føtene
til vern mot frost og sno til vinteren.
Dei var alle nøgde kvar med sitt spel !

Ha ei flott helg folkens og som trønderane seier :
"Ittj fårrå nåless !"

mandag 13. oktober 2008

Haustfargar

Sorbus er ei planteslekt med flotte haustfargar her representert med S. koehneana -Kvitrogn som veks vill i Kina og S. 'Dodong' som kjem frå ei øy mellom Korea og japan som heiter Ullung-Do.
(Alle bileta i bloggen er klikkbare)


Herlig med fridag, særlig når kroppen ikkje vil vere med på det haudet mitt vil....
Her fortset det å pøse ned från ovan. Det har vore temmelig heftig med regn dei siste dagane og elvane går flaumstore i fjellsidene. (akkurat no høljar det så det sprutar ute !)
Då er det godt å ha rikelig ved og fyre godt i omnen og kose seg med div. hagelinkar på PCen slik eg har gjort no i morgontimane. Det førte til at eg meldte meg inn i Konnässörsklubben i håp om å finne spennande frø der.

Eg har ellers rydda litt i blogglista mi slik at eg finn att dei gamle dagbøkene frå hagegal, så- og plantelister m.m. med rette årstal.

Fredag var det såpass opphald ei tid på dagen at eg smaug meg ut med kameraet og tok mange haustbilder i hagen. Ellers vart det lite gjort.
Laurdag vart det heller ikkje gjort stort i hagen, jobb morgon og kveld , handlerunde og jebussfeiring av svoger /niese og dermed var meste av dagen oppbrukt.

Fekk forresten ein sekk og ei spann med olivinsand av svigerinne m. sambo som sat i bilen sin og venta på oss då vi kom heim frå jebussfeiring. Denne sanden kan eg bruke til innblanding i plantejorda, men fyrst må eg finne ut av kva plantar eg kan bruke den på.
Kan iallefall bruke den til ein del auriklar eg skal potte opp og overvintre i drivhuset, nokre av dei er showauriklar som eg ventar spent på kva blomster det er på. Alle desse auriklane er resultat av frø eg sådde i vinter, kjøpt frå Barnhaven..

I går var ikkje nett forma og humøret heilt på topp, og det vart ikkje betra av at når eg nettopp hadde sovna på sofaen så ringte det ei dame frå Norsk Gallup ....aaaaaargh.....!!!
Noko av det trasigste eg veit er å vakne av telefonen og så er det Norsk Gallup som ringjer.....
har mest lyst til å bare legge på då ..... men ein må jo prøve å vere litt "høflig" ....på liksom då !
Etter middagen og nesten sovneforsøk banka det på døra og då var det hyttenaboen som kom på besøk, men dette besøket fekk humøret til å snu - ho hadde namleg med seg ein pose med Primula denticulata som ho lovde meg i sommar. - JIPPI !!
Kuleprimula hadde eg mange av for ein del år sidan, men no hadde eg bare ein att.
Får sjå om det vert såpass veir idag at eg får sett dei ned.
Må uansett ut og grave opp ein svarthyll eller to som hyttenaboen skal ha.












Hostaplantane er for det meste blitt gule, medan det framleis er ein del staudersom blomstrar. Her ein flott Lewisia i fjellhagen.

Acer shirasawanum 'Aureum' og Amerikansk blåbær har og flotte haustfargar.

onsdag 8. oktober 2008

Tytebæret opp på tuva


"Tytebæret opp på tuva vaks utav ei liti von" ..... dette sitatet frå ein song vi lærte i songtimane på skulen kom eg ihug i ettermiddag då eg var på tyttebærtur i marka.
No er eg ein av dei som likar godt å komme meg ut i skog og mark enten det er på bærtur eller bare tur for turen si skuld, men idag vart altså 5 literen med meg og den var så godt som fylt før eg gjekk heimatt.
Har visst at det var godt med bær i marka i år, men av ymse årsaker har det ikkje vorte til at eg har gått på bærplukking tidlegare på hausten.
Tytebær likar eg helst å plukke for hand og bæra som veks i myrlendt terreng er mykje større og saftigare enn dei "på tuva" tykkjer eg !



Ein eller annan stad i "skriften" står det at det er ei tid for å hauste og ei tid for å så, men her trur eg Overgartnaren har teke seg vatn over haudet som serverer både bær og blomst samstundes. Det vert nok dårleg med pollinering og framvokster av "vona" på desse tytebærblomane no i oktober.




På bærtur har eg ikkje bare fokus på bæra som eg er ute etter, nei eg er like glad om eg får sjå ein av desse :










Eller ein av desse - undrar meg forresten på kva slags krabat dette vert når den vert vaksen ?








Sopp var det også i ymse variantar - her er ein av dei, for meg ein ukjent art.







