søndag 27. desember 2009

Eg er blitt Besten på nytt!

Hei alle saman.

Som nokre kansje veit er madammen og eg på juleferie i Turku, Finland (Åbo) og håpte i den anledning at vi skulle få med oss den store familiebegivenheten dette året - nemlig det tredje barnebarnet vårt sin ankomst før vi skal tilbake til Norge den 5. januar.
Det greide vi - terminen var i går og jenta kom idag tidleg velskapt og fin vel 5 om morgonen.
Ekstra kjekt var det at Besta fekk være med på fødselen, det sette ho stor pris på!

Ellers er det vinter her og 4-5 minusgrader og 10-12 cm snø, men det er "heilt andre kuldegrader" enn dei vi opplever heime så det er fint å gå tur i Turku by uten at kulden bit for mykje og ein pådreg seg luftvegsinfeksjonar som eg har lett for når det er kuldegrader.
Vi bur nær sentrum og frå blokka der vi bur er det 5 min rolig spasertur ned til elva som delar byen i to. Turku er den eldste byen i Finland og var tidlegare hovudstad så her er mykje flotte gamle bygningar å sjå. Eg har teke ein del bileter, men dei må eg vente med å presentere til etter vi har komme heimatt til min eigen PC.

Ellers vil eg ynskje alle ei riktig fin romjul.

fredag 11. desember 2009

Endelig ei oppdatering

Biletet her er frå ein flott morgon siste dagen i oktober


Ja no er det lenge sidan eg har vore innom bloggen min og avlagt rapport - og det bevisst ettersom eg er redd for at det bare hadde vorte syting og klaging over tingenes tilstand og det er ikkje det eg vil bruke bloggen min til !
No har eg imidlertid fått så mange "påminningar" om manglande oppdatering at eg syns eg må gje lyd ifrå meg etterkvart! ;)

Som eg gav inntrykk av i mitt forrige innlegg (å hjelpes - det var jo i begynnelsen av Juli det!!!)
trudde eg at "varmebølga" som reid oss då ein 14 dagers tid hadde teke "duen" av meg -
det skulle vise seg å være ubegrunna!
Det var heilt andre aktørar enn varmen som var årsaka til at eg stadig følte meg verre og verre i form nemleg det farlegaste dyret vi har her til lands - FLÅTTEN.
Det viste seg etterkvart at boreliose var årsaka til at eg var som eg var.
Eg som trudde at eg var "overarbeidd" gjekk til legen i midten av august - midt i ferien - då var eg så dårleg at eg innsåg at dette måtte være noko som ikkje retta seg berre med total kvile og fråhald frå fysiske utskeiingar.
Legen fant fort ut at sterke dosar penicilin måtte til mot boreliose, i tillegg var verdiane av immunforsvaret nokså lave.
Legen sa alt ved fyrste konsultasjon etter at boreliose var påvist at eg måtte reikne med at dette kunne ta tid å rette opp i .
Kort fortalt så går eg fortsatt sjukmeld, med mykje smerter og energilaus.

Nokre dagar med søraustkuling har vi hatt både i november og desember, men ikkje skadeveir.

Hagen har eg ikkje gjort noko med sidan begynnelsen av Juli månad og den ser ut deretter!! :(
Av same grunn har eg holdt meg stort sett vekke frå både hagegal og dei hagegale sine bloggar i heile haust. Eg merka at det var best for psyken å ikkje følge med på alt dei andre hagegale foretok seg, planla og drøymde om.
No er imidlertid ei gryande lyst til å delta litt igjen begynt å røre seg kjenner eg - saknet har vore der !! ;)

