søndag 29. august 2010

Award - ei utfordring på ymse vis



Eg har fått award frå New Dawn i bloggen hennar - Tusen takk New Dawn for utmerkinga! :)
http://newdawnsinhagedagbok.blogspot.com/
Med awarden følgde ei utfordring som består av 7 ting eg skal fortelje om meg sjølv. Ikkje enkelt akkurat å velje alle punkta eg vil ta med, men eg let det stå til.

1. Den hagegale
Eg er fullstendig hagegal, noko dei fleste sikkert veit frå før, men det er ikkje nokon heilhetleg hage eg har. Som plantesamlar flest er beplantninga i hagen min "alt mulig" og ingen store parti med eins farge eller form. For meg er det mest interessant å få til den og den plantearten, så for meir strukturerte hagefolk fortonar sikkert hagen min seg som eit sant kaos.... LOL

2. Slektsforskaren
Den andre store hobbyen min er skektsgransking som eg har halde på med sidan 13-14 års alderen. Det starta med å spørje ut slektningar, lån av bygdebøker og slektsbøker som sirlig vart avskrivne og samla i ringpermar. Etter at dataalderen kom inn i livet mitt er eg begynnt å legge desse opplysningane eg har samla inn i slektsprogrammet EMBLA. Dette tek tid for kvar person vert sjekka i kjeldene frå dåp til gravferd og kjeldehenvisningar skal med i databasen - eit tidkrevande, men svært så spennande arbeid. Det dukkar stadig opp fleire personar i mange familiar enn det bygdebøker og andre slektsbøker har fanga opp og ikkje alle opplysningar i desse bøkene er alltid pålitelege heller. Ofte må det både sjekkast og trippelsjekkast før ein kan være sikker på at dei opplysningane ein har om ein person er korrekte og mitt mål er at alle dei opplysningane eg har i databasen min skal være korrekte så langt det let seg gjere.
Bildet under er av to av mine tippoldeforeldrer.




3. Diktaren
Sidan ungdomsåra har eg hatt moro av å skrive dikt. Det meste av dei hamnar i mitt "private arkiv". Av og til kjem nokre av skriveria mine ut i offentligheta i form av dikt til 17. mai, bygdakvelden eller andre arrangement og private samankomstar.
Eg skriv for det meste for å more meg sjølv eller feste til papiret enkelte tankar og meiningar eg har, men kan det more andre òg er det ein ekstra bonus. Dei seinare åra har det vorte lenger og lenger mellom kvar gong det renn noko ut av pennen ser det ut for - det kjem iallefall periodevis.

4. Litteratur
Skal eg lese noko vert det oftast "faglitteratur" som hagebøker og -blad eller stoff med lokalhistorisk eller slektshistorisk tilsnitt.
Dessutan er eg glad i historisk baserte romanar, gjerne bygderomanar og naturskildringar. Særleg er eg glad i bøkene til Mikkjel Fønhus som eg las opptil fleire gongar i ungdommen.
Av diktarane våre er det Jakob Sande som står høgast i kurs hos meg, men når eg nemner Sande må eg og ta med dei pålangt nær så kjende novellene hans som er fullt på høgde med det andre han produserte. Han var ein meister med pennen! ;)

Jakob Sande's "Dikt i samling" og "Noveller i samling"


5. Bærplukkaren

Den beste ferien eg får er når eg tek med meg bærspannet og stryk til skogs etter bæra. Då kosar eg meg skikkeleg. Eg likar helst å gå åleine på desse turane for då styrer eg vegen, tida og tankane mine sjølv. Eg kan setje meg ned og la blikket glide langs strendene og bygdene innetter fjorden eller studere dyre- og plantelivet som ein del av naturopplevinga på desse turane. Det er balsam for sjel og kropp.

6. Reise
Å reise har eg aldri vore glad i, heller ikkje å køyre bil.
Bilen er ei nødvendighet for å komme seg frå A til B, men heller ikkje noko meir for meg.
Eg har imidlertid eit stort ynskje for framtida når det gjeld reise, nemleg ein gong å reise med hurtigruta langs kysten nordover for å sjå og oppleve Nordlandskysten og mange av dei stadane mine forfedre har levd sine liv langs kysten.


7. Høgderedd
Til slutt må eg komme med ei bekjenning.
Eg er nemleg høgderedd. Det er ikkje høgt eg skal klatre før det syg skikkeleg i magen og eg vert mo i knea. No har eg fått velvillige fam. medlemmer til å male huset i den høge nordaustramen.
Det ser ikkje ut til at det gjer dei noko å spankulere på stillaset der det øvste platået er 8,35 over bakken. No er veggen nedskrapt, vaska og grunna og enkelte bord og vindskeier er skifta, så skal den malast ut i veka som kjem.