Ellers var det nok ramnen som var mest forviten på kva eg styrte med der oppe i bakkane for det var stadig over meg to-tre av dei med sitt "korrp-korrp" - kansje den trudde eg flådde hjort eller noko slikt, det er jo tid for det no....




Ellers var det flotte fargar både på blåbærlyngen og på starret, mosen og på busker og tre.
Her eit parti blåbærlyng.

mandag 6. oktober 2008

Tur til Beitostølen

Fredags morgon la vi ut på turen til Beitostølen og feiringa av namnefesten til vesle Sander

Før vi reiste måtte vi ta bilde av det flotte hjertetreet (Cerciphyllum japonica) til naboen før vi drog. Den er planta i utakanten av den gamle gjødselkommen så den har hatt rikeleg med næringstilgang og er vorte stort og flott.








Slik kan det sjå ut ein vakker oktoberdag frå oppstigninga til Strynefjellet, her ser vi gardane på Skåre i Oppstryn



Heile vegen hadde vi vakre haustfargar på vegen, ikkje minst staselige gulblada bjørker og raudfarga rognar og alle andre nyansar i gult , grønt, orange og raudt. Dei vakraste bileta ligg på netthinna som varige minner.
Vi hadde fine vegar heilt til vi kom på Valdresflya, der møtte vi ein forsmak på vinteren med snøbyger og litt sleipe på vegane, men det var stort sett gode køyreforhold. Også på fjellet
viste haustfargane seg frå si beste side der snøfall ikkje hadde skjult alle fargane.

Etter at vi hadde innstallert oss på hotellrommet hadde besøk til helgas hovudperson hovudprioritet.











Her har besten fått "gullklumpen" på fanget.



Laurdag var det ein koselig namnefest for Sander med nydelig god mat og det som høyrer med.

Søndag morgon var overraskelsen stor då vi vakna, ikkje for at det var kvitt på bakken, men heile 25 cm låg det over alt - brrrrr....... og då vi skulle heimatt over Valdresflya viste det seg at der var det stengt pga uveir og vi måtte legge turen om Fagernes - Filefjell- Lærdal så det vart nokre mil lenger og nokre timar ekstra på vegane før vi kom oss heimatt.
Frå Fagernes og heim var det sort sett bare vegar og fine køyreforhold, bare litt snøsleipe på Filefjell.

Også i Sogn var haustfargane flotte, men å ta bilder i fart er ikkje alltid så lett så det vart ikkje så mange brukbare bileter av haustfargane.

Idag har eg bevilga meg ein avslappningsdag og det høvde bra for føremiddagen var det tett mellom regnbygene og enlkelte kraftige regnbyger var det og.
I morgon er det varsla fint veir, då må eg prøve å få gjort litt nyttig i hagen, har stauder ståande som skal plantast, løk skal leggast båd e hos meg og hos naboen...ja ja eg får sjå kor mykje eg rekk.
Seinare i veka er det varsla meir nedbør og til helga visstnok temmelig mykje.... ja ja bare det kjem ferdigmåka skal eg ikkje klage - vi har no hatt ein slik flott ettersommar og haust at vi må tole litt regn no.

fredag 3. oktober 2008

Soppflora og draum om fossefall






Det har atter vore nokre dagar utan nedbør, men eg har ikkje hatt anledning til hagearbeid desse dagane pga. masse anna etter jobb.
Det einaste hagearbeidet eg har teke meg tid til var plantepakke eg fekk frå akoen i går, dei plantane har eg midlertidig planta slik at dei klarar seg til over helga når vi kjem heimatt frå tur.
Vi reiser no i dag tidleg til Beitostølen der vi skal på namnefest til barnebarnet Sander.

Dei siste dagane har eg hatt med meg fotoapparatet og teke bilder av mange forskjellige sopp. Eg har ikkje så mykje peiling på sopp, men syns dei er spennande skapningar. Mange av dei er fargerike og lyser godt der dei står, men å plukke sopp til matauk har eg ikkje forsøkt meg på.
Ikkje veit eg om desse to eksemplara er matsopp, men flotte er dei i allefall.

Ellers kom eg over eit lite fossefall der eg tenkte - Oi dette hadde vore noke å ha i hagen, hadde det blitt woodland då !!
Det var lite vassføring denne dagen, så det grøne og frodige mosedekke på berget og steinane i elveleiet kom til sin rett.Når vi kjeme heimatt frå helgaturen vert det spennande å sjå om ein kjenner seg att i hagegalforumet som denne veka er under oppdatering og fornying. Det vert nok bra tenkjer eg .

Sidan vi reiser opp i vinterlandet har eg lagt om til vinterdekk, men dei eg har er utslitt så før vi startar på vegen opp mot fjellet må vi bytte dekk på Eid. Har sikra meg plass til det så det er jo ikkje så lenge gjort heller.

Ha ei fin helg - eg gled meg til å treffe att barnebarnet på vel 4 mnd.