onsdag 31. desember 2008

GODT NYTT ÅR!

Så er atter eit år til ende - eit år med mange gleder både i hagen og i livet ellers for min del.

For hagen sitt vedkommande er eg godt fornøgd med enkelte ting eg har fått utført.
Woodlandet eg starta på i fjor har eg forandra litt på og den store invisteringa der var Sorbus 'Dodong' som eg var heldig å få tak i.
I sommar fekk eg begynnt på oppbygging av ein fjellhage. Har tilkøyrt mykje stein og planta ein heil del alpine plantar som eg håpar overlever den fyrste vinteren.
i steinfyllinga under/nedanfor rekkverket til kommunevegen held eg på å etablere eit lyngparti og har planta ein del Calluna og Erica og frå før har eg nokre Hebe ståande der. Om nokre år håpar eg det skal bli ei pen steinfylling.

Den siste veka har eg teke juletrimmen på det viset at eg har hogge ved.
Nedanfor eigedomen vår står det ein heil del store tre som har stengt for både utsikt og lys til eigedomen vår. Med nye eigarar som naboar var det ja utan betenkningstid ved spørsmål om løyve til å hogge det som skygger og stenger for utsikta. Bare hogg det du vil, var svaret.
Veden får eg og, så eg reiknar med at eg no høgg ved for minst to fyringssesongar.
Gjett om DET var ei god julegåve å få !
Før- og etterbilder kjem eg attende til når eg har hogge så det monnar.

I familiesamanheng er det dei to barnebarna våre som no er 8 og 8 1/2 mnd gamle som er det dette heilt store dette året for oss. Det å bli Besten var ei ny oppleving for meg og ei stor glede.
Denne jula har vi vore så heldige å ha dei hos oss begge to, ei stor oppleving må eg seie med mykje glede i huset.
Idag tok vi dei med i hønsegarden så karane fekk helse på høner og hanar og det såg ut til at det var spennande saker, iallefall når hanen sette i eit skingrande kykkelikyyyy og hønene sprang etter brødskalkane vi delte ut til dei.



















Idag fekk eg den omreisande frøboksen i postkassa, men den må nok få kvile til i morgon då skal eg ha ei høgtidstund med frødykk i "arkivet" !
Ellers har eg sete litt i jula med frølister både frå STA, Dansk Primulaklubb og Euroseeds så det vert nok ein god del nye frøsortar som ankjem postkassa mi på nyåret ein gong.
Det er jo så mange slags plantar ein ikkje veit at ein manglar før ein finn bilete av dei på nettet (hi hi)!

Idag tok eg meg ei runde med fotoapparatet og foreviga Helleborus og Primula i blomst, vakre blad på Heuchera og nokre av krokusane som er på veg opp. Det eg gløymde var callunaen som har stått så fint og blomstra i steinurda sidan i oktober og er akkurat like fin enno.











Så vil eg få takke alle hagegale for eit inspirerande år, alle eg har bytta plantar og frø med for eit godt bytte ( med varige gleder) og alle som har vore innom bloggen min og lagt att kommentarar for eit hyggelig og kjekt år. Skal nok prøve å oppdatere bloggen min jevnlig i det nye året, og fortelle om det som rører sdeg både i hagen min og ellers det som opptek meg !

Då står det att å ynskje alle EIT GODT NYTT ÅR !

onsdag 24. desember 2008

GOD JUL !



Eg ynskjer ei riktig GOD JUL til alle !


Eg kosar meg med desse to karane her som tar det meste av tida mi no med jul !

lørdag 20. desember 2008

Å vere Besten og juletrehoggst



No har eg fått vore Besten for Mikael (8 mnd) sidan mandag og det er stor stas.
Sidan dei bur i Turku (Åbo), Finland er det ikkje ofte ein får vere Besten i praksis naturligvis.
Eg henta dei på Sandane lufthamn sist mandag og det var naturligvis stor gjensynsglede for begge partar. Dei skal vere hos oss heilt til 13 januar så vi får no kose oss i lag ei god stund.
Han er stort sett ein blid og fornøgd gut. Tilfeldigvis har eg funne ut at han er veldig glad i jodling og tirolermusikk så det er eit godt middel når guten treng trøst av ein eller anna grunn.
Han vert heilt andektig når eg finn tirolermusikk på YouTube som på biletet under.
Han krabbar rundt i full fart og kjem seg stort sett der han vil og eg vil tru at iløpet av den tida han skal vere her hos oss tek han dei fyrste stega. Det er iallefall moro å følge med på utviklinga.

Idag har Mikaels mamma og pappa vore med meg i skogen og hogge juletre. Heldigvis var det barmark så vi slapp å vasse over støvlane i snø i brattebakkane så det var no kjekt. Vi fekk forøvrig ei skikkelig hagskur og ei våt og saftig sluddbyge då vi skulle til å hogge men vi var godt kledde så det prella av oss.










Hannu sagar årets juletre.















