tirsdag 27. april 2010

Ligularia - Nøkketunge

Ligularia przewalskii - Aksnøkketunge


Eg har fire forskjellige Ligularia i staudesamlinga mi.
Dei trivst best på litt fuktig jord i sol eller halvskugge og er fine å bruke på plassar nær dammar eller grover med rennande vatn. No har eg ikkje dam, grover eller rennande vatn i hagen min så dei må klare seg med den plassen eg kan tilby og det ser ut til at dei trivst godt der dei står.
Særleg fine syns eg at dei mørkblada sortane er om våren når dei nye blada held på å folde seg ut.


Ligularia dentata 'Britt-Marie Crawford' er den absolutt mest dekorative nøkketunga eg har - iallefall no om våren. Den har ein mørk, lekker farge på blada som den beheld gjennom heile sesongen. Den vert ca 125 cm høg og i Juli-September har den varmgule blomster.


Ligularia dentata - Vanleg nøkketunge er også kalla Breinøkketunge med gule til gul-orange blomster. Den vert mellom 100 til 150 cm høg alt etter kor godt den trivst. På undersida av blada er den raudfiolett , det same er blada med det same dei sprett opp om våren men dei går over til mørkt grønt etterkvart på oversida.

Ligularia stenochepala 'The Rocket' - Søylenøkketunge heiter denne sorten. I Juli-August får den ca 150 cm høge spir med gule blomster . Også denne sorten har raudfiolett underside av blada noko ein kan skimte i needre bildekant.

Ligularia przewalskii - Aksnøkketunge vert ca 150 cm høg og har gule aksforma blomsterstandar i juli - september. Dekorative blad.



Ligularia przewalskii sjølvsår seg i beda dersom ein ikkje passar på å ta vekk blomsterstandane før dei set frø. Her er ein liten przewalskii som har fått rotfeste i utkanten av perleblomstgruppa. (Muscari). Dersom nokon er interessert har eg nokre plantar av desse å avsjå.

Eg trudde eg hadde bilder av alle Ligulariane mine i blomst, men det syner seg å ikkje stemme så det får halde å presentere den eg har. (Øverste bilde).

torsdag 22. april 2010

Hypertufatrauet

No har eg endeleg fått planta og laga til hypertufatrauet mitt.
Som det går fram av bildet brukte eg ein kartong som ytterforskaling som var for lite kraftig slik at den seig litt utover. Det same var tilfelle med den eg brukte som innerforskaling slik at den seig innover, noko som syner godt på bilde 1.
Detter er ei erfaring å ta med seg til neste forsøk. Eg vil tru at det hadde hjelpt ein del om eg hadde forsterka kartongen med kraftig tape på utsida både på ytterkassa og innerkassa, eller evt. laga ei ramme rundt av eit eller anna for å halde på fasongen.
Men altså bruk kraftig kartong som forskaling, eller ein anna metode er å grave seg ut ei hole i bakken, då treng ein bare innerforskaling og den ytre forma kan ein variere i langt større grad slik ein vil.

Her har eg fyllt singel i botnen for å sikre drenering. Under singelen la eg små, flate steinar opp på dreneringshola så ikkje singelen skulle ramle ned i, det er nok ar dei er så store at dei dekkjer hola.
To av hjørna har fått sprekker under handteringa med flytting og transport, det gjenstår å sjå kva det fører til når den har lagt bak seg ein vinter eller to.


Opp på singelen har eg lagt ei matte for å hindre at jordmassen sig ned i singelen.
Plantejorda består av plantejord, skogsjord og sand i like deler, men det kan ein variere etter kva ein har tenkt å dyrke i trauet.

I dette trauet har eg planta typiske fjellhagestauder som takløk, Sedum, Androsace poisonii, Androsace x pedemontana, Androsace hederantha og Primula dinyana.

På toppen dryssa eg ca. 1 cm med sand for ekstra god drenering rundt rothalsen på plantane.

Det er litt vanskelig å få gjengje trauet full rettferdighet på bilda syns eg, men det vert nok lettare å sjå korleis det ser ut etterkvart som plantane veks seg til utover sommaren.

Eg ser på dette som eit prosjekt i forsøksstadiet og kjem nok garantert til å lage fleire trau etterkvart.

Dersom nokon som les bloggen min har gode råd og nyttige tips å gje ang. laging/bruk av hypertufa tek eg gjerne imot råd og vink i kommentarfeltet . Eg reiknar med at dei som har gjort dette før har både pluss og minus dei kan dele med oss nybegynnarar. ;-)


Her er eit nærbilde av Androsace poisonii som eg har planta i trauet mitt.



Mogopblomstring i fjellhagen.
Til slutt vil eg vise eit bilde av Mogopen min ( Pulsatilla vernalis/Anemone vernalis) som i går opna dei fyrste blomane av året.
Den er tre år gamal no og har 8 knoppar som skal sprette ut etterkvart så den ser ut til å trivast godt i grusblanda skredjord med mykje skjellsand i.

tirsdag 13. april 2010

Hurra, eg fant kvitveis i blomst.