Så er det dei eg vil utfordre til å ta stafetten vidare:

http://marianns08.blogspot.com/ Sunnmørshagen min

http://randifsinvestlandshage.blogspot.com/ RandiF sin vestlandshage

http://heimdalhagen.blogspot.com/ Heimdal

http://mittlillerom.blogspot.com/ Mitt lille rom

http://sommerhagen.blogspot.com/ Vår svenske sommerhage

http://heltpajordet.blogspot.com/ Helt på jordet

http://maritshagedagbok.blogspot.com/ Marits hagedagbok

onsdag 11. august 2010

På fangst i Valdres


For dei som køyrer i nærleiken av Fagernes er det vel verdt å stoppe hos Botanic Hagesenter like utanfor Fagernes sentrum slik eg gjorde i forrige veke då vi var nokre dagar hos dattera vår m. fam. på Skammestein.
Det var eit imponerande utvalg av stauder dei har i sortementet,. I følge ho som ekspederte meg hadde dei ca 1200 forskjellige staudesortar og deriblandt ca 30 forskjellige takløk.
Trur eg kunne ha gått der og trakka og studert i timevis om eg hadde anledning.
Til neste år har dei planar om å lage seg fjellhage-demosntrasjonsfelt så då vert det ekstra spennande å ta turen innom for å sjå den.

Sjølvsagt var det med ein god del stauder heimatt til Nordåker som ventar på å få ein plass å bli planta. Kvar eg skal plante dei er ei anna sak - det vil tida vise, foreløbig har eg ikkje klar planteplass til dei så dei vert nok sette på vent ilag med eit x antall andre stauder (det meste heimelaga og bytteplantar) eg har ståande på vent frå før.

Det eg kjøpte med meg var:
-Primula 'Francesca' - stooor utgåve som kan delast i mange
-Primula vulgaris 'Ken Deaman'
-Meconopsis nepaulensis
-Rodgersia pinnata 'Fireworks'
-Erodium variable 'Roseum'
-Azorella trifurcata
-Aethionema armenum 'Warley Rose'
-Sedum cyaneum 'Rosenteppich'
-Sedum cauticola 'Lidaense'
-Sempervivum arachnoides 'Rubrum'
-Sempervivum ciliosum var borsii
-Sempervivum 'Commander Hay'
-Sempervivum 'Red King'
- Sempervivum 'Red Ace'

torsdag 5. august 2010

Blomstring pr. 1. August 2010, del 3



Rosa helenae 'Hybrida' er ei nydelig rose med god duft som brer seg i hagen i desse dagar.



'Symphatie' klatrar i armeringsnettet.

'Golden Showers' - ei flott klatrerose.


e'Dronningen af Danmark'
.Her er det "Eikefjordrosa" som eg har omtala før i bloggen min. Ukjent sort, men eit klenodium som har ein særeigen betydning i hagen min ettersom den kjem frå kona mi sine besteforeldre sin hage som ikkje lenger er i familien. Den vekker mange gode minner.
Dessverre har den lett for å få roserust og ofte vert blomstringa øydelagt av mykje regn som den tåler dårlig.


'Rose de Rescht' ein gamal og god sort som finst i mange hagar - denne fekk mor mi med seg frå sin barndomsheim og eg har fått den vidare til min hage.

Liljene er midt i den flottaste blomstringstida og her er nokre av dei :
Lilium pardalinum er eit fyrverkeri av fargar i raudt, orange, gult og brunt som ikkje kjem så godt fram på bildet her pga. lysforholda. Skal prøve å ta eit betre bilde av den når eg kjem heim - den fortenar det! ;)



'Pink Perfection' er ei nydelig lilje, syns det gulgrøne svelget gjer denne lilja til noko spesielt.


'Madame Butterfly' blomstrar rikt og sprer godlukt.

'TomPouce' luktar ikkje, men er ei flott liljelikevel.

'Schocking' har nokså store blomster og er ei flott lilje.

Lilium tigrinum splendens - eg likar spesielt godt kombinasjonen av varm gulorange og brunt. Dette er ei av dei flottaste variantane av tigerliljene syns eg.


Blomstringa er den ferdig med, men druene veks i klasane. Håpar på at det vert betre veir under modninga denne hausten enn i fjor då soppangrep øydela det meste av druene i ròteveiret vi hadde då!

tirsdag 3. august 2010

Blomstring pr. 1. August 2010, del 2

Primula capitata blomstrar fint no. Dette er ein lettstelt Primula som ser ut til å trivast i skuggen under det store morelltreet.


Her er ein annan Primula som blomstrar no, heile 80 cm høg . Nett no står det heilt stilt ang. namn.