Her er to stolte juletrejegerar















På mandag kjem det meir julegjestar, då kjem Sander, det andre barnebarnet vårt med mor og far og sidan det bare er fem vekers aldersforskjell på dei to gutane vert det moro å sjå kor fort dei finn tonen som syskenbarn, dei har jo ikkje sett kvarandere tidlegare heller.
Den yngste dattera med sambuar kjem på julafta og mine foreldrer skal og vere ilag med oss på julekvelden så då vert det fullt hus med 4 generasjonar i stova rundt middagsbordet og utover kvelden.

Ellers fekk eg to frøkatalogar i posten idag, den eine ei tilleggsliste frå Leüthens og den andre frå Konnässörklubben som eg hadde heilt gløymt av at eg hadde meldt meg inn i (rødme). Den siste har eg såvidt kikka litt i og der er det mykje snacks ser eg, masse løkvekstar, stauder og busker som vekker interessa mi så det går nok heilt sikkert ei bestilling der og.


På torsdagskvelden var eg på "Dampen", restauranten i bygda på julebord med masse god mat ilag med andre medlemmer i styret for utviklingslaget - ei trivelig stund.

I morgon er jo den stooore dagen for oss som lengtar etter lysare tider. Då snur nemleg sola som vi seier og vi kan bare begynne å sjå fram til at dagane lengnar og det går mot vår.


Ynskjer alle ei god førjulstid desse få dagane som er att til julekvelden, det går fort no men vi er stort sett ferdige med både julegåver, kakebaking og andre forberedingar, så no er det stort sett bare kosen framover.

søndag 14. desember 2008

Frøsådd 2008 / 2009

Sådd 11.02.2 009
Frø frå STA og Dansk Primulaklubb.

Androsace brevis (STA)
A. carnea v. brigantica (STA)
A. halleri (A.carnea ssp. rosea/A. c. v. halleri) (STA)
Cortusa altaica (STA)
C. matthioli 'Alba' (STA)
C. matthioli ssp. pekinensis (STA)
Draba aizoides (STA)
D. dedeana (STA)
D. fladnizensis(STA)
D. haynaklii (STA)
D. lasiocarpa (D. aizoon) (STA)
D. korabensis (STA)
Fritillaria imperialis 'Rubra' (STA)
F. imperialis v. inodora (F.eduardi)(STA)
Primula aurantaica (DPK)
P. burmanica (DPK)
P. chionantha, kvit (DPK)
P. chionantha ssp. melanops (P.melanops)(STA)
P. chionantha ssp. sinopurpurea (DPK)
P.elliptica (DPK)
P. grandis (DPK)
P. mistassinica (DPK)
P. modesta (DPK)
P. mollis (DPK)
P. muscarioides (DPK)
P. polyncura (STA)
P. prolifera (DPK)
P. x pubescens, bl.fagar (DPK)
P. pulverenta (DPK)
P. rysbyi ssp. elleisiae (P. elleisiae) (STA)
P. wilsonii var. anisodora (DPK)
Saxifraga cochlearis (STA)
S. granulata (STA)
S. hirsuta (STA)


Sådd 01.02.2009:
(Alle frå Euroseeds)

Androsace dasyphylla
A. sarmentosa
A.sempervivoides
A. spinulifera
Corthusa brotherii
Draba hispida
Eriophyton wallichii
Fritillaria drenovskii
F. gracilis
Pulsatilla albana
Saxifraga kartalaginea
S. ferndinandi-coburgi
S. scardica


Sådd 22.01.2009:

Allium aflatuense ' Purple Sensation' (Trine)
Androsace carnea (Timian)
Aquilegia buergeriana var cameo (Rita)
Buddleja alternifolia
Camassia, blå (ToneM)
Clematis macropetala 'Markham's Pink'
Fritillaria meleagris (eigen avl)
Me
conopsis betonicifolia, blå valmuesøster (eigen avl)
M. quintuliplinervia, Klokkevalmue ( eigen avl)
Onopordum acantium, Eseltistel
Primula concholoba (eigen avl)
P. heucherifolia (eigen avl)
Pulsatilla alpina ssp. apiifolia
Rhodiola atropurpurea, Raud rosenrot
Rudbeckia occidentalis 'Green wizard'
Tulipa urimensis (eigen avl)

Rhodociton atrosanguineum - BLODBEGER.


Sådd 20.01. 2009:

Caltha leptochepala
Helleborus atropurpurea
helleborus foeditus
Helleborus niger
Liatris spicata 'Kobold'

Alle sortane låg til bløyt i lunka vatn med oppvaskmiddel på termos
i ca. 2 døgn

Frå "Den omreisande frøboksen - 2007/2008 "
(som kom så seint at eg gøymde frøa til hausten)

Aquilegia X hybr. 'Blue Bonnets' s. 08.12
A. 'Heidi' s. 08.12
A. 'Mc Kanas Giants' s. 08.12
A. 'Nora Barlow' s. 08.12
A. caerulea 'Rotstern' (Himmelakeleie, raud /kvit) s. 08.12
A. 'Ruby Port' s. 08.12
A. x hybr. 'Spring Magic' s. 08.12
Cardocrinum giganteum s. 08.12
C. glehnii (C. cordatum v. glehnii) s.08.12
Carex pendula (C. capillaris) s. 08.12
Clematis heracleifolia s. 08.12
C. potaninii s. 08.12
C. tangutica 'Radar Love' s. 08.12
Dictamnus albus 'Albiflorum' (Kvit Askrot) s. 08.12
Kolkwitzia amabilis s. 08.12
Syringa reflexa s. 08.12
Viola soronaria 'Alba' s. 08.12

