søndag 30. mai 2010

På hagevandring i Ulsteinvik



I går var eg med Eid Hagelag på hagevandring til Ulsteinvik. 14 damer og 2 karar samla oss på rutebilstasjonen i Eid og fylte opp 5 bilar.
Fyrste stopp var Tilseth Hagesenter mellom Volda og Ørsta.Der vart eg litt skuffa over staudeutvalget som interesserte meg mest, men i handlekorga kom det eit flott eksemplar av Prostanthera cruneata - Peppermyntebusk.


Fyrste hagen vi besøkte var hos Mariann Stranden. Ein hage med mange oppfinnsomme detaljar som f.eks skoen med takløk som stod plassert på toppen av portstolpen og baud oss velkommen inn i den spennande hagen.

Andre detaljar vi la merke til var takløkgruppa som hadde fått plass der ei grein på det gamle epletreet hadde måtte gje tapt for lang tid sidan og etterlete seg ei høveleg stor grop til at takløken hadde fått rotfeste - utruleg stilig!

Ellers var det stubbar etter forlengst nedsagde tre som hadde fått "gjenbruk" i form av beplantning med både takløk, skyggesildre og Smørkrossblad (Chiastophyllum).......


Trekasser med dekorstein og takløk - nytt liv til gamle trekasser som ellers hadde gått på jonsokbålet.

Det var mange detaljar å studere og diskutere i beda til Mariann.

I dette bedet hadde ein gamal kløyvd slipestein fått gjenbruk og gav fint selskap til Lewisiaen som var planta der.


Så var det matpause, med loddsalg, utloddning og god prat i det fine veiret.


Etterpå var vi innom Ulsteinsvik sentrum og "Krukkehagen" før ferda gjekk vidare til hagane til Oddbjørg og Terje Haddal som låg side om side eit stykke unna.


Det var mange Rhododendron i hagen til Terje Haddal, både store og små, tidlege og seintblomstrande, vintergrøne og bladfellande (azalea)
Haddal fortalde at han gjer seg flid med preparering av Rhododendronbeda og blandar inn barnåler, bark og sand for å få den rette konsistens på jorda. Armen skal kunne stikkast ned til albogen før han vert førnøgd med planteplassen.

Her ein gulblomstra Polygala

Ein Axorellaplante dekker ei heil skråning og rammar fint inn teintrappa .

Haddal hadde fleire artar Daphne (Tysbast) som var flotte.

Denne Rhododendronen i hagen til Oddbjørg Haddal syns eg var ekstra fin og kom på ynskjelista mi.

Denne aurikkelen vaks i eit av beda til Terje Haddal. Nydelig eksemplar med ein spesielt kompakt vekst og reint gule blomster. Stor var gleda då Mariann fekk eit eksemplar med seg heim - og tenk: ho var så generøs at ho delte den med meg -Tusen takk Mariann! :-)


Takk til alle deltakarane som var med på hagevandringane denne laurdagen og ei ekstra stor takk til dei som tok imot oss som vertar og baud oss inn i dei innhaldsrike hagane sine.

Alle bildene er klikkbare!

onsdag 26. mai 2010

Ååååå...... nei men kva er det eg fant ?


I heile vår har eg gått og sett på noko som skulle ha vore ordna opp i hagen. Invaderande plantar som tek kontrollen på alt og alle rundt seg, men eg har kvitt meg på å gå igang med for eg reikna med at det var ein forholdsvis omfattande jobb med tanke på den fysiske stand eg er i for tida.
Vel, idag fant eg ut at eg ikkje kunne ikkje utsette det lenger skulle dei ikkje spre seg enno meir og invadere fleire andre plantar.

Oppgraving, deling og separering tok si tid, men så skulle arealet klargjerast og preparerast for nye plantar og då måtte jorda vendast med greip både ein gong og to og uønskte røter lukast vekk.



Lange underjordiske røter som måtte lukast ut om eg skal leppe å få nye skot opp overalt........


Der er det visst to rotendar til som må gravast opp... best å bruke greipa så eg får dei heile opp ...

Nei men........ ka er det eg ser .... hææææ ...ein baby???????

Er det ein av dei "underjordiske" skal tru...??
Nei skal ikkje dei være grå då ?....blå auge har han og... DET har han iallefall IKKJE etter meg.....


Ja..... jau... eg trur kansje at det kan være ein av desse små grå eg har vore så uheldig å få på greipa..... hjelpe meg ka kan DET føre til av reaksjonar - tenk om det er sjølve tuftekallen eg står med mellom hendene ?
Hjelpe og trøste oss......... no vert det sikkert både missvekst og pestilense i hagen i lange tider!




