torsdag 30. april 2009

Meir vårblomstring

Her bur eg: I det lyse huset med rødt tak midt på bildet. I det gule huset litt lenger oppe til venstre med ein raud låve vaks eg opp og der bur foreldra mine.
Biletet er teke frå andre sida av bygda idag der eg var på jobb og vølte gjerder før beitesesongen startar.

Om eg står på verandaen min og ser innover fjorden mot Eid kan eg få slike opplevingar før sola kliv fjella på andre sida av fjorden - vakkert !



Ja no er det lenge sidan eg har skrive i bloggen min .
Ikkje det at eg ikkje har hatt noko å skrive om - snarare tvert imot, men dei siste 14 dagane har formen ikkje vore noko å skryte av og tid og krefter har gått med til arbeid og det mest nødvendige i heim og hage.
Noko av det mest nødvendige har vore vatning av enkelte plantar, særleg dei nyplanta blåveisane frå Tyskland som treng oppfølging no så dei får etablert seg godt og med bare ca 35 mm nedbør i heile April og sol og delvis vind ser jorda slik ut der eg IKKJE har vatna:
(idag var det over 20 grader og reine sommardagen)




Det er mykje som har utvikla seg i hagen dei siste 14 dagane - meir enn det eg har hatt mulighet å følge med på dessverre. Mange nye har starta blomstringa og andre har avslutta blomstringa for denne sesongen som t.d. påskeliljene.


Darmera peltata - Skjoldsildre er ein av dei som har starta si kortvarige blomstring for få dagar sidan. At den høyrer til i Sildrefamilien er ikkje vanskelig å sjå. Etter blomstring utviklar den store dekorative blad.


Primula elatior kjem i mange fargar og er ein av dei vårblomstrane eg set mest pris på. Nett no står dei på det finaste . Som dåkke ser i framkanten er påskeliljene alt ferdige med si blomstring for i år.


Pionbedet mitt for nokre dagar sidan -
det har utvikla seg mykje dei siste dagane og mange av pionane viser alt knoppar. Mange av dei har eg ikkje sett i blomst før så det vert spennande. Enno har eg plass til nokre nye sortar *gliiiis*......


Acer palmatum 'Orange Dream' kjøpte eg hos Torheim Gartneri i forfjor, den er virkelig ein draum når blada sprett om våren.


Hostaene er etterkvart og begynt å vise seg igjen, rekordtidleg dei og.
Den tidligste hos meg i år er 'Remember Me' som eg kjøpte hos Eide på Askøy då vi var der i anledning hagegaltreffet i Bergen hausten 2007.

Anemone vernalis - Mogopen min er eg stolt av. Denne kalkelskande høgfjellsplanten fekk eg frå ei hagegal dame for to år sidan som liten prikleplante og i år blomstra den for fyrste gong i fjellhagen min.

Idag fekk eg ein svært spennande pakke i posten, kva den inneholdt trur eg at eg sparer til neste posting i bloggen så har eg noko å skrive om i morgon og .... ;)

Ha ein fin siste Aprilkveld!

fredag 17. april 2009

Glimt frå hagen

Veksten i Peonbedet mitt er i god gang og i vinter har alle peonane mine overlevd unntatt ein som var litt pjuskete og svak då vinteren kom.
I pionbedet mitt har eg 14 forskjellige peonar - dei fleste silkepeonar , men og nokre andre.
I potter har eg ståande 5-6 peonar som skal plantast i bedet denne våren. Det er i ferd med å fyllast opp der, men eg skal nok finne plass til nokre til.



Pulmonaria 'Samurai' som eg kjøpte under "Hollandsimporten" for to år sidan trivst godt og har god spreiingsevne. Flottast er den igrunnen seinare på sommaren etter at eg har klipt den tilbake og den kjem med store flotte sølvfarga blad.


Podophyllum x hexandrinum (P. emodi) - Himalayafotblad er ein artig skapning - dekorativ både når den kjem opp om våren, under den få dagars varige blomstringa og seinare når den kjem med raude paprikaliknande frukter.



Miniprimulaen Primula warshenewskiana passar godt i fjellhagen der den ikkje kjem vekk blandt større konkurrentar.