Frå STA sitt tillegssal våren 2008:
(som også var så seie at eg gøymde dei til hausten)

Adonis vernalis s. 08.12
Erigeron alpinus s. 08.12
Gentiana makinoi s. 08.12
G. purpurea s. 08.12
G. triflora s. 08.12
Saxifraga cruneifolia s. 08.12
S. manschuriensis s. 08.12
S. rosacea s.08.12
Trollius asiaticus s. 08.12
T. hondoensis s. 08.12
T. macropetalus s. 08.12
T. yunnanensis s. 08.12


Frå Magnar Aspaker si frøliste hausten 2008

Androsace hedraeantha s. 08.12
A. mathildae s. 08.12
A. x pedemontana s. 08.12
A. sempervirens s. 08.12
Dodecatheon dentateum s. 08.12
Draba rosularis s. 08.12
Gentiana grossheimii s. 08.12
G. oschtenica s. 08.12
Primula clusiana s. 08.12
P. luteola s. 08.12
P. tschuktschorum s. 08.12
Saxifraga kolemantiana s. 08.12
S. stribrnyi s. 08.12
Soldanella carpatica s. 08.12
S. pusilla s. 08.12
Wulfenia baldocii s. 08.12






mandag 8. desember 2008

SÅSEONGEN ER I GANG

Då har eg starta såsesongen 2009.
I dag tok eg mot til meg og sådde ein del staudefrø som skal stå ute i vekslande vinterveir og godgjere seg før spiring. 48 forskjellige artar kom i jorda idag så det er no ein pen start det ja !
Eg får lage eit eige innlegg med namn der eg kan følge opp med spiredato osv. utover våren og sommaren.

Ellers har no heldigvis helsa ret
ta seg, hofta er igjen i gjenge håpar eg, så i morgon er det jobb igjen.
Fredag kappa eg dei trestammane eg hadde drege heim og var klar, og laurdag kløyvde eg dei og stabla midlertidig ute. Der får dei stå til det er ledig plass i vedahuset til "varig" oppbevaring under tak. Godt å ta det etterkvart.

Den veka som gjekk har det halde seg vinterleg, men natt til idag regna det kraftig ei stund og det kom over 48 mm iløpet av nokre få timar. Snøen som låg forsvant, men på morgonkvisten kom det ei kraftig snøbyge som la kvitt igjen. Seinare gjekk det over i sludd og regn, fortsatt er det kvitt ute.

I går skreiv eg julebrev til slektningar på andre sida av "dammen", kjekt å ha kontakt med den delen av slekta, eller rettare sagt etterkommarar av dei som eingong valde å prøve å skaffe seg levebrød i "den nye verda" over there !
Medan eg skreiv julebrev som skulle sendast fant madammen ut at vi skulle sjå om vi fant dei på Facebook ! Vi fant mange med det aktuelle namnet som budde i Canada og tok sjangsen på ei som vi syntes kunne passe og skreiv melding med forespørsel og det var full klaff ! Rette folka og stor glede på begge sider av Atlanteren. Og gjett kva dei styrte med på ein søndagsføremiddag (blei det vel der borte) ?
Jau dei sat og skreiv julebrev som skulle til Norge... artig samantreff syns eg !

Dagen vart ellers brukt mykje til googling i planteverdenen. Ei lang frøliste frå Euroseed med masse spennande plantar -særleg alpinplantar vart gjennomgått og eg fekk lagd meg ei liste over prioriterte som eg skal sende nedover bare eg finn ut korleis eg skal sende betalinga.... det var ikkje bare, bare......

Dagen idag har eg forutan å så staudefrø vore mykje oppteken over grublerier over hagegal sin julekalendertråd, men idag gjorde eg visst meir ugangn enn gagn i forsøket på å finne løysinga.. (hi hi ..) men løysinga kom i hamn tilslutt likevel. Randi M er bare fantastisk flink å løyse oppgåver ! GRATULERER !!

Ugle bildet trur eg at eg må dedikere Randi i dag !
Den vesle porselensugla kjøpte eg i Turku då vi var der i sommar. Ei slik hadde eg lett etter eit par år utan å finne ei som passa i holet i vedkubben.
Den står på murkanten ved inngangsdøra vår som ei lita helsing til alle som kjem og går !

