lørdag 16. juni 2012

Høgsesong for akeleieblomstring



No er akeleieblomstringa i full gang i hagen. Eg har forskjellige av dei, men som kjent er akeleier ein svært så flyktig plante mht. kryssing mellom dei forskjellige artar og sortar og det oppstår ofte frøplantar som kjem med nye fargar om dei ikkje vert luka bort. Årleg lukar eg bort mange frøplantar for eg er ikkje alltid like flink å fjerne frøkapslane før dei vert modne, men det gjer no det heile meir spennande...


Denne burgunderfarga har eg hatt i hagen i mange år, her fant eg ein blomst der to av tuppane på kronblada var grøne.  Desse vert ca 65 cm høge.


Kvite akeleier har eg forskjellige plassar i woodlandet, blir opptil 100 cm høge.




.... her ei som har funne selskap med Clematis recta atropurpurea noko som framhevar begge partar.


Blå har eg i fleire variantar som strekker seg mellom 60 og 100 cm





Og rosa som denne....


... her er den same i profil. Ca 60 cm høge.






Denne fylte sorten vert ca 50-55 cm høg og blomane er oppovervendt


Denne tofarga under heiter 'Magpie' og er ein av favorittane mine. Det er den høgste av alle og vert ca 115 her i hagen hos meg.


Gule variantar har eg og, som denne som er ca 60 cm




Denne gule og rosa/ orange var nokså vrien å ta bilde av, måtte bare gje opp profilbilde av den. Ca.100cm høg og held på å opne fyrste blomen no i morgontimane...


Ei halvfylt burgunder held også på å opne fyrste blomen idag, også ca 100 cm høg.


og ei ny rosalilla som hadde sådd seg i kanten av stien i woolandet må få være med...


Kansje min største favoritt er den ca 20 cm høge tidlegblomstrande Aquilegia flabellata nana som blømer samtidig med auriklane. Den er for det meste avblomstra i denne omgang, men fjernar ein frøskolmane kjem den att med eit seinare flor. Eg fant nokre etternølarar som var i blomst enno.
Denne eignar seg godt i fjellhagen.



Til slutt vil eg vise ei akeleie som tilhøyrer slekta Semiaquilegia.
Semiaquilegia ecalcarata vert bare 30-35 cm høg og er svært blomsterrik, ein absolutt alternativ for fjellhagen.






lørdag 9. juni 2012

Forsommarblomstring på Nordåker

Då er det på høg tid med ei oppdatering av bloggen igjen. Må innrømme at den blir litt forsømd for tida, men slik er det.
Vi har hatt 3-4 dagar med varmt og fint veir noko som var svært velkomment etter den kalde våren og forsommaren så langt, med unntak av pinsa som var utruleg flott.
Forrige søndag hadde eg og to andre hagar i nabolaget besøk av Gloppen Hagelag med ialt 12 deltakarar. Kald vind og tidvis regnbyger gjorde at det vart litt i suraste laget, men var likevel ein koseleg dag med mykje planteprat i hyggjeleg lag.
Idag tok eg ei fotorunde i hagen og vil vise nokre av dei bileta eg tok + nokre andre som er litt eldre, men frå no i år.

Det flottaste bildet eg tok idag må være dette av Blå valmuesøster (Meconopsis betonicifolia)

Kvit valmuesøster (M. betonicifolia 'Alba') står i knopp og, den står litt meir skyggefult og er nokre dagar seinare, men sjølv syns eg knoppane i seg sjølv er nokså vakre og.

Auriklane mine er på retur, dei fleste har blomstra frå seg, men andre Primulaartar tek over.

Her er det Primula chungensis som har blomstra ei god stund. Dei er nokså vanskelege å få nærbilde av så det får klare seg med dette gruppebildet. Om ein studerer det nøye ser ein at kvar plante har fleire etasjar (kransar) med blomster på kvar blomsterstilk. Nokså stilige plantar syns eg.

Her er det Primula polyanthus som er veldig blomsterrik. Eg hadde mykje av dei tidlegare, men vinteren for to år sidan med sterk barfrost ein heil månar i november- desember gjorde sterkt innhogg i bestanden. Dei finst i mange fargar og trivst best i halvskugge.

