søndag 31. mai 2009

Gullregn og syrintid

No blomstrar gullregnen og syrinen samtidig og det syns eg er vakkert.
Til høgre for syrenen viser litt av fjellhagen og t.h. for gullregnen viser dei to over 50 år gamle morelltrea. Går ein mellom dei kjem ein ned i det eg har kalla woodlandet (det som skal bli woodland med tida).


Den siste veka har virkelig gått i racerfart. Vi hadde ei vekes besøk av barnebarnet Sander m/mamma og pappa og dei reiste att på fredag.
Onsdag feira Sander 1-årsdagen sin med kaffegjestar og kake så det var stor stas.
Synd veiret for det meste var surt og våttså det ikkje var særleg stas å være mykje ute, men han fekk no sjå både høne/hane , bæææ og ikkje minst pus som tilslutt vågde seg inn i godstolen sin - han er litt skaptisk til slike småfolk så då held han seg for det meste ute.

Ellers har det vore arbeidsveke på meg (varer tom kommande tysdag) så hagestell har det vorte mindre med, men plenen vart iallefall klipt til pinsa og ein del ugras har eg fått reinska bort. Så har eg sådd frø av japansk blåveis som eg kjøpte frå ei kontakt i Danmark. Eg kryssar fingrar og tær for at dei spirer. Det vert spennande til neste vår å sjekke dei såpottene..... ;)


Mandag var eg på styremøte i Eid hagelag og då nytta eg høve til eit besøk på eit lite hagesenter utanfor sentrum og der fant eg denne fine Dodecatheonen - utan namn, men den var så fin at eg tok den med, no angra eg på at eg ikkje det vart med fleire heimatt i same slengen.


Potentilla atrosanguineum er ei av dei staudene som blomstrar fint no og med dei vakre sølvfarga håra på blada og den gulorange blomsten syns eg er ein fin kombinasjon.



Denne Peonen fekk eg frå Toveve for 2-3 år sidan og i år er det fyrste gongen den blomstrar hos meg - heile 11 blomster ber den fram. Staseleg er den !
Men er det nokon som veit namnet på den ?
Eg har lurt på om det kan vere P. officinalis, men er ikkje sikker. Toveve seier det er ein gamal sort som har vore i traktene der i lang tid.



Irisane er og komme i blomst.
Denne syns eg er staselig og ein av dei vakraste eg har.
Namnelappane vart det surr i før eg fekk lage meg permanente, graverte namneskilt av svart persienne, men ein eller anna stad skal eg ha ei liste med dei namnesortane eg har og då er det nok mulig å google og finne fram til rett namn på dei fleste.






Det vakraste i hagen min no er Gullregnen som står i fullt flor no med lange hengande klasar. Alliumen som står under er mindre flink å gjere seg bemerka...skulle hatt mange fleire av den.

Alle bileta er klikkbare!


Så vil eg nytte høvet og ynskje alle som er innom ei god pinse.

søndag 24. mai 2009

Konfirmasjon




Idag skal vi i konfirmasjon til nevøen min og i den forbindelse fekk eg i oppdrag å lage blomsteroppsatsar til borda. Eg har brukt av det eg har i hagen, bortsett frå raude greinnellik for å få raudfargen, då eg for tida ikkje har noko raudt som blomstrar i hagen som eignar seg til dette.
Rhododendron 'Baden Baden' er jo alt avblomstra for over ei veks sidan.

Her er resultatet, trur det var nokonlunde.





Akkurat no ligg det eit lokk av skoddeskyer over landskapet og det har vore litt regn i natt, men eg ser ei lysning i aust så det er håp om at det klarnar opp ut på dagen. Det gjer det mykje lettare når ein kan bevege seg litt ute og inn i mellom.
Det er kjekt med familiselskap der ein treff og får snakka med familiemedlemmer ein ikkje ser så ofte.

torsdag 21. mai 2009

Vårblomstring i fjellhagen

Alyssum 'Goldkügel' lyser godt opp i skråninga.

Fjellhagen som eg starta på i fjor tek det nokre år å få etablert skikkelig. Plantane treng eit par år på seg å etablere seg skikkelig og stadig nye finn sin plass i bakken mellom stein og grusblanda jord.
Idag vil eg vise nokre av dei som blomstrar i fjellhagen min no. Alle bileta var tekne i går.


Antennaria - Kattefot dannar eit tett teppe nokså fort

Polygala calcarea har ein klar og fin blåfarge.

Edrianthus serphyllifolius med flotte klokker som peikar opp mot sola og lyset.



Lewisia høyrer naturligvis med i fjellhagen - her er det L. pygmaea


Nok ein Lewisia ilag med Sedum spathiphyllum -Sølvbegknapp


Så er det vårfloksen- her er det Phlox subulata 'Candy Stripe'


Her er det P. subulata 'Temiscaming'

Og tilslutt ein namnlaus vårfloks.