Pulsatilla vernalis -Mogopen min kjem med to store og flotte knoppar. Fyrste gong den skal blomstre denne vakre høgfjellsplanten, Sjølvsagt har den fått plass i ei sprekk mellom tilrettelagde steinar i fjellhagen, med rikelig skjellsand innblanda - kalkrikt som han likar det.
Eg undrast på om han vil opne blomane sine idag. I går kveld såg eg såvidt i det kvite så eg trur dagen er inne idag om sola klarar å kløyve det tynne slørlaget av skyer som dekker nett no.

Pinsliljene mine er utsprotne idag så no går det i rekordfart - nesten altfor fort syns eg.

Alle bileta er tekne for 5 dagar sidan.

I går var eg til augespesialist for kartlegging og kontroll.
Idag er det gravferd - så må eg kansje på jobb i kveld.
Har arbeidshelg og så eg har ikkje fri før fredag om ei veke .... dei andre dagane vert det ikkje så store innsatsen i hagen ettersom jobben stel det meste av krefter i denne kroppen.

Ynskjer alle ein fin fredag! :)

PS!
Kl. 10.06: Har vore inne og retta namnet på Primulaen det er bilete av det er IKKJE P. dedeana som eg feilatig skreiv, men P. warshenewskiana - rett namn er viktig!

mandag 13. april 2009

Heime igjen



Dagane med påskeferie på Beito gjekk fort saman med denne karen.



Det vart ein del turgåing med Sander i bæresele og i vogn, eg trur han likte vogna best.
Ellers vart det god tid til avslapning, god mat og litt datasurfing inni mellom.


No er vi atter på plass heime på Nordåker og du verden kor mykje som har forandra seg på dei dagane vi var på Beito.

Her har stadig fleire plantar komme i blomst og enkelte lauvtre er i ferd med å bli grøne, m.a rogn, hegg og bjørk.
Plenen ser ut til å måtte slåast innan ei veke om dette veiret fortset og eg føler at eg er akterutsegla når det gjeld vårarbeidet. Skal få gjort ein del idag, men så er det arbeid igjen resten av veka, minus to dagar som går med til andre gjeremål, m.a. ein tur til augespesialist.

I går etter at vi kom att frå tur måtte eg sjølvsagt ut i hagen med kameraet og fange opp blomstringa rundt om i beda.

Draba dedeana - Klipperublom er ein av dei som blomstrar i fjellhagen min no.

I den nyetablerte (og uferdige) fjellhagen min blomstra fleire sortar Draba, Thalapsi, Androsace og Primula, ein Sedum viser og farge.



Krokusane er for det meste avblomstra, medan påskeliljene no står på det flottaste, både dei vanlege og dei fylte sortane. Pinsliljene kjem snart og om nokre få dagar ser det ut til.

Pulsatilla vulgaris 'Alba'


I woodlandet blomstrar fleire slags Primula m.a. kuleprimula, P. elatior, P aff. urumensis og fleire. Klosterklokke, Blodrot, lungeurt, kvit kubjølle og mykje anna.
Blåveisen nesten avblomstra no, men 'Kyrvinberg' held stand og kjem med enno ein knopp - den tredje.


Sanguinaria canadensis - Canadablodrot



Russeblåstjernene gjer mykje av seg den korte stunda dei varer og avløyser snøklokkene som no er ferdige med si blomstringstid. Snøklokkene er det no på tide å grave opp og flytte på, dei som det skal.


På stykket nedanfor hagen min, der eg har hogge ut i vinter blømer kvitveisen i rikt monn. Vi ser den så mykje betre no når alle trea og krattet er borte. :)

To av fargane primula elatior-hybrider som eg har.


Idag er det lettskya, fjorden ligg så blank og stille - det er heilt vindstille og fuglane syng ute - reine konserten. I går såg eg forresten linerla på fergekaia på Fodnes på veg heimatt. Då kan det hende eg får sjå den her heime idag og då !
Sola glytter fram mellom lette skyer - det vert ein flott dag i hagen idag!

fredag 10. april 2009

God påske til alle



I år feirar madammen og eg påska på fjellet - i vinterland for fyrste gong .
Vi reiste frå blomsterprakt og fuglekvitter heime i hagen der påskeliljene, mange slags Primula og mykje anna blømde fint i beda.......