Ha ein fin mandagskveld alle saman !

fredag 5. desember 2008

Juletremerking



Idag har eg vore til skogs for å merke juletre i tilfell det vert så mykje snø at det vert vanskelig å ta ut eit brukande juletre når den tid kjem . Dette er noko eg plar gjere tidlegare på hausten, men i år har det ikkje blitt gjort tidlegare.
Det er vinterlig her hos oss no men nokre få cm snø og passeleg kaldt. Varierar frå rundt null til eit par kuldegrader.Vi har fleire skog teigar som høyrer til garden, i eit par av dei har vi planta gran så vi er sjølvforsynte med julegran iallefall inntil vidare. Vi skulle nok ha planta meir no slik at vi har høvelege juletre om 7-8 år og utover, då er nok dei vi no høgg på for store.

Eg fant eit tre til slutt som eg vart fornøgd med, i år må vi ha eit som ikkje tek for stor plass for i år blir vi forhåpentligvis mange som skal dele på plassen i stova i jula.Vanlegvis er eg nokså nøye på kva eg tek med meg heimatt frå skogen som juletre og likar dei fyldige og tette - i år måtte eg finne eit smalt eit. Det vert nok bra når vi får pynta det likevel !


Etter at treet var merka med gul plastsløyfe var det tid for å nyte utsikta mot bygda og innover fjorden.
Flott er det med vinterbilder sjølv om eg ikkje likar vinteren og kulden. Seinare på dagen kappa eg ved som skal kløyvast når eg får høve til det, likegreit å kappe og kløyve og få i hus etterkvart som det vert ledig plass i vedskylet såer det gjort og ein slepp å kløyve all veden på ein gong.



I går var eg på Eid på handlerunde og då traff eg Elsa som var på Nordfjordtur, det var koselig og overraskande å treffe hagegale frå nabofylket.



Eg skulle ha starta med frøsåinga og - har liggande ein god del staudefrø som skal såast, men har gløymt å ta inn sand så den er botnfrosen og eg må vente på mildveir, noko som visstnok bare er to dagar unna så då vert det nok staudesåing på mandag.
Eg får bruke helga til gravering av merkelappar.

No har eg fått med meg dagens episode med "The Julekalender" og; bob, bob, bob - ikkje sant ?

Ha ei god helg alle saman !

søndag 30. november 2008

Satt ut av spel

I dag skriv vi fyrste søndag i advent.
Tida går - ikkje bare går men den går rasande fort og !
Ute er det + 2 grader, vindstille og 5-6 cm snø på bakken.
I kaminen i stova durar det jamt og den gode varmen brer seg ut i rommet.

På kjøkkenet har eg alt fått på kok klubbegryta, den står og putrar og godgjer seg, vi skal ha tidleg middag idag. Har besøk som skal vidare på si ferd og då er det godt med eit skikkelig grunnlag å reise på - Klubbemiddag (Raspeballar).
Yngste dattera og forloveden kjem også og skal ete middag ilag med oss, klubb er ein av favorittane forstår eg !

Sjølv går eg sjukmeld med ei betent hofte, har kjent på det nokre dagar, men torsdags kvelden eg kom heim frå jobb var det ikkje anna å gjere enn å oppsøke legevakta som gav meg kortisonsprøyte og ein kur med betennelsesdempande tablettar og med beskjed om ikkje å belaste hofta for mykje dei næraste dagane.
Dermed så sit eg her og har god selskap med laptopen min. Les hagebloggar, granskar slekta og les aviser...
ja ja tida går no fort iallefall likevel.

No er det bare 15-16 dagar att til dei fyrste julegjestane kjem og det gled vi oss til ho Besta og eg, det skal bli kjekt å sjå att barnebarna og er vi heldige får vi ha dei begge to i stova vår på julafta.

Solopus strekkjer seg så lang han er i godtolen sin og geispar - han vert trøtt og slapp han og i den gode omnsvarmen !

God fyrste søndag i advent til alle saman !

tirsdag 25. november 2008

FARFAR


FARFAR

Eg går og tenkjer på det som var
eg går i farfar i sitt fotefar.
Eg ser han stå over stabben bøygd,
får vintraveden til neste år kløyvd.

Eg ser han stå i den bratte bakke
med bein i kors og med bøygde nakke,
han står og bryner sin gamle ljå
for ingen kunne som farfar slå !

Eg ser med øykjen han fer og køyrer
og smattelydar eg også høyrer,
han styrer merra så trygt på plass
og lesser opp nok eit turrhøylass.

Eg ser han steller med sau og krøter
og ser at nøter og garn han bøter
og plukkar stein av den svarte jord
og rør i færing på stille fjord.

Så fast i hugen dei set der minna
og aldri, aldri dei bort vil svinna.
Eg gøymer varmt kvar eit lite skimt
som meg passerar i syn og glimt.

Til sist eg ser han på siste ferda
då han drog frå oss - frå denne verda,
det var med slåtten for fullt stod på
på låvegolvet vi fann han då.

--------- ------- -------


Idag tidleg hadde eg ekstra god tid før eg skulle på jobben og sat og las dei hagegale sine bloggar, enkelte av dei hadde eg lese før men las gjennom dei enno ein gong m.a. Charlotte sitt innlegg der ho fortalde at ho hadde mist sin kjære far.
Eg kom i tankar om kor heldig eg er som enno har begge foreldra mine i live og endog til ei mormor som snart fyller 95.
Då kom dette diktet som "rekande på ei fjøl" til meg og eg fekk lyst å dele det med andre -
Kva er då meir naturleg enn å bruke det i min eigen blogg ?