I går fant eg dei fyrste kvitveisane i blomst, noko som eg held som ein merkedag kvart år. I år er det 14 dagar seinare enn i fjor då den fyrste opna seg 2. april noko som var svært tidleg.


Når eg fekk sjå meg rundt i gamalt fjorgras fant eg ei heil gruppe som var utsprotten.


Også påskeliljene ( Narcissus pseudacorus ) er komne i blomst her hos oss -

Også vårkålen (Ranunculus ficaria) er kommen i blomst (gløymde å ta bilde av den) men den er eg mindre glad for å ha i nærleiken - iallefall i hagen!

No har vi virkelig følelsen av at våren er komen, men skal vi tru veirmeldingane er det fare for snøfall i slutten av veka - typisk!

Ha ein fin vårdag alle saman! :-)

søndag 11. april 2010

Kurs i hypertufa

I går. laurdag. var eg på Hypertufakurs på Nordfjordeid ilag med 8 andre kursdeltakarar.
For dei som ikkje veit det er hypertufa plantetrau som er laga av 3 deler sand, 1 del sement 1 del ugjødsla torv + høvelege mengder vatn.
Høveleg tjukkelse i botn og sider er 3-4 cm så å finne kartongar som passar til kvarandre er ikkje alltid like lett.

For nokre år sidan las eg om hypertufa i Norsk Hagetidende og har mange gongar tenkt at eg skulle prøve det "på eiga hand". No fekk imidlertid Eid Hagelag tak i kurshaldar Gro Haga frå Viksdalen til å halde kurs og då melde eg meg på ilag med 7 andre. I eit strålande flott vårveir var det ein kjekk samankomst og eit nyttig kurs for oss alle.
Personleg lærte eg iallefall at det er ein fordel med kartongar som er litt kraftige - både den innerste og den ytterste.
På leiting etter høvelege kartongar....

Her er støypinga i full gang. Vi brukte betongblandar i tillegg blanda kvar enkelt kvar til seg i bøtter og det gjekk heilt fint, særleg er murerbøtter praktiske til dette om det er små arbeider ein held på med.

Kassa lengst til høgre var for svak og seig litt vel mykje utover på sidene og innover i midten så den måtte få "magebelte" på for ikkje å sige for mykje utover. Sterkare kartong må til eller evt. forsterkast før støypinga tek til med kraftig tape. Evt. oppstøtting på sidene med eit eller anna så den held forma til betongen har storkna.

Her vert det mange fine plantetrau som i slutten av veka er klare for finpuss og beplantning med fjellhagestauder. Dei vert nok flotte utover sommaren etterkvart som det veks seg til .


Etter støyping er det bare å vente "ei lita veke" på at betongen skal herdne. I mellomtida må den påpassast med ein svak dusj eit par gongar pr. dag for at betongen skal bli sterk nok.

Hypertufa plantekar kan ein lage i alle slags former, bare fantasien set grenser eigentleg.
Får ein ikkje tak i høvelege kartongar kan ein også grave ut hol i bakken og bruke det som forskaling. Då treng sin evt. bare ein kartong, ei bøtte eller kva som måtte passe som "innerforskaling".
Det er og ein fordel å ha klar treklossar å sette den i botnen av trauet ved støyping for å få dreneringshol så slepp ein å bore hol i etterkant.

Undervegs i kurset hadde vi det også sosialt med måltid og god prat i godveiret.
Takk til deg som let oss disponere plass på tunet - ikkje bare på kursdagen, men også nesten ei heil veke i etterkant.

fredag 9. april 2010

Våronn

Her er det den 5 m lange kanten med Marikåpe (Alchemilla) som får vårklippet sitt.

No har våronna starta her hos meg og. Eg er så heldig at eg har yngstedattera heime eit par veker som har tilbytt seg å hjelpe til med våronna i hagen og det vart eg svært glad for.
Med meg vert det for det meste "puslerier".
På onsdag fekk eg shina opp fjellhagen så no ser den nokså bra ut og eg trur det meste har overlevd vinteren der og. Den har jo hatt ekstra godt snødekke ettersom det er der all snøen hamnar som må måkast vekk frå vegen inn til huset.

Pionane er i full vekst og alle saman har klart seg fint denne vinteren. I tillegg til flotte spirar fant eg ein god del pionfrø i bedet då eg reinska der og dei var tekne vare på og skal såast, stratifiseringa her dei jo allereide fått på naturleg vis.

Den Ungarske blåveisen ( Hepatica transsilvanica) er i full blomst. Denne sorten heiter 'Weinreich Blaue' og er ein flott sort.
Eg har også "systersorten" 'Weinreich Weize' som er reint kvit.

Her er det vanleg norsk blåveis Hepatica nobilis som blomstrar flott.
Plana er at eg denne våren skal omarbeide eit av beda mine under det øverste morelltreet til blåveisbed.......


Det er krokusane som dominerer blomstringa i hagen no og dei har eg i mange variantar. Eg har planta dei både i plen, bed og fjellhagen og bak huset har dei fått sådd seg fritt ettersom slåtten der vert teken med ljå og krokusfrøa rekk å bli modent før eg tek slåtten.