Eg fekk klipt plenen eit par gongar i august/september -seinare har det vore hjorten som har teke seg at den biten - aldri har hjorten vore så nærgåande som denne hausten. Daglege (nattlege) besøk av 2-3 stk som beita så nær huset der var noko å beite på - alle eplene var det hjorten som tok seg av -sjølvsagt før dei var klare til hausting. Og i brunstpreioden var det brøling natta lang, av og til høyrdest det mest ut som han stakk haudet inn soveromsglaset og ropte - det vart lite søvn av slikt !!
Heldigvis er det lite skade han har gjort bortsett frå lerketreet mitt som fekk seg ein smell - ellers er det stort sett bare trakkskadar i bed og ikkje minst i fjellhagen.
Drivhuset mitt vil eg ikkje nemne - det vert ein storjobb å reingjere og reinske opp når eg ein gong får krefter nok til å starte på det. Håpar imidlertid det meste har overlevd der sjølv om stellet har vore minimalt dei site månadane. Det vart svært mykje soppangrep der med det våte veiret vi hadde haust og eg som ikkje var i stand til å halde det i sjakk etterkvart.

--Staudesåing vert det ingen ting av denne hausten/vinteren reiknar eg med, har vel nok arbeid til våren å prikle stauder som har stått heile sommaren uprikla i såpottene sine og evt nye som måtte spire.

Vel det var nok syting og klaging - ferdig med den ! :)

Vi bur slik til at sola er borte frå 10. november til 2. februar - her ein av dei siste dagane sola skein her hos oss anno 2009

***** ****** *****

Tida i haust har eg brukt mykje til min andre store hobby - slektsgransking -
Det har vorte mange, mange timar (dagar) med blading i skanna kyrkjebøker, digitaliserte folketellingar og no det siste tilgjengelige - skanna skifteprotokollar som er utlagde på nettet.
Kva skulle eg ha gjort utan det velsigna nettet ? - Utruleg interessant - og så er det så mykje god hjelp å få på div slektsforum når ein står fast og like kjekt er det å kunne hjelpe andre som står fast enten med tyding av meir eller mindre forståeleg hansdskrift eller hjelp til å leite fram dåp, vigsler eller andre aktuelle spørsmål - akkurat som på hagegal !!! :)

Ellers har det vorte turgåing langs skogsvegen som går utover i marka her når forma har tillete det. Vi har hatt mykje flott veir på seinhausten med mange fine dagar i oktober og november og heilt til no i desember, det har vege opp for den samanhenganede våte perioden frå 10. Juli til 10. oktober med nesten dagleg regn og væte.

Ellers ventar vi med spenning og forventning på å bli besteforeldrer igjen - det kan skje kva dag som helst det no fram mot jul, så det vert stor stas å komme til Finland om ei god veke å helse på som vi seier på Davikemål ; eit flånkande nytt familiemedlem.
Ikkje ein gong Nissen kan trylle fram ei slik julegåve!




Dette biletet er teke frå utkikksplassen min når eg går tur i skogsvegen. Her ser vi litt av Davik.


Med dette vil eg ynskje alle ei god helg. Håpar det vert meir jamt med innlegg her og etterkvart!

fredag 3. juli 2009

Utslått av varmen

No har vi lagt bak oss juni månad godt og vel og mange har ferie i desse tider.
Sjølv har eg ikkje ferie før i august og det passar meg godt.
Juni månad var nedbørsfattig, bare 28 mm kom det og det er langt under "normalen" og ikkje meir enn ein skapeleg renveirsdag her på Vestlandet.
Jonsokdag begynnte varmen og den har holdt seg til no og etter mange dagar med 24 grader og over føler eg meg heilt utslått av varmen. Slik varme taklar eg ikkje. Ikkje er eg i stand til å jobbe i solsteiken og når sola har gått ned om kvelden har eg ikkje energi til nokon innsats då heller. Nattesøvnen er og minimal.
Hagearbeid vert kun det mest nødvendige vatninga av det som er mest utsatt. Det får bli som det blir, reiknar med at det meste klarar seg uansett til det vert svalare og meir levelege forhold etter helga. Håpar bare vi får ei god rotbløyte for det trengst virkelig no over alt.
Tordenveiret som feia over landskapet mandagskvelden etterlet seg bare 1,5 mm og brannutrykning pga skogbrann ikkje så langt herfrå.