Som babyar flest måtte han no vaskast , det viste seg at det var ein gutebaby og når eg likevel var igang med vatn vart han likegodt døypt med det same så skal ikkje dei underjordiske ha makt over han meir...... Og namnet er sjølvsagt Jorulf.

tirsdag 25. mai 2010

Aurikkelsamlinga mi

No er aurikkelblomstringa på det flottaste her i hagen min og eg vil vise dei sortane som har komme i blomst til no.
Nokre av desse har eg hatt i mange år, fått litt etter litt frå andre hageeigarar i området.
Nokre har eg bytta til meg frå andre aurikkelsamlarar og hageGal-medlemmer.
Og nokre har eg sådd sjølv. Ein del av dei siste blomstrar for fyrste gong no og det er alltid spennande når nye eksemplar kjem med blomster - har den ein farge eg ikkje har frå før ?

Nyleg planta eg ut "ein heil koloni" med auriklar som var sådde i fjor. Dei vert det spennande å til neste år kva sortar det er og er eg heldig kjem nokre av dei med blomster alt til hausten.
Eg trur aurikkelen er den planten eg set aller mest pris på i hagen min ilag med dei andre Primulane.

Eg trudde eg skulle klare å arrangere dei pent og pyntelig ved sida av kvarandre så det såg ryddig ut i bloggen min, men den gang ei..... det vart eit "rot i hop" dette, men det får våge seg - no gadd eg ikkje meir triksing og flytting, det vert aldri slik eg har tenkt likevel. Det viktigste var tross alt at eg fekk samla alle variantane i eit innlegg mest for min eigen del.

Pinsa er over og her hos oss var det kaldt veir med skodde i fjellet med litt regn ig yr av og til. Idag er det same veiret, men i tillegg snøar det ned på 5-600 meter vil eg tru ...brrrr ... får håpe det er vinteren som ristar av seg den siste frustrasjonen iform av "Pinsrida" som er årviss.















lørdag 15. mai 2010

Award


Denne pokalen har eg fått som award fra Berit http://beritshage.blogspot.com/ - Tusen takk til deg! :)


Denne utmerkinga går ut på å svare på sju spørsmål om hagen din og samtidig sende den vidare til 7 nye bloggarar.

1. Hvorfor hager du ? - Eg kan ikkje tru anna enn at det er medfødt, som smågut rappa eg erter frå kjøkkenskuffa til mamma og planta ute rundt eldhuset, og lagde meg små "potetåkrar" i alle hemmelighet - det var min fyrste hage!

2. Hva hadde du sagt eller gjort dersom du kom hjem fra ferie og fant ut at en "reality"-serie fra TV hadde omkalfatret hagen din ?
- Det kjem an på kor omfattande "skadene" var - hadde dei fjerna plantane mine hadde eg vorte temmelig forb..... (dei som kjenner meg godt hadde gått i dekning..... hehe)!!!!!!!

3. Hvilken plante begjærer du aller mest - hvilken er på sikletoppen akkurat no ?
- Hmmmm....det var vanskelig, det er mange det! Ein av dei som står høgt på lista er "Magnar sitt hagetroll" - Eriophyton wallichii.
4. Hvilken plante er du hittil blitt mest glad over å se igjen over vinteren ?
- Oi, det var virkelig vanskelig....

5. Hva har du i drivhuset ?
- Av ting eg dyrkar i drivhuset er to drueplantar, så er der mange prikleplantar av stauder som var sådde i fjor, nyprikla blåveis i nokså stort antall og div. liljer i potter.
Snart skal tomatplantane inn.

6. Hva er det mest plagsomme du har i hagen og hvorfor ? - Det må være Hagedjevelen (Skvalderkål, hanefot m.m.) som har vore i hagen her sidan forrige eigar. Den driv eg kontinuerlig krig mot der eg ikkje aksepterer at han er. Der eg ikkje har bed let eg han bare få holde på ....

7. Hva er det du er mest stolt over i hagen ?
- Det og er vanskelig å velge, men eg trur det må være den flotte gullregnen som veks seg stadig større og flottare for kvart år. Eit høgdepunkt i hagen når den står i blomst.

Då kjem eg til det mest vanskeligste - å velge ut sju nye som fortenar å bringe pokalen vidare.
Det er jo så mange flotte og interessante hagebloggar frå heile landet så kva skal ein velge ?
Mange har vel alt hatt den og, men eg får bare velge ut sju utan hensyn til kven som har fått pokalen før - ein vandrepokal kan som kjent vinnast fleire gongar ;)
Rett frå min grunne hukommelse listar eg opp følgande sju bloggar i alfabetisk rekkefølge:

- Elsas blogg - alltid kjekt å følge med på årets gang i den rikholdige hagen til Elsa. Kjekke er også innlegga hennar om gamle merkedagar og gamle veirmerke.

- Lene i Fredrikstad - Flott blogg som alltid er interessant å sjå innom kva som rører seg i hagen og kompostbingen til Lene.

- Mariann (Sunnmørshagen min) - Frisk og fin blogg med mange flotte bilder til inspirasjon og glede.

- Mari_ (Bakkane): Fin blogg der ho fortel om både hagen sin og hønseflokken sin to interesser vi har felles.

- Miamaria (Hagedagblogg) - Ein blogg som er verdt å ta turen innom kvar gong - alltid noko interessant å finne der og !