Eg og farfar hadde nær tilknytting til kvarandre, dei budde i same huset som vi - i kvar vår ende, så det var inn og ut likegodt der som i vår eiga stove.
Som smågut var eg med han i arbeid, på jakt, på sjøen og var det preikesøndag følgdest vi åt der og.
Han lærte meg å køyre merra, sjå forskjelen på dei forskjellige treslaga i vinterdrakt, kaste på stikka og kaste snøball på ein treffsikker måte - noko han var ein meister i !
Varme og gode minner og ta med seg vidare i livet.
Dette innlegget er til minne om min farfar !

lørdag 22. november 2008

Full vinter og lokalhistorie





Ja så kom vinteren for fullt som meterologane spådde. I dag tidleg når eg stod opp var det mykje snø ute, og på målepunktet mitt ved målestasjonen var det 38 cm med våt og tung snø.
Gjett om eg var glad for jobben eg gjorde tidlegare i veka med oppbinding av diverse busker.
Det vart ei heil ykt med snøspaden og måke snø både frå veg, parkeringsplass og trapper.
Det hadde visst vore ein god del vind og ein periode i natt, for på eine sida av huset var det festa seg snø både på dører og veggar.
Dei gamle morelltrea er snødekte idag.















I dag har eg kjøpt meg ei bok av ein lokal forfattar som har fått tittelen "Folk før. Femti historier frå Nordfjord" der den tidlegare læraren Kjell Askeland har intervjuva 58 eldre personar som gjev grunnlaget for desse femti historiene frå deira liv og virke. Mange av desse intervjuvobjekta er slektningar av meg og bygdefolk eg har kjent - for dei fleste av dei er, som vi seier, gått ut av tida. Dei er vekke, men historiene deira kan fortelje oss i vår tid korleis det var å leve i ei tid vi som ikkje har opplevd det knapt kan forestille oss. Eg trur vi alle har godt av å lese slike historier og smakebitar, frå tider då mest all tid gjekk med til å skaffe innkome til seg og sine.
Forfattaren Kjell Askeland var ein av mine lærarar og alle dei tre jentene våre hadde han og som lærar så av den grunn er det jo og litt kjekt å ha boka.
Eg håpar same forfattar har meir på lager og kjem
med oppfølging av denne boka.

Ha ein fin helg rundt i det ganske land !

torsdag 20. november 2008

Eggeglassamlinga mi






Som eg sa i bloggen min i går gjekk eg i hus og styrte med andre huslege syslar.
Det bestod seg m.a. av montering og opphenging av skap til eggeglassamlinga mi. Det eine skapet har eg hatt oppe nokre månadar, men no hadde eg så mange eggeglas som fortente å komme fram i lyset . Ved flytting av det fyrste skapet fekk eg plass til begge to ved sida av kvarandre.
Det er helst eggeglass med stett eg samlar på og det gjer ingen ting om dei er gamle.
No manglar eg nokre glasplater til dei to skapa mine så det har eg bestilt meg.
Nokre av eggeglasa har eg funne på bruktbutikkar andre har eg fått av slekt og venner som kjenner til dilla mi og nokre har eg kjøpt på QXL
Har tom. eggeglas som kjem frå loppis i Sverige .

onsdag 19. november 2008

Frøsesongen er i gang

Idag har eg hatt jobbfri og etter ein roleg start med kaffe, frukost og morgonchatt trakk eg i oljehyra og fekk binde opp ein del busker for vinteren som ikkje tåler så veldig godt tung, våt snø for no kjem han snart - snøen.
Halesia carolina, Buddleja alternifolia, Kerria japonica og Physoricarpus m. fl. fekk seg alle ei hjelpande hand til vinteren.
Ellers hadde eg framleis attståande diverse støttebøylar m.m.som det var på tide å ta inn for vinteren. Generell opprydding med andre ord !
Eg fekk festa nokre glasruter på taket av drivhuset som hadde sige og måtte ordnast før snøen melde seg.
Etter kvart vart han så fæl å regne at eg gjekk i hus og fant huslege syslar.

Ellers har eg funne ut at kaktusen til høgre mest sannsynleg er
Sclumbergera 'Salsa Dancer' - Kjekt med namn på dei og !
Det finst jo tusenvis av hybridar så det kan vere at eg tek feil, men likheita var slåande så eg vel å tru det er den !


