mandag 10. mai 2010

Wanted

Wanted



Det var dessverre ikkje lenge gleda av å ha Råger Mår, alisas James Bånd, alias 007 som inventar i hagen varte....
Synet som møtte meg idag tidleg eg kom og skulle fôre hønene mine var alt anna enn lystelig. Det fyrste eg såg då eg kom inn døra var at i fyrste "romet/buret" var det ein daud hane og ein hane som hadde misst det meste av velet ("halen"), men såg ellers ok ut. Når eg såg bortover dei andre bura var det daude fjørkre overalt......Alle dei flotte dverghønene mine låg daude på golvet og i kassene sine - hutte tu for eit syn - daude høner/hanar og fjør overalt!!!!!!!
Dei store wyandotthønene og- hanen sat mutte og forskremde i krå og hykte, dei hadde ikkje måren fått has på - ikkje ser det ut til at dei er fysisk skada heller...psyken er det vel verre med tenkjer eg!
Eg håpar at den store wyandotthanen forsvarte haremet sitt godt og gav måren juling så det forslo.
Det var ikkje anna å gjere enn å grave ei dugeleg hole å bære ut elendigheta og det var ikkje gode tankar og ord eg bar med meg på vegen må eg innrømme.Eg vurderte både det eine og den andre straffemetoden - alle med same endelikta sjølvsagt....... men så er det slik at han har vel ein familie måren og, og i desse tider har han sikkert ungar ein kvar stad - kansje ikkje så langt vekke, det står mange ubrukte uthus, gardfjøsar og låvar i nabolaget og når alt kjem til alt får ein prøve å være litt humane opp i det heile. Han gjorde jo bare det som er naturleg for ein mår......
Plassen der han hadde teke seg inn i huset har eg funne og gjort så godt eg kan til at måren ikkje kan komme seg inn der att iallefall, men kven veit - det er velkjendt at måren kan gnage seg gjennom nokså mykje treverk dersom han virkelig vil!

No håpar eg at eg får tak i ei rugemaskin eg kan låne slik at eg får ruge ut dei egga eg har liggannde etter dverghønene mine. Den rugemaskina eg har er i bruk og har ca 2 1/2 veke att til den er ferdig med sin prosess. I den maskina er det for det meste Wyandotte-egg som eg har love vekk kyllingar til andre. Skal eg vente til dei er ferdige vert mange av dei egga eg har for gamle for ruging.



Slik såg det ut i eit av bura då eg kom idag - eit trist syn .....

19 kommentarer:

Mariann S sa...

nei og nei for ett trist syn då :(

Blomsterguri sa...

Nei, dette var ikke noe greit. Trist - men slik er livet. Håper du får ruget ut de eggene som kan skaffe deg nye dverghøns! Hønsenetting på innsiden av hønsehuset?

Unknown sa...

Næmmen huffda!! Så fælt! Men det er jo som du sier, roger gjør jo bare det instinktet sier han. Men himmel... kunne han ikke bare tatt èn og stikke?
Stakkars hønene som er igjen. Noen timer i terapi må nok til der ja. Huffameg.
Men er det ikke best å la pusen være inne om natta? Bare slossing ute, med andre katter og Roger..

Anonym sa...

Huff... så kjedelig. Håper du får stengt ute ugjerningsmåren.

Unknown sa...

For et fælt syn. Stakkars hønene, hvor redde de må ha vært.
Kan du ikke sette venteliste, slik at du får ruget ut egne kyllinger først. Det er IKKE frekt etter en slik skrekkopplevelse i hønsegården.

Min mormor var ei ungjente da hun kom over en hønsehauk som forsynte seg blant hønene. Jeg aner ikke hvordan den kom seg inn i hønsegården. Hun dro til den med spaden og vrei etterpå halsen av på den. Noget brutal framferd, men som hun sa mange år etterpå. De eggene skulle jo storfamilien ha som mat.

Marit sa...

Så fryktelig da! Skjønner godt at det må ha vært et grusomt syn som møtte deg i dag tidlig.

hajal. sa...

Jau sjølvsagt vil eg halde av kyllingar til eige bruk fyrst og fremst, det er bare det at dei som ligg til ruging no er for det aller meste av dei store hønene og dei har eg jo sjølv. Bare nokre få av dverghønene la eg i maskina for å fylle den opp. Er eg heldig er der kansje ein to-tre dverghøne egg som klekker og så spørs det om der vert av begge kjønn. Som regel brukar det være stor overvekt av hanekyllingar.
Det vil tida vise.
Foreløbig har eg ikkje fått napp når det gjeld rugemaskin - dei er jo i bruk på denne tida hos dei fleste.

krepsemor sa...

Så leit å lese om hønene dine! Håper det er siste gangen han besøker hønsegården!

hajal. sa...

Krepsemor:
Han vil nok heilt sikkert prøve seg igjen når han veit at det er levande høner der inne, men eg får bare håpe at han ikkje klarar å bryte seg inn fleire gongar.

Kristin Aurdal sa...

Nei og nei for et trist syn, og jeg som bekymret meg for egga til småfuglene. Stakkars høner. Håper du klarer å holde han ute, men det skal vel godt gjøres at måren ikke klarer å komme seg inn likevel.

Jeg hadde virkelig vurdert drastiske tiltak.....

Unknown sa...

Æsj. Er mår fredet vilt? De har vel unger nå, de også...

hajal. sa...

New Dawn:
Eg føler meg slett ikkje trygg på han no nei.... klarar han å komme seg in ein gong til så vurderer eg å omdøype han frå råger Mår til McGyver...

Anita:
Eg trur det er jakttid frå 1. des. til 1. mars og ja, eg reiknar med at han har ungar no ja.

Elsa sa...

Nei og nei, dette var trist å lese om:(
Håper du får låne rugemaskin så du får ruga ut de egga du har så du får nye dverghøns.

tutta sa...

:O oy, action på davikja ja.. du kan vel få mamma til å ruge på noen egg, når ho alika vel sitter forran dataen ;)
ja du får døype 007 om til McGyver om han oppføre seg slik ein gong til! vudert strømgjere rundt?

Mariann sa...

Dette var et trist syn, fortvilende når slikt skjer. Husker det samme skjedde med hønene på gården der jeg vokste opp, men der var det minken som var synderen.

Håper du har klart å stenge han ute no.

RandiF sa...

Nei og nei, kor trasig dette var!! :-(((

Berit sa...

Dette var ille, Hajal. Krysser fingre for at har stengt inngangene for måren og for at du får låne rugemaskin så du får ført stammen videre.
Det ligger en award til deg inne hos meg, om du vil gjøre noe med den oppi alt sammen.

hajal. sa...

Ja det var kjempeleit heile greia, men no har eg heldigvis fått avtale om lån av rugemaskin så får vi håpe at det vert nye kyllingar i hønsehuset om tre vekers tid.

Det mest trasige var at det er sannsynligvis berre eg som har den fargevarianten av desse dverghønene i landet. Dei eg kjøpte frå Jæren i si tid var importerte frå Danmark og ikkje spreidde vidare frå han eg kjøpte dei hos. Dei som har fått hos meg har heller ikkje avla meir på dei så no er det viktig å få nokre kyllingar iallefall. :)

hildeg sa...

Usj, så trist! Trøsteklemmer til deg. Jeg ønsker meg også høner, men skogen er nærmeste nabo og her er det både rev og grevling...