mandag 21. november 2011

Bonusblomstring i november

Kvitbladtistel (Cirsium heterophyllum) - Hondeløfse er dialektnamnet på denne vakre tistelen som vanlegvis blomstrar i Juli-august. No har den teke seg på tak og remonterar i november.

******* ****** ******

Ja no er det lenge sidan eg har posta noko på bloggen min.
Denne sommaren og hausten har vore våt, våt og våt... men med november kom også mange fine dagar og temperaturen er for årstida svært behagelig. Nokre dagar har vorte utskjemde med tjukk skodde heilt i fjæresteinane og dei dagane har eg ikkje så mykje fysikk til å holde på i hagen.
Frosten er det knapt så vi har helst på. To gongar har eg skrapa is/rim av bilen og plengraset i hagen har bare såvidt vore rima eit par gongar. - Du verden kor flott når ein er komne til at vi snart skal starte på siste veka av november.
Eg kosar meg ute i hagen dei dagane eg er i stand til det.
Idag har eg reinska ugras i woodlandet i 10 varmegrader og heilt vindstille - ein heilt super dag!

I septiktankbedet mitt står fortsatt fuchsiane i blomst, og dei skal få lov å stå ute så lenge det ikkje er fare for skikkelig frost eller snø. Bare dei to stammefuchsiane mine har eg teke inn. Ikkje pga frosten, men pga. hjorten hadde lagt sin elsk på dei og friserte dei nokså bra så det var eigentleg lite å plukke vekk.








Rosa 'Queen Elisabeth' har eigentleg blomstra godt i heile sommar og haust til tross for mykje nedbør. Det er virkelig ei rose å anbefale på nedbørsrike stadar.
Også 'Golden Showers' og 'Symphatie' blomstra enno, men dei bileta vart altfor uklare til å ta med her...



Også Clematisane blomstrer flott no






Det er ikkje uvanleg at hageprimulane kjem med fornya blomstring om hausten, her er ein av dei


Doronicum er vanlegvis ein vårblomstrande plante, men denne har teke seg på tak og kjem no med ein blomst i slutten av november.


Hortensiane blomstrar enno, vakre bladfargar har dei og. Den rosa som eg fekk av naboen i fjor har eg ståande i ei potte og den skal inn når vinteren kjem for fullt. Neste år skal eg finne ein høveleg plass til den i hagen håpar eg...Den blå Hortensiaen kjem frå stiklingar eg tok med meg frå beplantinga ved Haukeland sykehus i Bergen for nokre år sidan. Dei har blomstra trufast her i mange år og er fine innslag når det meste har gjett seg med blomstringa om hausten.

Den kvite julerosa mi har starta blomstringa og stadfester at ringen er slutta, dei som har hatt sesongen sin er i ferd med den siste blomstringa si og dei som er på tur til ny blomstringsesong er igang med den.


PS! Alle bileta i innlegget er tekne den siste veka.

søndag 25. september 2011

Sommaren som rann vekk

Då er det vel på tide å blåse liv i ein altfor lenge "sovande" hageblogg.
Denne sommaren må eg innrømme at hagen har vorte forsømt, dels på grunn av helsetilstanden og dels på grunn av prioritering på andre områder.
Veiret denne sommaren har som alle veit vore mildt sagt våt og miserabel for ein hageentusiast og hagelysta har i stor grad vore fråværande, iallefall i periodar.

Store delar av sommaren har dette vore utsikta vår, noko som ikkje bidreg positivt til det helsemessige når ein plagast med muskel og sjelettplager:

Men inn i mellom har det vore små lysglimt som gjev grunn til optimisme også på veirfronten...





Vi bur ikkje slik til at vi ser solnedgangen, men vi har desto meir glede av fagre soloppgangar og særleg på denne tida på året kan det være svært vakre morgontimar å glede seg over dersom overgartnaren viser godsida til.



og når skyene etterkvart forsvinn skin sola og gyllar fjorden



Nokre få dagar har til og med vore retteleg så fine - her ser dåkke indre delen av bygda eg bur i - Davik


Alle bileta er tekne frå veranden vår no i løpet av September.

onsdag 29. juni 2011

Ting som skal kastast.....



Ting som skal kastast kan få eit fornya liv ved feks. å bli beplanta med nokre av dine kjære hageplantar. Sedum og takløk egnar seg særs godt å bli planta i små "konteinera" som det eg har gjort her.
Denne skoen har for lengst sett sine beste dagar som det den var tiltenkt, men med takløken og Sedumen som bebuarar vil den truleg fortsatt få nokre gode år som "pensjonist" i hagen til glede og munterhet for forbipasserande.
Sender ei takk til Mariann i Ulsteinvik som eg har snappa ideen frå. :-)



Her der det botnen på eit fuglebrett som er snudd "opp-ned" og beplanta med takløk og stein
Forhåpentligvis veks dei seg til iløpet av sommaren og fyller meir ut.