I hagen blomstrar det i alle fargar, mange er ferdig med blomstringa og byr fram modne frø medan andre nett har komt i blomst.
Idag vil eg heller vise eit par andre ting eg har som blomstrar nett no m.a. Rottehalekaktusen:


Denne Rottehalekaktusen (Aporocactus) eg fekk frå Inger Karin i 2006 har flotte blomster no





Denne Phyllocactusen blomstrar og fint no, den og har eg fått som bytteplante frå hagevenner på hagegal.



Ellers er det fint med ikkje blomstrande plantar og som dette graset Scirpus 'BronzeForm' syns eg er dekorativt ilag med plantar med andre bladformer.


To av Brudesporane eg fekk i fjor kom utruleg nok med blomster i år. Dei har eg valgt å dyrke i potte iallefall inntil vidare.

Også Solopus syns det vert vel varmt i solsteiken og kviler seg for det meste av dagen i skuggen i høgt gras innlagt ein og annan drikkepausen og jakt etter markmus og andre vilt i grasjungelen.

Uff ja det vart kansje vel mykje syt og klag i dette innlegget, men reiknar med at eg vert i betre humør når temperaturen vert meir "normal" ....
Kos dåkke med varmen dåkke om tåler den ! :)

søndag 21. juni 2009

Fjellhagen min - My Rockgarden

I det siste har eg ikkje hatt tid og overskot til så mykje hagearbeid og deler av hagen viser resultat av det i form av parti med ugras som er i ferd med å etablere seg her og der. Der eg har brukt plenklippet som dekke er det sjølvsagt bra, men tidleg på året er det alltid parti eg ikkje har fått dekt.

Onsdag tok eg for meg gangane i woodlandet og dekte med bark eg har hatt liggande og flis frå kvist eg har kutta på kompostkverna så der vart det bra så langt, har att eit parti som eg må ta seinare når eg får tid.
Torsdag og fredag tok eg for meg fjellhagen og reinska det som kom opp der og la på nytt lag med grus som toppdekke. Der dekkjer eg naturligvis ikkje med plenklipp.

Her er nokre bilder frå fjellhagen, eller rettare sagt steinbedskråninga mi.



Ein del plantar er i blomst no som Lewisia, Timian, Arabis, Penstemon, Akeleier eit par sortar Potentilla og eit par sortar Penstemon og fleire som eg ikkje kjem på i farten.
Nokre er avblomstra og eg har hausta frå av eit par artar:
Draba dedeana og Mogop (Pulsatilla vernalis ), dei siste hadde to blomster i år og desse frøa sådde eg i går. Trur det er best å så dei så ferske som råd.
Eg har og lagt på plass nye steinar og planta ein del nytt før topplaget med grus vart lagt også der.

I drivhuset står det prikleplantar som etterkvart skal ende opp i fjellhagen, fleire artar Saxifraga, Androsace, Draba m.m. - nokre er prikla og nokre har eg ikkje komme så langt med enno. Det får eg ta pø om pø etterkvart som det vert tid til.

***** ****** ****** *******

The pictures show my rockygarden. I plant the first plants last summer and have now planted some more. It takes some time to grow them as it look natural grown. I have to take it step by step as I have time, stone and plants to place there.
The last days I've work with this and taken away weeds and make a new layer with gravel who help to hold away the weeds.
In my greenhouse I've plenty of small plants, sown this winter as will come to the rockgarden when they get big enough. It's different sorts of Androsace, Draba, Saxifraga and other.

I've also harvesting seeds from Pulsatilla vernalis and Draba dedeana from my rockgarden.
The Pusatillaseeds I also sowned at once.

onsdag 17. juni 2009

Eg er blitt tagga .....