Postdama kom med frø frå Magnar så då har fyrste dose med staudefrø landa hos meg og, dvs. eg har liggande eit "ikkje ubetydeleg" antall staudefrø frå STA frå i vinter som kom så seint at eg let vere å så dei. Dei skal innlemmast i den nær foreståande staudesådden. :)
Her er frøa eg fekk tilsendt frå Magnar:

Androsace hedraeantha
A. mathildae
A. x pedemontana
A. sempervirens
Dodecatheon dentatum
Draba rosularis
Gentiana grossheimii
G. oschtenica
Primula clusiana
P. tschuktschorum
P. luteola
Saxifraga kolenatiana
S. stribrnyi
Soldanella capatica
S. pusilla
Wulfenia baldacii

No er det bare å finne ein høvelig dag å få sådd staudefrøa så dei får stå ute og godgjere seg til dei finn ut at det er høvelig spiretid ut på vårparten ein gong. :)

No er det best å finne seg noko kveldsmat og så er det vel ikkje lenge før loppekassa kallar tenkjer eg - kjem sikkert til å drøyme om alle desse vakre staudene som det kan bli av ein slik bunke frøposar....
Ha ein fin kveld alle som er innom !

torsdag 13. november 2008

Nytt bed og ny Kristtorn

Gullregnbedet
Den siste tida har det ikkje vorte tid til så mykje hagearbeide, men mandag manna eg meg opp og lagde bed rundt gullregnen som nesten rotvelte i kraftig vind i Juni.
No har eg sett ned tre kraftige, impregnerte pålar og heldige meg fant ein gamal sykkelslange i uthuset som skal halde treet på plass der det skal stå. Med svakt rotsystem som gullregnen har reiknar eg med at desse tre pålane lyt stå der så lenge gullregnen står og då er det meir praktisk med bed ikring.
Så vart det planta 12 Kirgisløk (Allium aflatuense) og 50 Muscari latifolium.
Håpar det vert bra til våren for Kirgisdløken blomstrar samtidig med gullregnen.
No manglar det bare kantstein, men der har eg ein plan ( for å seie som Egon) :)

Idag fekk eg pakke frå ei hagegal dame som tipsa meg om ein Kristtorn ho hadde kjøpt - Ilex 'Hollywood'. Ein dvergsort med veldig små blad og kompakt vekst, og gulrosa nyskudd. Riktig ei perle som skal få seg ein utsøkt plass, bare eg får tenkt meg om - og eg har tid å tenke, den skal ikkje plantast ut før til våren.
På bildet t.h. viser eit blad av Ilex 'Hollywood' og eit blad av Ilex aquifolium (vanleg kristtorn), her er det forskjell i storleiken ja !
Må frambringe ei stor takk til den hagegale dama !

Veiret denne veka har vore variert, enkelte dagar har vi fått litt nedbør, såvidt litt rim på bakken eit par morgonar og tysdagskvelden/natt til onsdag var det eit nyyyydelig måneskin og
2-3 plussgrader. No er det visst venta regn dei kommande dagane så vert det iallefall ikkje frost.

Under plantelyset i vekstrommet har eg ein Vallota som snart kjem i blomst. Den kjøpte eg i den botaniske hagen i Turku (Åbo) då eg var der i sommar og det ser ut som det og kan vere ein dvergart for eg trudde ikkje det var mulig at det kom blomster på dei små løkane, men på blomsterstilken er det 4-5 knoppar. orangeraude på farge. Eg kjem att med bilde av den når den er i blomst.

lørdag 8. november 2008

Kvitveis i november


I går då eg var på jobb fant eg ein kvitveis i blomst i ei utmarksskråning, i dag tok eg med fotoapparatet og foreviga den villfarne.
Litt ut av sesong, og litt medfaren etter forrige vekes frost og litegrann snø, men den "står han av" under eit lett tak av visna bregner.
















Lady syns visst det var noko merkelig det eg holdt på med.



På veg heimatt tok eg bilde av Hornelen


Så kan eg ikkje dy meg for å presentere gårsdagens morgonbilete frå verandaen vår !

onsdag 5. november 2008

Nye novemberkaktus

Slik var utsikta frå verandaen vår idag. Tjukk skodde som låg heile dagen (og ligg enno), håpar den lettar til i morgon for skodde er ikkje noko særleg behageleg for ein revmatiker.


Så er det tid for nye novemberkaktus.
Desse to har eg skaffa meg dei to siste dagane. Den til høgre i går på vår lokale Jokerbutikk og den andre i dag på Mega, Nordfjordeid.
No er eg ikkje sikker på om eg har desse to fargevariantane frå før, så eg må visst til å lage meg eit register med bilder over dei kaktusane eg har så eg ikkje kjøper altfor mange dublettar.
På den gamle PCen min har eg ein link til ei flott side om novemberkaktus men den har eg for tida lånt bort ....

Ellers er det magert med hagerelaterte ting å skrive om anna enn at det er mangt eg SKULLE ha gjort i hagen som å rake lauv, samle hagereidskap og vaske dei for vinteren, rydde og kaste eitåringar som har kollapsa etter frosten vi hadde forrige veke osv.

tirsdag 4. november 2008

Bygdakvelden 2008

Så har vi lagt bak oss bygdakvelden i Davang i år og. Dette er ein tradisjonsrik (ca 30 år trur eg) årlig begivenhet i Davik der alle innbyggarane med postadr. 6730 Davik vert inviterte til ein kveld med underholdning og god mat med påfølgande dans etterpå. Veldig populært - ikkje minst for alle dei utflytte davikarane som kjem heim att til bygda for å få med seg denne kvelden.
Lokalet har plass til "hundrede og nokre og nitti" bordplassar og dei er fullsette kvart einaste år.

