tirsdag 25. mai 2010

Aurikkelsamlinga mi

No er aurikkelblomstringa på det flottaste her i hagen min og eg vil vise dei sortane som har komme i blomst til no.
Nokre av desse har eg hatt i mange år, fått litt etter litt frå andre hageeigarar i området.
Nokre har eg bytta til meg frå andre aurikkelsamlarar og hageGal-medlemmer.
Og nokre har eg sådd sjølv. Ein del av dei siste blomstrar for fyrste gong no og det er alltid spennande når nye eksemplar kjem med blomster - har den ein farge eg ikkje har frå før ?

Nyleg planta eg ut "ein heil koloni" med auriklar som var sådde i fjor. Dei vert det spennande å til neste år kva sortar det er og er eg heldig kjem nokre av dei med blomster alt til hausten.
Eg trur aurikkelen er den planten eg set aller mest pris på i hagen min ilag med dei andre Primulane.

Eg trudde eg skulle klare å arrangere dei pent og pyntelig ved sida av kvarandre så det såg ryddig ut i bloggen min, men den gang ei..... det vart eit "rot i hop" dette, men det får våge seg - no gadd eg ikkje meir triksing og flytting, det vert aldri slik eg har tenkt likevel. Det viktigste var tross alt at eg fekk samla alle variantane i eit innlegg mest for min eigen del.

Pinsa er over og her hos oss var det kaldt veir med skodde i fjellet med litt regn ig yr av og til. Idag er det same veiret, men i tillegg snøar det ned på 5-600 meter vil eg tru ...brrrr ... får håpe det er vinteren som ristar av seg den siste frustrasjonen iform av "Pinsrida" som er årviss.















16 kommentarer:

Iris sa...

Så mange flotte du har!

alexia sa...

Nydelige aurikler Hajal :)

Tove sa...

Du begynner virkelig å få en flott samling aurikler nå :-)

RandiF sa...

Litt av ei samling. Nydelige.

Elsa sa...

Herlighet så mange fine auriklar du har.
Pinseria slo til her også. Det var trist å se all nysnøen i fjella i dag tidlig.
Skal vi håpe på varmere tider nå?

Irene sa...

Fantastisk flott med så mange forskjellige aurikler. Ekstra hyggelig med alt som blomstrer nå.
Tror jeg må löpe og kjöpe jeg også.

Røsslyng sa...

Ojojoj, det var litt av en samling.
Mye vakkert :)

hajal. sa...

Takk for det alle saman! :)

Skulle bare ynskje at dei hadde lenger blomstringstid....
No har kraftige og kalde regnbyger alt klart å legge ein dempar på blomstringa denne våren. Mange av blomstrane fekk seg ein kraftig styrt i går og ser ut deretter... :(
Får håpe på ei flott remontering til hausten då.

Ah09 sa...

Sååååå nydelige :D

New Dawn sa...

Så mange flotte aurikler du har. Jeg byttet til meg noen i fjor høst som er på vei til å blomstre nå. det ser ut til at det er tre forskjellige, håper jeg.
Kommer de igjen til høsten også???
Så bra da :-)
jeg surre litt med de botaniske navna på de forskjellige aurikler/primula, hva heter disse?

hajal. sa...

New Dawn:
Dette er hageauriklar
(Primula pubescens).
Hos meg kjem nokre av dei att med eit lite flor dersom hausten er mild, men ikkje slikt flor som om våren.

Berit sa...

Så mange fiiiine! :D
Jeg har også problemer med bildeplassering i blogspot. Jeg bruker mest mac, så jeg vet ikke om noe redigreringsprogram å lage innelgg i. Men dette ble da bare kunstnerisk og fint, synes jeg!

ToneM sa...

Her var det mange vakre aurikler! Ei flott samling!

Merete sa...

Så mange fine du hadde:-) Du har en god del som jeg ikke har:-) Hvor sa du at du har fått tak i dem? Jeg fikk tak i en del i fjord som jeg ikke hadde fra før. Gleder meg til de kommer opp i år. Er de fineste blomstrene jeg vet:-)

hajal. sa...

Hei Merete.
Mange av desse auriklane har eg bytt til meg frå andre hagegale, nokre har eg fått i distriktet her og mange har eg sådd sjølv. Det er igrunnen det mest spennande, då kan det dukke opp kva som helst når blomstringa startar. ;)

Merete sa...

Ja, ikke sant:-) har ikke prøvd å så stauder selv, men kanskje jeg burde prøve det. De som jeg har trives veldig godt her nord i Lofoten. Jeg skal dele en del av de jeg har, så får jeg glede av dem andre plasser i hagen. Ha en fin vår:-)