-Hva vil du gjerne lære deg?
vanskelig å svare på .... kansje meir om dei mulighetene PC'en har.


-Hva hører du på akkurat nå?
Eit program om krigen i nord på NRK1

-Hvordan er ditt favorittvær?
Litt varialbelt - spørs om eg treng regn eller sol til hagen


-Hva er ditt mest utfordrende mål akkurat nå?
Å komme ajour med alt eg skulle ha gjort i hagen

-Hva synes du om personen som har tagget deg?
Varm, gavmild og hyggelig person eg har hatt gleda av å møte fleire gongar.

-Hvis du kunne fått et hus, ferdig innredet, hvor som helst i verden - hvor skulle det vært?
Her eg bur, men huset måtte ha alt på eit plan (det vi bur i er høgt med veldig bratt tak)

-Hva ville du gjerne hatt akkurat nå?
Ein stoooor softis

-Hva ville du gjerne bli kvitt?
Alle hagedjevlane (skvalderkålen)

-Hvis du kunne dratt hvor som helst i verden den neste timen, hvor ville du dratt?
Göteborgs botansike hage

-Hvilket språk vil du lære?
Litt betre engelskkunnskapar

-Hva ser du etter i en venn?
Tillit, humor og felles interesser

-Hvem vil du gjerne møte?
Vanskelig å peike ut nokon spesiell

-Hva slags musikk liker du?
Folkemusikk/Gamaldans, Country, klassisk og opera

-Hva er favorittplagget i klesskapet ditt?
Joggebuksene mine

-Hva er drømmejobben?
Gartnar i botansik hage

-Har du noen favorittmodeller?
Nei !!!

- Hvis du hadde hatt 1000 kroner nå, hva ville du brukt de på?
Plantar til hagen

-Beskriv stilen din?
Stilen min... he he ... stilig spørsmål..... eg er vel stillaus tenkjer eg!!

-Hva var det siste motebladet du leste?
Har aldri lest moteblad (hageblad og bygdebøker er min litteratur)

-Den siste cd-en du kjøpte?
Sigrid Moldestad: "Taus"


- Hva hørte du på da du ble tagget?
Det hugsar eg ikkje

-Hva vil du akkurat nå?
Lage meg soppe...... det er smuldra Korni flatbrød med kulturmelk på ....
Nyyydelig kveldsmat!!


Ja, det er det eg har å bidra med i denne samanheng.
Sender stafetten vidare til ElinG og Herdis (Cherie) .

søndag 31. mai 2009

Gullregn og syrintid

No blomstrar gullregnen og syrinen samtidig og det syns eg er vakkert.
Til høgre for syrenen viser litt av fjellhagen og t.h. for gullregnen viser dei to over 50 år gamle morelltrea. Går ein mellom dei kjem ein ned i det eg har kalla woodlandet (det som skal bli woodland med tida).


Den siste veka har virkelig gått i racerfart. Vi hadde ei vekes besøk av barnebarnet Sander m/mamma og pappa og dei reiste att på fredag.
Onsdag feira Sander 1-årsdagen sin med kaffegjestar og kake så det var stor stas.
Synd veiret for det meste var surt og våttså det ikkje var særleg stas å være mykje ute, men han fekk no sjå både høne/hane , bæææ og ikkje minst pus som tilslutt vågde seg inn i godstolen sin - han er litt skaptisk til slike småfolk så då held han seg for det meste ute.

Ellers har det vore arbeidsveke på meg (varer tom kommande tysdag) så hagestell har det vorte mindre med, men plenen vart iallefall klipt til pinsa og ein del ugras har eg fått reinska bort. Så har eg sådd frø av japansk blåveis som eg kjøpte frå ei kontakt i Danmark. Eg kryssar fingrar og tær for at dei spirer. Det vert spennande til neste vår å sjekke dei såpottene..... ;)


Mandag var eg på styremøte i Eid hagelag og då nytta eg høve til eit besøk på eit lite hagesenter utanfor sentrum og der fant eg denne fine Dodecatheonen - utan namn, men den var så fin at eg tok den med, no angra eg på at eg ikkje det vart med fleire heimatt i same slengen.