Denne flettakorga skulle kastast og kva er vel betre enn å få tene som prydobjekt på hagebordet til den vert så skral at den går oppløysing ?

søndag 26. juni 2011

Pionblomstring I


Her ein flott rosa silkepion frå "Strand" - ukjend sort, men flott likevel.....


No er silkepionane (P. lactiflora) komme i blomst og dei tre som er fyrst ute er 'Festiva Maxima', 'Shirley Temple' og ein ukjent rosa eg har fått frå "Strand" på hagegal.
Eg viser alle tre sortane i begynnande opning og i open blomst. Dei fleste silkepionane står med knoppar no i varierande utviklingsgrad.
Tom. dei eg kjøpte gjennom importen frå Kina i fjor haust har knoppar, og eg har ikkje hjerte til å plukke dei av sjølv om eg eigentleg burde ha gjort det dette fyrste året slik at dei fekk bruke all kraft til vekst og utvikling av røtene.



'Festiva Maxima' er flott med den raude stripa i senteret av blomsten




'Shirley Temple' har svakt rosa knoppar, som utsprotten er den svak rosa som går over i kvitt med gult senter....


Klosterpionane (P. officinalis) er snart avblomstra for i år, men dei har stått fint lenge sjølv om veiret ikkje har vore av det beste. Heldigvis har det ikkje vore mykje kraftig regn som har gjort ende på dei, og den kjølege temperaturen vi har hatt har gjort sitt til at blomstringa har vart lenge (aldri så gale at det ikkje er godt for noko!).

Her har vi 'Rosea Plena' og 'Rubra Plena' med dei siste blomane for i år....


Fargen på 'Rubra Plena stemmer ikkje heilt, men den rette fargen ser ein på biletet under som viser siste resten av ein avblomstrande 'Rubra Plena'

Alle Peonane gjev eg ein neve beinmjøl i planteholet + ei god dose hønsegjødsel i botnen med jord over før eg plantar dei. Det ser det ut til at dei set svært stor pris på og iflg. "Pionmannen" kan dei ikkje få for mykje kalk.

Seinare i sesongen vil eg komme tilbake med bilder av dei andre Silkepionane som kjem i blomst seinare.

søndag 19. juni 2011

Arisaemaen er i blomst


Idag vil eg vise bilder av den flotte Arisaemaen min som no står i blomst for fyrste gong. På norsk heiter den visstnok snabelkala utan at det er eit namn som er særleg kjent trur eg.
Eg har hatt den 3-4 år trur eg, men dessverre er merkelappen borte så eg er ikkje sikker på kva art det er, og ikkje hugsar eg kvar eg har fått denne lekkerbiskenen frå heller.
Den ser ut til at den trivs godt der eg har plassert den, i skuggen i jamt fuktig jord og den har fått rikeleg "heimeavla" hønsegjødsel å kose seg med, noko den ser ut til å setje stor pris på for i år har det poppa opp nokså mange skudd der den står. og den kvitterar med to blomster noko eg set veldig stor pris på.

Den var veldig vanskelig å fotografere så eg måtte ty til ei kvit papplate som bakgrunn for å få skikkelig fokus og få klåre bilder.
Nokon som veit om den godtek å bli flytta i vekstsesongen eller om eg må vente til tidleg vår med å flytte knollar ?

Så må eg vise den frodige og fine kvite valmuesøstera mi - Meconopsis betonicifolia 'Alba' - den veks seg større og frodigare for kvart år, den óg likar seg i jamt fuktig jord i skuggen.


Så må eg vise bilde av den flotte flekkmarihanda Dactylhorzia maculata - ein orkide som det veks nokså mykje av her i gamal eng. Flott hageplante er den og. Nydelig mønster når ein får studere den på nært hold. Den trivst best i lett sur jord og halvskugge

onsdag 15. juni 2011

Mine namnlause Hosta

Då skal eg presentere dei 12 namnlause Hostane mine. Dei er alle flotte sjølv om dei er namnlause, men det er eno kjekt å ha eit namn å forholde seg til, ikkje minst vet bytting eller om ein skal kjøpe nye og står og lurer - "hm... har eg den skal tru...?"
Kom gjerne med namneforslag om du har! ;)


'Blue Cadet'


War Paint



Den over fant eg namnet på sjølv : Hosta minor




'Fracee'


H. fortunei ' Albopicta'

'Thunderbolt'


H. undulata 'Mediovariegata'

>H. undulata 'Snow White'


Desse to under er nokså like, men er IKKJE samme sorten.... (Den eine kan være 'Gold Standard' og den andre 'Inniswood')