onsdag 26. mai 2010

Ååååå...... nei men kva er det eg fant ?


I heile vår har eg gått og sett på noko som skulle ha vore ordna opp i hagen. Invaderande plantar som tek kontrollen på alt og alle rundt seg, men eg har kvitt meg på å gå igang med for eg reikna med at det var ein forholdsvis omfattande jobb med tanke på den fysiske stand eg er i for tida.
Vel, idag fant eg ut at eg ikkje kunne ikkje utsette det lenger skulle dei ikkje spre seg enno meir og invadere fleire andre plantar.

Oppgraving, deling og separering tok si tid, men så skulle arealet klargjerast og preparerast for nye plantar og då måtte jorda vendast med greip både ein gong og to og uønskte røter lukast vekk.



Lange underjordiske røter som måtte lukast ut om eg skal leppe å få nye skot opp overalt........


Der er det visst to rotendar til som må gravast opp... best å bruke greipa så eg får dei heile opp ...

Nei men........ ka er det eg ser .... hææææ ...ein baby???????

Er det ein av dei "underjordiske" skal tru...??
Nei skal ikkje dei være grå då ?....blå auge har han og... DET har han iallefall IKKJE etter meg.....


Ja..... jau... eg trur kansje at det kan være ein av desse små grå eg har vore så uheldig å få på greipa..... hjelpe meg ka kan DET føre til av reaksjonar - tenk om det er sjølve tuftekallen eg står med mellom hendene ?
Hjelpe og trøste oss......... no vert det sikkert både missvekst og pestilense i hagen i lange tider!




Som babyar flest måtte han no vaskast , det viste seg at det var ein gutebaby og når eg likevel var igang med vatn vart han likegodt døypt med det same så skal ikkje dei underjordiske ha makt over han meir...... Og namnet er sjølvsagt Jorulf.

11 kommentarer:

Mariann S sa...

Fantastisk alt de ein kan finne i jorda hi hi. Jorulf :) Flott navn på flott gut :)

alexia sa...

Hehehe!!! Trur æ flire mæ lørvat ;)
Gratulerer som jordfar :)

janne sa...

haha, for ei fantastisk historie!!! :D Gratulerer! Får pakke han godt inn i eit gammalt handkle so han ikkje frys! hihi. Søt var han ihvertfall, uansett kem han e sin! :P

Tone sa...

gratulerer so mykje! Artig saker og ting som foregår i hagen din, forstår eg! :-)

Britt Åse sa...

Fantastisk!! Hihihihi, for en god historie, dette burde være noe for lokalavisa. Minst!

Elin sa...

Han var no bra søt, han Jorulf :)

RandiF sa...

HIHIHIHI....

Tove sa...

Hva du finner i jorda di. Stilig navn på en knallfin gutt :-)

Mari sa...

Hehe, de underjordiske er ikke no' å spøke med. Får satse på at kristninga gjorde susen ;)

Takk for awarden forresten! Hadde egentlig tenkt å ha en awardfri blogg, men denne er jo hagerelatert... ;)

Berit sa...

Hehe, fornøyelig!
Jeg hadde faktisk alt gitt babyen navnet Jorid før jeg så det var en gutt. Der var vi bra på linje gitt!

ToneM sa...

En søt liten Jorulf og en fin tekst!