Potentilla atrosanguineum er ei av dei staudene som blomstrar fint no og med dei vakre sølvfarga håra på blada og den gulorange blomsten syns eg er ein fin kombinasjon.



Denne Peonen fekk eg frå Toveve for 2-3 år sidan og i år er det fyrste gongen den blomstrar hos meg - heile 11 blomster ber den fram. Staseleg er den !
Men er det nokon som veit namnet på den ?
Eg har lurt på om det kan vere P. officinalis, men er ikkje sikker. Toveve seier det er ein gamal sort som har vore i traktene der i lang tid.



Irisane er og komme i blomst.
Denne syns eg er staselig og ein av dei vakraste eg har.
Namnelappane vart det surr i før eg fekk lage meg permanente, graverte namneskilt av svart persienne, men ein eller anna stad skal eg ha ei liste med dei namnesortane eg har og då er det nok mulig å google og finne fram til rett namn på dei fleste.






Det vakraste i hagen min no er Gullregnen som står i fullt flor no med lange hengande klasar. Alliumen som står under er mindre flink å gjere seg bemerka...skulle hatt mange fleire av den.

Alle bileta er klikkbare!


Så vil eg nytte høvet og ynskje alle som er innom ei god pinse.

søndag 24. mai 2009

Konfirmasjon




Idag skal vi i konfirmasjon til nevøen min og i den forbindelse fekk eg i oppdrag å lage blomsteroppsatsar til borda. Eg har brukt av det eg har i hagen, bortsett frå raude greinnellik for å få raudfargen, då eg for tida ikkje har noko raudt som blomstrar i hagen som eignar seg til dette.
Rhododendron 'Baden Baden' er jo alt avblomstra for over ei veks sidan.

Her er resultatet, trur det var nokonlunde.





Akkurat no ligg det eit lokk av skoddeskyer over landskapet og det har vore litt regn i natt, men eg ser ei lysning i aust så det er håp om at det klarnar opp ut på dagen. Det gjer det mykje lettare når ein kan bevege seg litt ute og inn i mellom.
Det er kjekt med familiselskap der ein treff og får snakka med familiemedlemmer ein ikkje ser så ofte.

torsdag 21. mai 2009

Vårblomstring i fjellhagen

Alyssum 'Goldkügel' lyser godt opp i skråninga.

Fjellhagen som eg starta på i fjor tek det nokre år å få etablert skikkelig. Plantane treng eit par år på seg å etablere seg skikkelig og stadig nye finn sin plass i bakken mellom stein og grusblanda jord.
Idag vil eg vise nokre av dei som blomstrar i fjellhagen min no. Alle bileta var tekne i går.


Antennaria - Kattefot dannar eit tett teppe nokså fort

Polygala calcarea har ein klar og fin blåfarge.

Edrianthus serphyllifolius med flotte klokker som peikar opp mot sola og lyset.



Lewisia høyrer naturligvis med i fjellhagen - her er det L. pygmaea


Nok ein Lewisia ilag med Sedum spathiphyllum -Sølvbegknapp


Så er det vårfloksen- her er det Phlox subulata 'Candy Stripe'


Her er det P. subulata 'Temiscaming'

Og tilslutt ein namnlaus vårfloks.

I går fekk eg mellom anna potta opp ein del plantar til planteloppemarkedet på Eid laurdag den 6. Juni. Håpar der er noko iallefall som fell i smak hos både hagelagsmedlemmer og andre som tek turen innom standen vår.