Primula waltonii kan være nokså variabel i fargen, men min er burgunder på utsida og fløytefarga innvendig. Trivst best i skuggen på fuktig, men ikkje våt jord. Min trivst veldig godt ilag med Arisaema som er svært sein før den dukkar opp etter vinterkvila. Eg såg den var på veg opp idag så den har iallefall overlevd denne vinteren også.

Desse to under er  variantar av Primula japonica- ein villig og god Primula for woodlandet.


På bildet under er det  Euphorbia griffithi 'Fireglow' som har blomstra fint lenge. Den blir ca meteren høg og sprer seg sterkt dersom den har fritt spelerom. Min har i år komme under muren og opp i drivhuset som ikkje har støypt plate. Eg må gjere noko med det slik at den ikkje overtek heile drivhuset.



Tilslutt vil eg vise eit parti frå woodlandet mitt som eg er bra fornøgd med. Den mørkblada planten framme t.h er Ligularia 'Britt-Marie Crawford' ellers er det m.a.  fire forskjellige Acer. Den gulorange heite Acer palmatum 'Orange Dream' og den lyse t.v er Acer shirasawanum aureum som gjer seg godt mot dei raudblada Acerane.


fredag 18. mai 2012

Aurikkelblomstring -


Dagen i dag skal visst markerast som "Fascination of Plants Day", og ei av dei planteslektene eg har aller størst fasinasjon for er Primula og då i særleg grad hageauriklar "(Primula x pubescens). Etterkvart har eg erverva meg mange forskjellige variantar i forskjellige fargar og nyansar av fargar. Nokre av dei har eg bytta til meg, men dei fleste har eg frøsådd og då veit ein ikkje kva som openbarar seg når den fyrste blomen opnar seg, så det er spennande dagar for eg har enno ein del fyrstegangsblomstrande som eg ventar på.
Denne trur eg er ein "Konkel-aurikkel" ...


Denne brune med gylne kantar fekk eg av ei eldre dame i  nabobygda for over 20 år sidan
Dei siste tre variantane over her ser nokså like ut, men dei har alle forskjellig senter når ein studerer dei nærmare.


Denne sorten har forholdsvis små blomster og er meir "klokkeforma" enn vanleg.
Her er ein fyrstegangsblomstrande av året som eg var svært nøgd med ettersom eg ikkje hadde lyseblå variantar frå før.

Denne blågrå varianten syns eg er vakker
Dei gule hageauriklane er eg spesielt glad i. Eg har observert at dei aaller fleste gule har sterkare og betre duft enn mange av dei andre. Auriklar duftar DEILIG!!!!!!! 
Eg har nokre kvite og, denne kvite er den einaste fylte aurikkelen eg har foreløbig. Skal eg være heilt ærleg syns eg dei enkle er finare.
Ikkje alle auriklar er like lette å ta bilder av. Denne var ein vriompeis i så måte, men omsider fekk eg eit bilde som eg tilslutt let gå gjennom "sensuren". Denne har nesten svarte blomster  som ikkje foldar seg heilt ut (blomsterforma minner litt om P. veris) og sjølve blomsten er nokså liten - ein spesiell variant som blomstrar for fyrste gong i år.


Når eg skriv dette har eg fortsatt ein del auriklar som ikkje har blomstra enno, og nokre variantar som ikkje var samarbeidsvillege mht. bildekvalitet. Om komande veke kjem med betre veir og temperatur vonar eg at fleire variantar dukkar opp så eg får ta eit oppfølgingsinnlegg om det skulle dukke opp noko nytt.

Ein av sortane eg har hatt i mange år har hjorten lagt sin elsk på denne vinteren og akkurat den gruppa var beita heilt ned og delvis nappa opp så stubbane låg opp på jorda tidlegare i vinter. Kvifor den valgde seg ut akkurat den gruppa er uvisst, men det kan tyde på at den sorten hadde smak/lukt som hjorten sette pris på.

Eg har og nokre showauriklar som har blomstra i drivhuset tidlegare i vår i drivhuset. For litt sidan oppdaga eg at mange av dei har fått rotlus, dei må eg behandle på eit eller anna vis så ikkje rotlusa sprer seg til andre drivhusplantar. Heldigvis stod desse for seg slik at fare for spredning til andre plantar ikkje skla være fare for.