I år var eg med i komiteen (kvart 3. år) og det er jo ein del arbeid som vert lagt ned for å få iland eit slikt arrangement, men du verden så kjekt vi har det under komitemøter med planlegging og øving der vi skal finne idear til sketsjar, aller helst med lokalt tilsnitt.
Laurdag føremiddag brukte eg 3 timar til pynting av borddekorasjonar i salen (gløymde å ta bilder) !

Då er det om å gjere at vi har snappa opp saker og ting som har hendt i bygda det forgangne året og dra fram i lyset og lage noko på.
I år var sjølvsagt Terrasaka som kommunen vår vart dregen inn i eit hovudtema og gjekk igjen i mange innslag.

Ellers var det høgtideleg opning av kvelden med snorklipping av "kongen", diktlesing, songar, kåseri, sketsjar, heimelaga "opera", dans og allsong.
Det virka for at publikum likte det dei fekk sjå for vi fekk mange godord og klapp på skuldra etterpå av dei som var gjestar.

Omlag midt i programmet er det middag og i år serverte vi svinesteik og kjøttkaker med tilbehør, fromasj og kaffe til dessert - dei som lagde maten fekk mykje velfortent skryt for den .

Ein tradisjon vi har på kvar bygdakveld er å avslutte programfrekvensen med at alle syng "Visna lauv og rima bøar" - denne songen skreiv "Gamlelensmannen" til koret ein gong på 70-80-talet trur, eg til melodi av Stenka Razin, ein russisk folkemelodi.
Slik er melodien
http://www.youtube.com/watch?v=UglqN52-49s&feature=related

Teksten er slik:

Visna lauv og rima bøar,
mørke skyer driv mot aust.
Opp i fjellet alt det snøar,
soli kverv, no er det haust.

Men vi vil i haustastunder
og i vintrens mørke natt
tru på vårens store under,
tru at sommaren kjem att.

Eg var med på to innslag på scena. Det eine var "Viagrasongen" der eg var utkledd som gamal mann med stokk, var solist og hadde "kor" bak meg, nokre med stokk og andre med rullator. Det gav jo ein del munterhet i salen.
Trur det gjekk nokonlunde bra sjølv om eg fekk songen opp i handa torsdagskvelden og hadde minimalt med tid og anledning til å øve den inn.
Den andre sketsjen eg var med på var om Terrasaka (i to akter), der eg var ordføraren, så hadde vi rådmann, formannskapsmedlemmer og representantar for Terra security.
Den og vakte ein god del munterhet og eg trur vi kunne seie og nøgde med framføringa.

Dansen varte ut i dei små timar der folk gjekk heim etterkvart som dei tykte dei "hadde fått nok" sosialt samvær.

Dessverre har eg ingen bilder frå kvelden, men dattera mi filma det meste av sketsjar og innslag på scena så det vert no artig å sjå tilbake på for meg som for det meste var bak i kulissane og fekk med meg lite av det som foregikk PÅ scena den kvelden.

tirsdag 28. oktober 2008

Den fyrste snøen

Slik er utsikta vår idag innover Nordfjorden.
I natt kom det 7-8 cm snø, ikkje uventa, men heller ikkje vidare velkommen !

Dei to til venstre er sorten Brilliant og den under er Beacon.





Slik såg Fuchsiane mine ut på laurdag før eg starta å ribbe dei for vinterlagring.
Alle var i full blomst og riktig så vakre, men med snø og vintertemperaturar i vente var det bare å ribe dei og ta dei i hus, like hardt kvart år, men slik er det.

Her er dei tre stammefuchsiane mine, frå venstre: Sandboy, Beacon og Brilliant klare til å ta vegen inn i kjellaren.
Sandboy og Brilliant var små stiklingar i fjor vår så voksteren er det ikkje noko å seie på, ikkje blomstringa i år heller.




For den som hugsa historia frå juni månad med vinden som forsvant med heile kruna på eine stammefuchsiaen min så er det det til høgre på bildet til venstre, som dåkke ser har den teke det igjen i fullt monn med ny og stor krone.

søndag 26. oktober 2008

Ny Novemberkatus


Som eg skreiv i forrige innlegg har eg endelig funne meg "gul" novemberkaktus som eg har vore på jakt etter eit par år utan å lukkast. Og som Iris kommenterte er gulfargen litt merkelig - ubestemmelig !
Dei som har følgt med dagboka mi på hagegal (før denne bloggen vart oppretta) veit at eg har ofte skrive om november- og påskekaktussamlinga mi, og i år har den hatt sommaropphald på ei hylle i drivhuset og der har dei trivst godt ser det ut til for dei kvitterar med knoppar dei fleste av dei. No håpar eg dei tåler overgangen til opphald i eit vindauge i peisestova under heilt andre lysforhold og ikkje kastar knoppane pga. flyttinga.
Når eg pottar dei om (i mai/juni) brukar eg jord frå rotnande trestubbar.
Skulle gjerne hatt vinterhage til desse kjeledeggane mine -då hadde dei virkelig kjeme til sin rett litt opp i høgda slik at dei kunne studerast undanfrå i godt lys..... (dream)

fredag 24. oktober 2008

Vinterførebuing


Nei då, "ryktet om min undergang er STERKT overdrevet" for å nytte eit mykje brukt sitat !