I morgon får vi besøk av Sander, barnebarnet vårt som bur på Beito i Valdres ilag med mamma og pappaen sin. Det vert stas å ha dei på besøk nokre dagar, m.a. skal vi i konfirmasjon på søndag til ein av mine nevøar så då vert det reine slektstreffet.
Ellers skal eg nok ta guten med i hagen og lære han å snuse på syrinblomstane som no har starta bløminga.
Det er så ykje som blomstrar no at ein nesten ikkje rekk å få med seg alt på skikkelig vis.
Primulaene i Morelltrebedet held seg framleis i god form - dei vart litt herja då vi hadde sterk vind, hagl og regn for litt sidan, men har teke seg oppatt litt.

I woodlandet står ballblomen på det flottaste nett no og mykje anna blomstrar og - Geraniumane har blomstra ei stund, fyrst ute var 'Samobor' og no har fleire andre følgt etter.
Ellers må eg nemne at Primula viallii kjem att i år og - det var svært gledelig for det var eg ikkje så trygg på, den har lett for å gå ut om vinteren.
Pionane står mange med store knoppar og er snart klar til å utfolde seg, dei får eg skrive meir om ved seinare høve når dei kjem i blomst.

Vel, no MÅ eg ut.... ;)

Ha ein god Helgetorsdag alle saman!

søndag 17. mai 2009

17 mai


Den siste veka har eg fått gjort ein del i hagen, men på langt nær det eg hadde tenkt, men det er jo likt seg..... jobben krever sitt og når den er gjort vert det mindre overskot til det andre sjølvsagt.
Skal prøve å ta med det viktigste av det eg hugsar frå dei siste dagane.
Har fått sendt plantepakke.
Har mottatt ein overraskande og gledelig pakke med auriklar som tilførte samlinga mi fire nye sortar, no ventar eg spent på dei frøsådde frå i fjor som enno ikkje har blomstra.
Nokre av dei har alt blomstra og der var gledelig nok ein heilt kvit og ein lekker gul med kvitt senter.

Ein dag fekk eg planta ut potteklumpane med frøsådde Frittillaria frå i fjor - i alt 12 artar.
Dei planta eg i fjellhagen min , på eine sida av svart svarthyllen for å kunne gje dei ein nokonlunde tørr sommar (i den grad det let seg gjere her på vestlandet).

Denne veka har fontena og komme på plass igjen i hagen og er i funksjon. Har ikkje bilde av den å vise men den er dekorert med kvit dekorstein, andre steinar i fine fargar og grøne garnkuler.
Syns faktisk den tek seg bra ut der den står......

Ellers har det vorte ein del ugrasreinsking og påfølgande dekking med plengras.
I går fekk eg slått plenen igjen, og har ein ny stor haug med grasklipp som skal utover i bed her og der.

Ellers blomstrar det meir og meir rundt i hagen både i woodlandet og i fjellhagen, og i "Morelltrebedet" er det fortsatt ei overdådig Primulablomstring.
Den siste veka har eg ikkje teke bilder av dei blomstrande - det må eg få gjort noko med idag.

Sjølv om det er 17. mai idag må dyra ha stell så eg skal på jobb både morgon og kveld og få melka og stelt dei firbeinte.
Når eg kjem heimatt etter morgonstellet skal eg sette på rugemaskina med dverghønsegg, dei sokalla pønkarhønene.... håpar på godt resultat for eg har lovd vekk kyllingar både her og der i tillegg til dei eg skal ha sjølv.

Nei no gjekk tida frå meg.... må skunde meg og gjere meg klar for jobb - kyrene ventar!