I går fekk eg mellom anna potta opp ein del plantar til planteloppemarkedet på Eid laurdag den 6. Juni. Håpar der er noko iallefall som fell i smak hos både hagelagsmedlemmer og andre som tek turen innom standen vår.

I morgon får vi besøk av Sander, barnebarnet vårt som bur på Beito i Valdres ilag med mamma og pappaen sin. Det vert stas å ha dei på besøk nokre dagar, m.a. skal vi i konfirmasjon på søndag til ein av mine nevøar så då vert det reine slektstreffet.
Ellers skal eg nok ta guten med i hagen og lære han å snuse på syrinblomstane som no har starta bløminga.
Det er så ykje som blomstrar no at ein nesten ikkje rekk å få med seg alt på skikkelig vis.
Primulaene i Morelltrebedet held seg framleis i god form - dei vart litt herja då vi hadde sterk vind, hagl og regn for litt sidan, men har teke seg oppatt litt.

I woodlandet står ballblomen på det flottaste nett no og mykje anna blomstrar og - Geraniumane har blomstra ei stund, fyrst ute var 'Samobor' og no har fleire andre følgt etter.
Ellers må eg nemne at Primula viallii kjem att i år og - det var svært gledelig for det var eg ikkje så trygg på, den har lett for å gå ut om vinteren.
Pionane står mange med store knoppar og er snart klar til å utfolde seg, dei får eg skrive meir om ved seinare høve når dei kjem i blomst.

Vel, no MÅ eg ut.... ;)

Ha ein god Helgetorsdag alle saman!

søndag 17. mai 2009

17 mai


Den siste veka har eg fått gjort ein del i hagen, men på langt nær det eg hadde tenkt, men det er jo likt seg..... jobben krever sitt og når den er gjort vert det mindre overskot til det andre sjølvsagt.
Skal prøve å ta med det viktigste av det eg hugsar frå dei siste dagane.
Har fått sendt plantepakke.
Har mottatt ein overraskande og gledelig pakke med auriklar som tilførte samlinga mi fire nye sortar, no ventar eg spent på dei frøsådde frå i fjor som enno ikkje har blomstra.
Nokre av dei har alt blomstra og der var gledelig nok ein heilt kvit og ein lekker gul med kvitt senter.

Ein dag fekk eg planta ut potteklumpane med frøsådde Frittillaria frå i fjor - i alt 12 artar.
Dei planta eg i fjellhagen min , på eine sida av svart svarthyllen for å kunne gje dei ein nokonlunde tørr sommar (i den grad det let seg gjere her på vestlandet).

Denne veka har fontena og komme på plass igjen i hagen og er i funksjon. Har ikkje bilde av den å vise men den er dekorert med kvit dekorstein, andre steinar i fine fargar og grøne garnkuler.
Syns faktisk den tek seg bra ut der den står......

Ellers har det vorte ein del ugrasreinsking og påfølgande dekking med plengras.
I går fekk eg slått plenen igjen, og har ein ny stor haug med grasklipp som skal utover i bed her og der.

Ellers blomstrar det meir og meir rundt i hagen både i woodlandet og i fjellhagen, og i "Morelltrebedet" er det fortsatt ei overdådig Primulablomstring.
Den siste veka har eg ikkje teke bilder av dei blomstrande - det må eg få gjort noko med idag.

Sjølv om det er 17. mai idag må dyra ha stell så eg skal på jobb både morgon og kveld og få melka og stelt dei firbeinte.
Når eg kjem heimatt etter morgonstellet skal eg sette på rugemaskina med dverghønsegg, dei sokalla pønkarhønene.... håpar på godt resultat for eg har lovd vekk kyllingar både her og der i tillegg til dei eg skal ha sjølv.

Nei no gjekk tida frå meg.... må skunde meg og gjere meg klar for jobb - kyrene ventar!

Ynskjer alle ein fin 17. mai enten den vert feira som meg i hagen eller i meir sosiale omgjivnader!

søndag 10. mai 2009

Vekesrapport

Etter ein fantastisk april med gode temperaturar og svært lite nedbør har vi lagt bak oss godt og vel ei veke av mai som har bestått av mykje vind og nedbør med nysnø i fjellet - ja enkelte dagar heilt ned i skogen, regn og hagl i lavlandet.
I April fekk vi bare 38 mm nedbør og det var begynnt å bli farleg tørt med tanke på skog-og lyngbrandfaren rundt omkring.
Til no i mai har vi målt opp 106 mm i den offisielle målestasjonen vi har her.
Vi har fått rikeleg nok no til vekst og blomstring ei tid framover og sannelig varslar yr.no om "godt og tenleg veir" den kommande 10-dagarsperioden.
Mange av dei blomstrande plantane i hagen min ber sterkt preg av all nedbøren og vinden den siste tida - særlig auriklane ber preg av det. :-(


Ein av dei som ser ut til absolutt å like det fuktige veiret er denne dvergakeleia - Aquilegia flabellata 'Nana' , eit virkelig lyspunkt i fjellhagen.