I fjellhagen eignar små krokusgrupper seg godt syns eg, men helst dei botaniske artane. Dei foredla sortane vert litt for dominerande syns eg.




Eg reiknar med at det må til fleire slike økter som vi hadde i går for å komme i land med våronna i hagen, men med god hjelp skal det nok gå bra. I dag er det andre ting som står på programmet for Silje sin del, men eg skal ta meg ei runde og fullføre den delen vi begynnte på i går.

I morgon skal eg til Eid og delta på Hyperturfakurs i hagelaget sin regi og det vert interessant - Dette er eit kurs eg i mange år har hatt lyst å delta på etter å ha lest ein artikkel om det i Norsk Hagetidende for mange år sidan. Bilder og referat derfrå vil eg komme tilbake med.

Også billene har starta våronna...... nye generasjonar må til der og om livet skal gå vidare.

Idag er det 9. april og i den samnheng går nokre av tankane mine 70 år attende i tida og det som hende 9. april 1940. Eg og min generasjon som ikkje opplevde krigen kan nok ikkje sette oss inn i korleis det var å oppleve at landet vart okkupert, og framande makter overtok styringa.
Vi har enormt mykje å takke dei som kjempa imot og gav liva sine for eit fritt land i dei 5 åra landet var okkupert og på framande hender.

Tilslutt vil eg gjere merksam på at eg har "innstallert" eit oversettingsprogram i bloggen min så mine utanlandske venner og gjestar kan få med seg det meste av det eg skriv og.
Det var artig å sjå at det tok ikkje lang tid før der var registrert utanlandske gjestar på flag counteren min som eg også "innstallerte" i går.
Takk for god assistanse til den som hjelpte meg med koder og veiledning til begge deler! :)


Ha ei fin helg alle og nyt vårteikna, vårlufta og fuglesongen.

søndag 4. april 2010

Påskedag 2010

Eg håpar at dette biletet av bygda sitt eige "påskegg" -Gullskora -vert det siste vinterbiletet denne sesongen!
Sjeldan å sjå fjorden så blank som ein spegel, men det var det den dagen (30.mars) då madammen tok dette biletet frå varandaen vår.



Påskeliljene rakk ikkje å bli ferdige til påska dette året, men om ikkje lenge har eg mange flotte gule tuer rund om i hagen.


I dag har eg vore ute og reinska litt i fjellhagen og bed, men det var ikkje så lange stunda før eg måtte gje meg og gå i hus att - energien er ikkje på topp nei, men eit innlegg i bloggen vart det jo i pausa..... så får eg sjå om det vert ei økt til seinare idag.
Har fått yngstedattera heim på besøk og ho skal være her eit par veker så eg får spørje pent om litt bistand så eg får gjort det grøvste før veksten kjem igang for alvor ! ;-)



Helleborus niger - den reint kvite julerosa er fullt utsprotten no. Vakker!

Blåveisane er også såvidt begynnt å sprette ut. Det ser ut til at alle har overlevd vinteren og det er kjekt ettersom eg i fjor skaffa meg fleire nye sortar både av den vi har viltvoksane her i landet Hepatica nobilis og ungarsk blåveis H. transsilvanica. Knoppane er klar under snøkåpa og så snart snøen er vekk foldar dei seg ut mot sola og lyset. - Vårteikn betre enn noko anna!

Her ser vi knoppar på Hepatica transsilvanica 'Weinreich Weize' - på biletet under er det også ein ungarsk blåveis H. transsilvanica 'Weinreich Blaue'


Her er det Hepatica nobilis marmorata - ein blåveis eg importerte frå Tyskland i fjor som skulle ha sølvmarmorerte blad, men det har den lite av så det spørs om ikkje det er ein feilmerka plante eg har fått!!!! - Iallefall er blomsterknoppane velfyllte og sprettande klar til å opne seg mot verda.

Krokusgruppene lyser mot meg mange stadar i hagen - dette trur eg er C. tomasianus som eg har grupper av fleire stadar.


Under sommarfuglbusken (Buddleja) har eg planta grupper av forskjellige krokusar som lyser opp. Her har småfuglane hatt mellomlanding med solsikkefrø i vinter så det ligg betydelege mengder med solsikkeskal på bakken. Litt beskjæring trengst og iløpet av våren.

Enkelte av Auriklane mine ute og har begynt å vise knopp. Eg gled meg til dei kjem i blomst, håpar at mange av dei sjølvsådde kjem i blomst i år med mange nye fargevariantar.

Kuleprimulane viser og knoppar og begynnande farge.


Tilslutt vil eg vise den flotte barken på snøklokkebuska mi - Halesia carolinae - det er ikkje bare "snøklokkeblomstane" på den busken som er tiltalande.

I går på påskeafta hadde vi eit strålande pent veir med sol og bra temperatur som lokka fram både den fyrste humla og den fyrste sommarfuglen dette året.
Kjekke vårteikn!
Idag er det overskya og søraust bris. Det ser ikkje ut til at det skal bli meir sol idag enn dei små og få glytta vi fekk i morgontimane, men det er bra temperatur så vi er fornøgde bare det er opphald.

Tilslutt vil eg ynskje alle ei fortsatt god påske!