- Potentilla (Småsnutter fra et ugressparadis) : Frisk blogg der ein som regel får opne latterdøra av eit eller anna friskt innspel.

- Primula's hage Flott blogg som fortel om hagedyrking i Troms. Gled meg til dei mange flotte hagebilda når våren kjem der nord! :)



Då vil eg ynskje alle ei god langhelg og ein god 17. mai !

onsdag 12. mai 2010

Hagelagstur til Ole Jonny Larsen i Ålesund

Ein vintergøn vekst ifrå New Zealand - Aciphylla alpina - den hadde lange nåleliknande blad som var nokså kvasse i enden.



Søndag den 9. mai var eg ilag med Vågsøy Hagelag til Ålesund på hagevandring i hagen til Ole Jonny Larsen. Han er godt kjent blandt hagefolk som samlar av Rhododendron og barvekstar og har ei imponerande samling av Rhododendronartar frå dei som bokstavelig talt er krypane til dei som strekker seg fleire meter til veirs.På grunn av den kalde våren var det lite som var i blomst i hagen akkurat no - normalt var det mangt som skulle stå i full blomst på denne tida, men naturen styrer den slags der som over alt ellers.Ein engasjert og kunnskapsrik vert tok i mot oss i det kalde vårveiret og tok oss med på rundtur i hagen som var på 2 da (eller var det 2,5 da ?), inkludert lånt areal m.a frå kommunen som han har fått disponere.



Rhododendron pachysanthum var imponerande flott med sitt filtgrå belegg på blada. Ellers hadde han feire sortar med gulbrunt filt belegg på baksida av blada.
Variasjonen av artar var stor frå minimini til artar med kjempestore blad.

Ole Jonny Larsen ynskjer alle velkommen til samlarhagen sin. På veggen til høgre (utanfor bildet) hadde han eit imponerande espaliertre truleg epletre som eg gløymde å ta bilde av dessverre - det var flott!!!
Han sår og stikk plantar sjølv og produserar ein masse plantar frå importerte frø - noko kjøpt og noko i bytte med andre samlarar. Sjølvsagt bytter han plantar og frå andre Rhododendronsamlarar rundt i verda.
Arboretet i Bergen er ein av mottakarane hans, og han kunne fortelle at dei har alltid fyrstevalget når han legg ut plantelistene sine av dei plantane han har overskot av.


Her har han eit bed med diverse bartre, mange av dei frå New Zealand. Filosofien hans er den at han plantar tett og så skal plantane få stå der til dei vert for store, deretter flyttar han ut eller skjær vekk dei som "har gjort si teneste".


Viburnum x bodnatense blomstrar på bar kvist og strakte seg fleire meter oppetter husveggen

Denne Rhododendronen blomstra høgt der oppe... R. oredoxas var . fargesii var ein av dei få som blomstra då vi var der.

Rhododendron platypodum - vakre blad, ein treng nesten ikkje blomstre når ein ser slik ut .......

Over alt var det store eller mindre plantefelt, med mange spennande plantar i - eg trur vi kunne ha gått rundt i den hagen ein heil dag og heile tide funne noko spennande nytt.

Han fortalde at plantesamlinga hans starta med stauder for over 20 år sidan og har vore gjennom mange fasar - no er dei fleste staudene vekk til fordel for bartre og Rhododendron, men fortsatt fant vi nokre stauder som han hadde:

Celmisia spectabilis - ei staude frå New Zealand . Den held seg som fin rosett heile vinteren igjennom - dekorativ og flott.


Kvit nyserot - Veratrum album - ei kraftig staude som veks vill i Finnmark.



Lysiciton americanus - ein sumpplante han hadde ståande i kanten av dammen sin. Utruleg flott i blomst og etter blomstring overtek store blad utover sommaren.
Ein skikkelig sikleplante og eg er så heldig at eit par dagar før hagevandringa i ålesund hadde eg fått avtale om frøplantar av nettopp slike plantar frå einannan kant av landet. Det vert stas.

Etter omvisninga kunne vi få kjøpe av hans eigenproduserte plantar, men då løyste det seg ei kraftig byge med tjukt sludd så eg trur dei fleste fekk frosten i seg i griseveiret. Dei fleste let no likevel veir være veir og sikra seg nokre godbitar frå salgsborda han hadde sett opp.

Sjølv kjøpte eg ein Sorbus reducta - ein liten rogn som bare vert ca 1/2 m høg med rosa bær.
Ein Rhododendron mekongensis og ein R. pereclymenoides begge bladfellande og lave artar.

Etter besøket hos Larsen i Spjelkavik var vi innom Viddal Gartneri der eg m.a kjøpte meg ein reint kvit aurikkel som eg ikkje hadde frå før + nokre andre.
Så gjekk turen til Plantasjen - der var veiret så SURT at eg ikkje orka å gå å sjå på utearealet deira, men eg fant no litt likevel, m.a. Bycobact-gjødsel eg skal ha til blåveisbabyane mine!!!

Takk til Vågsøy Hagelag som inviterte med deltakarar frå nabohagelaget og på turen !