Akeleiene er for det meste ferdig med hovudfloret, og nokre av dei vil eg samle litt frø av så difor har eg laga "posar" av agrylduk som skal samle opp frøa slik at dei ikkje hamnar i bedet og sår seg til våren.

Her er to verdige representantar av Geraniumslekta - Storkenebb som veks og blomstrar villig i woodlandspartiet.

Dette er ei busk som heiter leucesteria formosa og som andre delen av namnet seier er den opprinnelig frå Japan . Den frys ofte tilbake ein del om vinteren og det gjorde den denne vinteren og på det som var over snødekket, men kjem fint tilbake likevel.


Digitalis 'Elsie Kelsie' - ein flott representant blandt revebjøllene.

Digitalis ferruguinea - Rustrevebjølle er fin med dei små blomane. heilt forskjellig frå 'Elsie Kelsie' men likevel ser vi likskapen.

Veronica syns eg har stilige og flotte blomsterstandar, bak ser vi ein sibiriris, såvidt i ein Ligularia og th. skimtar vi det bronsefarga graset Carex comans 'Bronze Form'.


Dette innlegget vil eg avslutte med eit bilde av ein av bjørkestubbane mine med Krypfredlaus (Lysimachia nummularis) . For nokre år sidan fekk eg to innhole bjørkestubbar hos ein av bøndene eg jobbar for som avløysar, fyllte dei med jord og planta i dei. På den måten kan eg ha Krypfredlaus utan at den brer seg utover heile hagen. Ut på hausten er dei to bjørkekubbane flotte med lange greiner hengande nedover.

mandag 2. august 2010

Blomstring pr. 1. August 2010

Startar med den flottaste eg har i hagen for tida Ligularia 'Britt-Marie Crawford' - ei kjempeflott nøkketunge med DEN kombinasjonen av mørke blad og gule blomster.... ååååååååååååååååhhh!

****** ***** *****

No har eg forflytta meg frå Nordfjord til Valdres for nokre dagars tid.
Eldste dattera og gutungen Sander (2) har vore på Davikbesøk ei vekes tid og no er det vår tur å være i Valdres på besøk.
Før vi reiste tok eg bilder av det meste som blomstra i hagen heime på laurdag som eg vil presentere i ein biletserie her slik eg har gjort dei forrige månadskifta tidlegare i år.
Alle bilda er klikkbare og alle er tekne laurdag 31. juli

Ridderspore har eg alltid hatt litt vanskar med å få til å blomstre rikt, men i år slo dei til, litt av dei vart vindens rov, men nokre av stilkane klarte seg bra.


Eit lite parti frå fjellhagen som viser Smørbukk (Sedum telephium), Engnellik ( Dianthus deltoides 'Brilliant') og Alpeaster (Aster alpinum) og bakerst ein Geum


Her er ein anna Engnellik 'Artic Fire'


Rudbeckia vert ei stor og kraftig staude og kombinasjonen av gult og brunt har alltid tiltalt meg. Eg er vel kansje ein av dei sjeldne hageentusiastane som elskar gule blomster.....
T.h. ser vi Pulmonaria saccharata - Flekklungeurt med flotte sølvspettar på blada.

Her eit parti frå woodlandsbeplantinga mi. Her ser vi Ligularia przewalskii (Aksnøkketunge), Rudbeckia og eit par purpurblada japanske lønn.

Sedum er ein lettstelt og fin plante til steinbed og murkantar, dekorative

Mjødurten (Fillipendula) er no på det finaste - eigentleg syns eg at den er aller finast i knopp som ser ut som ein bukett med små rosa perler (biletet under)


Pionane fekk hardhendt behandling midt i blomstringa denne sommaren, fyrst var det kraftig vind og seinare nokrså mykje nedbør som gjorde at dei såg heller trasige ut. Saksa måtte fram og visne og halvrotne blomster blei "kompostmat" . Nokre få knoppar var att som kom etter at regnet hadde gjett seg. Vi får håpe på meir "pionvenleg" veir til neste år.

Queen Elisabeth har nettopp begynt å blomstre og i år har dei virkelig mange knoppar. Denne rosa er minst 40 år gamal i denne hagen - ein etterlevning etter dei forrige bebuarane i hagen vår og i mi tid har den måtte finne seg i flytting iallefall to gongar. Der den står no ser den ut til å trivast veldig godt så det spørs om den skal få stå der "til evig tid". Lilja 'Enchantment' er eigentleg madammen sin - ei gåve ho fekk som pottelilje for 10 år sidan og sidan har den blomstra trufast kvart år.

Eg har fleire bilder av dei blomstrande i hagen så eg kjem som vanleg att med fortsettelsen om ein dag eller to.