Ynskjer alle ein fin 17. mai enten den vert feira som meg i hagen eller i meir sosiale omgjivnader!

søndag 10. mai 2009

Vekesrapport

Etter ein fantastisk april med gode temperaturar og svært lite nedbør har vi lagt bak oss godt og vel ei veke av mai som har bestått av mykje vind og nedbør med nysnø i fjellet - ja enkelte dagar heilt ned i skogen, regn og hagl i lavlandet.
I April fekk vi bare 38 mm nedbør og det var begynnt å bli farleg tørt med tanke på skog-og lyngbrandfaren rundt omkring.
Til no i mai har vi målt opp 106 mm i den offisielle målestasjonen vi har her.
Vi har fått rikeleg nok no til vekst og blomstring ei tid framover og sannelig varslar yr.no om "godt og tenleg veir" den kommande 10-dagarsperioden.
Mange av dei blomstrande plantane i hagen min ber sterkt preg av all nedbøren og vinden den siste tida - særlig auriklane ber preg av det. :-(


Ein av dei som ser ut til absolutt å like det fuktige veiret er denne dvergakeleia - Aquilegia flabellata 'Nana' , eit virkelig lyspunkt i fjellhagen.

Idag skal eg flytte på ein del av auriklane slik at eg har kvar farge samla, men eg har også mange som eg ikkje veit kva farge dei har.
Nokre er frøsådde og nokre har eg bytta til meg her og der.
Forøvrig var spiringa av auriklane svært god i år, både heimavla og frø frå Dansk Primulaklubb.
Dei siste dagane har eg prikla ein heil del både auriklar og andre Primula av årets sådd.
Eg har skifta mellom prikling i drivhuset og arbeid ute i hagen alt etter korleis veiret har vore.

På Onsdag var eg på hagevandring på andre sida av fjorden (Stårheim) ilag med andre medlemmer av hagelaget - ei triveleg stund til tross for kjølig og guffent veir den dagen og.

På fredag fekk eg spennande plantebyttepakke i posten som eg har potta og sett i drivhuset - idag skal eg plukke ut og pakke returpakke, alltid like kjekt begge deler. :-)

Igår fekk eg klipt buskbomhekken min så no ser den riktig så kjekk ut!!


Ein del av avklippet brukte eg som stiklingsmateriale - stakk dei rett i jord på ein skuggefull plass og håpar på godt tilslag.
Har god erfaring med det frå før ettersom heile hekken min er heimelaga, stiklingar frå ein gamal buskbom som stod i hagen då vi overtok her.

I fjellhagen blomstrar enkelte fint no :

Her er det ein Lewisia som akkurat har starta blomstringa for i år.

Denne har eg misst namnet på ... er det nokon som kan hjelpe meg med namnet ?
Blåfiolette blomster i hengande klasar, vintergrøne blad.



Den vesle Aquilegia canadensis nana ser eg hadde absolutt gjort seg med fleire eksemplar ilag, det må gjerast noko med.

No må eg gjere alvor av å gå ut og gjere noko med dagens oppgåver, veiret til tross !

Ha ein fin søndag alle saman ! :)

mandag 4. mai 2009

Primula elatior - Hagenøkkelblom





Primula elatior eller på norsk Hagenøkkelblom er ein Primula eg set stor pris på, og nett no blomstrar dei på det flottaste i mange fargar.
For mange år sidan kjøpte eg ein frøpakke med blanda fargar som eg har hatt i hagen sidan.
Desse Primulane er hardføre, eg vil tru dei klarar seg over store delar av landet.
I hagen min veks dei fleste av dei i Morelltrebedet, dvs. delvis skugge det meste av tida eller sola silt gjennom bladverket på dei to store ca 50 år gamle morelltrea som no står i full blomst og eg trur dei likar seg der.
Dei produserar masse frø som er lette å så - i det heile ein enkel og grei vårblomst å ha med å gjere. Her hos meg kjem dei med eit haustflor og, og det er heller ikkje uvanleg at enkelte blomster er å sjå gjennom heile vinteren dersom det ikkje er snø.

Alle bileta er klikkbare, dei gjer seg absolutt i større utgåve!







Merkelig kor uryddig det vart med bilda i dette innlegget, ikkje klarar eg å rette på det heller så det får vere som det er .....