Idag skal eg flytte på ein del av auriklane slik at eg har kvar farge samla, men eg har også mange som eg ikkje veit kva farge dei har.
Nokre er frøsådde og nokre har eg bytta til meg her og der.
Forøvrig var spiringa av auriklane svært god i år, både heimavla og frø frå Dansk Primulaklubb.
Dei siste dagane har eg prikla ein heil del både auriklar og andre Primula av årets sådd.
Eg har skifta mellom prikling i drivhuset og arbeid ute i hagen alt etter korleis veiret har vore.

På Onsdag var eg på hagevandring på andre sida av fjorden (Stårheim) ilag med andre medlemmer av hagelaget - ei triveleg stund til tross for kjølig og guffent veir den dagen og.

På fredag fekk eg spennande plantebyttepakke i posten som eg har potta og sett i drivhuset - idag skal eg plukke ut og pakke returpakke, alltid like kjekt begge deler. :-)

Igår fekk eg klipt buskbomhekken min så no ser den riktig så kjekk ut!!


Ein del av avklippet brukte eg som stiklingsmateriale - stakk dei rett i jord på ein skuggefull plass og håpar på godt tilslag.
Har god erfaring med det frå før ettersom heile hekken min er heimelaga, stiklingar frå ein gamal buskbom som stod i hagen då vi overtok her.

I fjellhagen blomstrar enkelte fint no :

Her er det ein Lewisia som akkurat har starta blomstringa for i år.

Denne har eg misst namnet på ... er det nokon som kan hjelpe meg med namnet ?
Blåfiolette blomster i hengande klasar, vintergrøne blad.



Den vesle Aquilegia canadensis nana ser eg hadde absolutt gjort seg med fleire eksemplar ilag, det må gjerast noko med.

No må eg gjere alvor av å gå ut og gjere noko med dagens oppgåver, veiret til tross !

Ha ein fin søndag alle saman ! :)

mandag 4. mai 2009

Primula elatior - Hagenøkkelblom





Primula elatior eller på norsk Hagenøkkelblom er ein Primula eg set stor pris på, og nett no blomstrar dei på det flottaste i mange fargar.
For mange år sidan kjøpte eg ein frøpakke med blanda fargar som eg har hatt i hagen sidan.
Desse Primulane er hardføre, eg vil tru dei klarar seg over store delar av landet.
I hagen min veks dei fleste av dei i Morelltrebedet, dvs. delvis skugge det meste av tida eller sola silt gjennom bladverket på dei to store ca 50 år gamle morelltrea som no står i full blomst og eg trur dei likar seg der.
Dei produserar masse frø som er lette å så - i det heile ein enkel og grei vårblomst å ha med å gjere. Her hos meg kjem dei med eit haustflor og, og det er heller ikkje uvanleg at enkelte blomster er å sjå gjennom heile vinteren dersom det ikkje er snø.

Alle bileta er klikkbare, dei gjer seg absolutt i større utgåve!







Merkelig kor uryddig det vart med bilda i dette innlegget, ikkje klarar eg å rette på det heller så det får vere som det er .....

fredag 1. mai 2009

Aurikkelblomstring og plantepakke


Idag fekk eg klipt plenen for 2. gang i år og har ein bra dunge med plenklipp klar til å dekke beda med, men fyrst vil eg ha litt regn på jorda.

Ellers har eg teke bilder av alle auriklane mine (trur eg) - iallefall alle som blomstrar. Nokre av dei som var sådde i fjor blomstrar ikkje enno.









Som eg fortalde i går fekk eg torsdag ein bytteplantepakke i posten som inneholdt
Cypripedium - enten 'Calcolos' eller 'Gisela'
Hepatica nobilis asiatica frå Korea
Hepatica nobilis japonica -( rosa med kvitt senter).
Hepatica henryii frå Kina ( Kvit)

Dei asiatiske blåveisane trivst best i sur jord i motsetning til dei Europeiske artane, i tillegg vil dei ha skugge så då må eg forberede ein plass til dei.
Cypripediumen er enno meir kresen på både vekstplass og jordtype. Orkidear har eg lite erfaring med frå før men har fått råd om å plante den i jord med rikelig tilførsel av sauemøkk og skjelsand.
I tillegg vil den ha ein vekstplass med morgonsol, resten av dagen skugge.
Ein slik plass har eg bare eg flyttar på eit par andre plantar fyrst så det skal nok gå bra.
Verre kan det bli med dei milde og våte vintrane vi har på vestlandet for tida, men vi får prøve å takle det og!
Fyrst lyt dei få stå i potter ei stund, før vi får tilførsel av nedbør vil eg ikkje plante noko i beda mine. Det er enklare å halde kontroll på dei i potter.
Etter meldingane å dømme får vi det vi treng i så måte dei kommande dagane.



Ellers har det vore ein strålande dag idag og - reine sommardagen med temperatur over 20 grader til ut på ettermiddagen då vi fekk nokre lette regnbyger.
At heggen blømer 1. mai trur eg neppe har hendt før.