mandag 30. mai 2011

Dei fem vakraste akkurat no

I hagebloggen Hildeoghagen vart vi oppfordra til å vise dei fem vakraste i hagen akkurat no - ei vanskeleg oppgåve for dei er alle vakre kvar på sitt vis med sitt særpreg. Så kven skal vi sette att..? Hmm...

Eg får starte med den rosa Hageazaleaen utan namn som har ein farge som er vanskelig å kombinere, difor er den store kjeglegrana til høgre og Rhododendron 'Baden Baden' som vi skimtar til venstre gode naboar.



Meconopsis 'Lingholm' har ein klar og fin blåfarge og no har vi hatt akkurat slikt veir denne likar dei siste 14 dagane, med kjølig og fuktig veir. Syns det var artig med regndropane som skin igjennom kronblada.

Så syns eg at Lewisia må få være med i utvalget. Bare ein liten lomme med jord som er pressa inn mellom steinane er alt dei har å klore seg fast i, men trufast takkar dei for plassen eg har tildelt dei med fager blomstring.


Så er det denne kombinasjonen her som eg syns er like vakker kvart år. Acer palmatum 'Stella Rossa' og Hosta tardiana halcyon


Til slutt ein eg har vist bilder av mange gongar, det er Hosta 'Remember Me' den syns eg bare er heilt knakande flott!

søndag 29. mai 2011

Endeleg har eg igjen fått kontakt med min eigen blogg og fått logga meg inn. Nokre dagar no i det siste har bloggtilgangen vore blokkert på eit eller anna vis så ikkje har eg fått logga meg på eigen blogg og heller ikkje fått lagt inn komentarar på andre bloggar. Ikkje var det hjelp i å pønsje inn passordet sitt på nytt heller det virka ikkje/vart ikkje godkjent så då var det bare å håpe at det retta seg med tida.

Parasollblada var store og flotte, men kraftig vind og slagregn har dessverre gjort at dei ser ikkje slik ut lenger. "Skjorteknappane" begynnte blomstringa like før 17. mai og står fortsatt i fin blomst under det misnt 50 år gamle morelltreet.


Aquilegia flabellata nana blomstrar rikt samtidig med auriklane. Auriklane er nesten ferdigblomstra, men akeleia fortset blomstringa ei stund til.



Veiret deen siste tida har vore kaldt og ufyselig og lite innbydande til hagestell. Litt ugrasreinsking har det vorte inni mellom, men eg ligg som vanleg godt på etterskot.

Den fylte soleihoven (Caltha palustris 'Multiplex') blomstra overveldande i vår, men no er den snart heilt avblomstra. Den likar tydeligvis den fuktige og litt kraftige jorda der den er plassert.

Den vesle mini-akeleia Aquilegia canadensis nana passar fint i fjellhagen.

I fjellhagen lyt eg nok til med supleringsplanting då det er ein del som har gått ut iløpet av vinteren.

I woodlandet har det meste klart seg over vinteren og spesielt glad er eg for at denne har klart seg så godt. Acer japonica 'Orange Dream' . Bare litt tilbakefrosen i toppane og det må ein bare reikne med ein slik frostvinter.

Nydelege bladfargar både vår og haust.

Kusymrene har blomstra frå seg for i år. Ofte er dei litt vanskelege å fange rette fargen på, dei har lett for å bli altfor lyse på bilda, men her ser det ut til av eg var heldig med knipset.

Meconopsis quintuplinervia har blomstra ei heil stund og sender stadig ut nye utløparar, her har den selskap med vanleg kvitveis.

lørdag 14. mai 2011

Aurikkelblomstringa er på høgda no









Aurikkelblomstringa har halde på ei stund no og eg går og beundrar dei og snusar inn den deilige lukta frå desse blomstrane som er så vakre. Eg veit ingen blomster som har ei så god lukt som auriklar. Etterkvart har eg opparbeidd meg ei rekke fargevariantar ved plantebytte og mange har eg sådd sjølv både av eigen avl og kjøpte frø. Spennande kvart år å sjå om det er nye variantar som dukkar opp.


Som før fortalt har hjorten teke seg av begrensinga av nye variantar dette året så det er ikkje så mange nyerverv å sjå fram til som eg hadde planlagt, men eg får så på nytt til hausten igjen og håpe det beste. Dei skal eg iallefall prøve å beskytte så godt eg kan mot hjortehordane som heilt sikkert dukkar opp att når kveldane vert mørkare på seinsommaren og utover vinteren.




God helg til alle aurikkelelskarar og alle andre! :)

torsdag 12. mai 2011

Årets fyrste Peonen i blomst



Så er den fyrste peonen i blomst. Eg har mista namnelappen så eg er ikkje sikker på kva det er for ein art, men det er ein frøsådd sak. Truleg er det Paeonia veitchi, men eg er ikkje sikker for denne er bare ca 50 cm høg og den andre eg har som eg veit er P. veitchi er 70 cm høg. Eg veit ikkje om den arten kan variere så mykje i høgde. No er riktignok den lave 4-5 år yngre så det kan no ha litt å seie også. Dessutan syns eg det er litt forskjell i bladverket og, men det og kan ha litt med alder å gjere.

På biletet under ser vi den eg veit er P. veitchi som eg fekk som liten frå Toveve på hagegal for nokre år sidan og den har vakse seg jamt og trutt større og kraftigare for kvart år og i år kan eg telle 32 blomsterknoppar som no er begynnt å vise farge.


I år er det for fyrste gong knopp på Svovelpeonen (P. mlokosewitchi) også, frøsådd og etter det eg har forstått kan den variere litt i farge så den er eg spent på, men det tek ei god stund enno før den viser farge.

Det mest gledelege er at alle peonane eg kjøpte ved Kinaimporten i fjor har klart vinteren og er i god vekst. Dei var litt seine før dei begynte å vegetere så eg var litt i stuss om dei kom igjen i det heile.

Ein annan spennande Peon er den frøsådde trepeonen eg fekk frå Bina på Hagegal for nokre år sidan. Til no har den bare stått der og ikkje blomstra, men i år er det masse knoppar på den. Eg flytta den tidleg i vår og det ser den ut til å ikkje ha teke skade av heldigvis.

Så vil eg vise bilde av den flotte japanske lønnen min med namnet 'Orange Dream' nydelig bladverk både vår og haust.

Her er dei nye blada i ferd med å folde seg ut.....


No er dei pålag fullt utvikla flotte blad og flotte fargar....

Så litt på avstand så ein ser forma på busken. Ein slik lønn får plass sjølv i ein svært liten hage.