...til Beito like ved Beitostølen......




med fin utsikt over den is- og snødekte innsjøen Øyangen......
Her og er våren så smått i kjømda. Det smeltar og tinar smått om senn og temperaturen er ikkje så gale om dagen,men om natta er det nær null grader. I dag har det vore oppe i ca 13 grader sjolv om sola ikkje har vore heilt framme.
Sjølv om det er mykje snø på bakken er vegane heldigvis berre så det er fint å gå tur også for oss som ikkje likar å binde plankar på føtene.......


...her har Sander (10 1/2mnd) og besten tenkt seg på tur så Sander vinkar "nanna" til mamma og besta.


Eg ynskjer alle ei GOD PÅSKE - Sander helsar alle og !

søndag 5. april 2009

Morgonstemning


Gull over Gullskòra



Eg sit her ei tidleg morgonstund og ventar på at dagslyset skal sige på. Etter mi meining den aller flottaste tida på døgnet, særleg no på denne tida. Opnar eg varandadøra og slår av radioen har eg den flottaste konserten eg kan tenke meg - i ein tretopp sit svarttrasta og tonar ut dei vakraste vårlydane eg veit. Det er for mørkt til at eg ser han, ja for det er hannen som syng så vakkert.

Litt etter kvart vaknar dei andre småfuglane og rundt i busk og kratt og det vert eit rikhaldig lydbilde, tom. tjelden nede i fjæra skvaldrar og kjempar for å oppretthalde teritoriet sitt.
Men over dei alle tonar det ein solist - svarttrasta.
Eg opnar varandadøra meir for å høyre den vakre vårsongen betre, det får våge seg at det vert litt kald trekk, eg har jo gensar å ta på meg....


Etterkvart som det sig på med litt dagslys skimtar eg konturar av landskapet meir og meir - fjorden og fjella - der kjem Skjæret til synes og i ei lita lysstrime.
Skjæret - ein liten holme midt på fjorden ved inngangen til Davikbukta som vert overfløymd ved flo sjø. Like ved sida står det eit oppmurt seglingsmerke måla i svart og kvitt til varsel for sjøfarande om at her er det ei grunne ein ikkje bør komme nær.



Ser eg nedover hagen frå min ståstad på verandaen - ja eg har flytta meg heilt ut no med kaffekoppen min - må nyte både fuglesongen og den kommande dagen i fullt mon,
ser eg det lysnar i ein krans av blomstrande påskeliljetuer kring Morelltrebedet der Primula og krokus blømer så fint.
Der gjel hanen og frå hønsehuset, når eg tenkjer meg om har eg høyrt han heile tida, men den er eg så vandt å høyre at eg legg ikkje merke til det. Det er dei andre lydane eg er konsentrert om no.....




På himmelen hausar det seg opp skyer som ser mørke og truande ut. dei skifter stadig formasjon der dei seglar over himmelkvelven og skapar sitt eige landskap. Ein mild bris frå sør ruskar litt i sjøoverflata og får krusningar til å gje liv i fjorden og.

No har det blitt så lyst at eg ser bøar og hus innover i bygda - strimene etter aktivitet av traktor og gyllevogn for eit par dagar sidan er og eit ekte vårteikn - og lukta som mange hatar som pesten, men som vi som arbeider med og lever av denslags ikkje reagerer noko på høyrer og med.



Det er vår i lufta, i fjæra, på bøane og i skogen og løftar ein blikket mot fjellet ser ein tydeleg at det smeltar og vert mindre og mindre snø dag for dag der og !



Etterkvart vert det fullt dagslys og sola fargar skyene i gull - det lyser gull over Gullskòra

God palmesøndag til dåkke alle.

fredag 3. april 2009

Årets fyrste Kvitveis

Dette biletet vil eg delta i denne månadens konkurranse på Moseplassen og kallar biletet for
"Frøken Nemorosa"




I går plukka eg årets fyrste kvitveisen - ein dag før fjorårets!
Fyrste kvitveisen er vårens største begivenhet her på huset, den plukkar eg og gjev madammen og den får eit liv i vatn og vase i stova.

Jippiiii... no er det VÅR !!!