onsdag 5. mai 2010

Blomstrande plantar på Nordåker pr. 1. mai 2010 - del 3

Mogop - Anemone vernalis veks vill i fjellheimen på kalkrik fjellgrunn. Hos meg trivst den godt i fjellhagen i grusblanda jord med mykje skjellsand innblanda. I år har den 10 blomster.


Blåveisane mine har fått hard medfart av veir og vind denne våren. Hagl, sludd, snø og regn har ført til at blomstrane har sett lite tiltalande ut til tider. Her er den fylte sorten 'Kyrvinberg'
som viser seg å være svært vanskelig å gjengje på foto med rett farge, men her er det beste bildet eg har fått av den i år.

Ungarsk blåveis - Hepatica transsilvanica her representert av sorten 'Weinreich Weize' Dei ungarske blåveisane er ikkje kalkelskande slik den vanlege blåveisen (H. nobilis) .


Den europeiske blåveisen Hepatica nobilis har blomstra ifrå seg for i år, der var mange blosmter på denne tua og humlene har nok gjort sitt i mellom regn- og snøbygene og no er frøproduksjonen i full gang.



Anemone vulgaris 'Alba' - Stor kubjølle finst i fleire fargevariantar - den kvite er fyrst ute her hos meg.


Anemone ranuncloides - Halvfylt gulveis har fuska litt ettersom den stod i potte i drivhuset i vinter og kom igang ein del før "normaltid" , men fin er den iallefall.

Kvitveis - Anemone nemorosa har eg mykje av i hagen min, både i bed og andre stader. Den vanlege viltvoksande er den tidlegaste, seinare føl andre sortar/variantar på.
I fjor fant ei gruppe med kvitveis der baksida av kronblada var grøne - ikkje så uvanleg det, men desse var nesten heilt grøne på baksida og eg tok med meg ein rotstokk. Idag planta eg den potta i eit bed, men rimeligvis er ikkje den blomstringsdyktig i år.

3 kommentarer:

Villrose sa...

Åååå, så nydelige...

RandiF sa...

Så nydelig den Mogopen var. Eg får ikkje til kubjelle ein gong i min hage. Men har ikke grusbed eller skikkelig drenert bed til dei heller.

Torill sa...

Her var det mykje fint og smått å sjå. Takk for titten !!