Dei siste 14dagane har vore særs lite produktive for min del, det skuldast at naturen sjølv har slått på storetromma med kuling, storm og regn dag ut og dag inn. Til no i oktober har vi fått 359 mm nedbør, omtrent det same som vi fekk i perioden Juni - September, og nesten 100 mm meir enn "normalt" for oktober månad.
Kroppen min har vore i særs heftig ulage for tida, gikta har herja som verst og energien og tiltakslysta har sjølvsagt vore laber. Det vesle som har vore er brukt på jobben, ellers har sofaen vore svært god å ha i det siste. I periodar svært lite oppdatering både på hagegal og i andre sine hagebloggar og då er eg ikkje "rare karen" .
I tillegg spelar nok "mørketid" og ei rolle i energitapet - ja ja alt har ein overgang, sa reven, dei drog skinnet av han !

Dei få posane med haustløk eg har kjøpt i år ligg framleis trygt under verandaen, men no MÅ eg få dei ned snart før det kjem snø og frost.


Vel, litt har eg gjort dei siste dagane:
Onsdag fekk eg rydda opp i vekstrommet mitt og plassert diverse av det som har stått i drivhuset under plantelyset.
Hippeastrumløkane som har stått i drivhuset har komme i kjellaren og til vinteroppbevaring. Det same har Vallota- og Zephyrantessamlinga mi, og alle november- og påskekaktusane mine er komne i hus - mange av novemberkaktusane har godt med knoppar så det er håp om blomsterpryd på dei utover i adventstida.
Så må eg nemne at eg i forrige veke fekk tak i "gul" novemberkaktus - Har prøvd å få tak i den to haustar, men ikkje lukkast før no.

I går var det slaktedag på garden. Far min og eg slakta årets smaler som skal bli juleribbe (pinnekjøt)og fårikål gjennom vinteren og sjølvsagt eit par lår til speking.
Vi brukar alltid å slakte gjømbrer (1 1/2 år gamle saulam), det er mykje meir smak på det kjøttet enn på lam - i lammekjøttet vert det for lite fylde i både i smak og mengde kjøt.
Surt veir var det med regn og kraftig vind, men ettersom vi står for det meste under tak med jobben var det ikkje så verst likevel.

Idag skal eg spa opp og ta inn Skaugumknollane mine, alle Fuchsiane (no står dei på det flottaste i full blomst !) og Dahliane skal avskjærast og settast i drivhuset ei stund for avmodning dersom det ikkje vert for mange kuldegrader over helga.

Enno er det mykje som blomstrar i hagen til tross for dei siste vekene med rikeleg nedbør og vind, men no varslar dei på yr.no at snøen er i anmasj over helga så då er det bare å ta i hus uansett. Ikkje triveleg å grave opp plantar i snøen iallefall.

Storm og regn har delvis feia lauva av trea, stort sett er det bare hasselen og oren som no har lauv - ei og anna bjørka held og imot. Hagen er full av lauv frå dei to store morelltrea våre og dette skal rakast saman og brukast enten i kaldkomposten i blanding med hønsemøkk eller som dekke til enkelte sarte stauder i woodlandet.

Tilslutt vil eg ta med eit dikt som høver for årstida. Eg skreiv det for ein del år sidan til opningsdikt på ein bygdakveld vi hadde i Davang - eller ungdomshuset som vi seier som Ungdomslaget i bygda eig.
Det kan og høve no i og med at eg ermed i komiteen også i år og bygdakvelden skal gå av stabelen som tradisjonen er fyrste helga i november - altså om ei god veke .1. november, det vert ei hektisk veke med øving på diverse program kvar kveld no utover...puh... (men det er no veldig kjekt og - ikkje minst på øvingane !! )

KARNEVAL

Det har nyss vore karneval i bygda.
Fyrst var det rognen og heggen
med sine raudleitte fargar
som prydde liene langsetter
kvar på sin måte.
Rognen pynta seg jamvel med raude perler
- dei bar rikt i år !
Heggen som ingen har lagt merke til
sidan juni fekk atter beundrande augekast
og raudna vel kansje endå meir av den grunn .
Så var det ospa og bjørka sin tur
- begge i det gule.
Ospene oftast i flokk lik flyttfuglane,
medan bjørkene blanda seg meir med hine.
Så kom maskefallet:
Med vinteren i kjømda
var det bare å kvitte seg med stasen
og la vinden slite og rive i dei siste tølene
som var att .
----- Noko for på videvanke,
noko fekk dekke føtene
til vern mot frost og sno til vinteren.
Dei var alle nøgde kvar med sitt spel !

Ha ei flott helg folkens og som trønderane seier :
"Ittj fårrå nåless !"