tirsdag 30. september 2008

Gårsdagen var hektisk

Jammen har det vore stor aktivitet i hagebloggane det siste døgnet, det tok tid å komme seg gjennom alle siste døgnet, men no er eg " i land " .
Det viser godt at hagegal sidene er nede for oppdatering.

I går var det full rulle på jobb i vedskogen. Felte og kvista ein heil bråte tre for ein av bøndene eg jobbar for og det vil nok bli gjort idag og.
Etter arbeid var det rett i jebussfeiring til pappa (nokre dagar på forskot), alltid like kjekt å komme saman med slekta for ein god prat og god mat.
Deretter var det rett på møte i Utviklingslaget så gårsdagen var fullsett til litt over kl. 22.
I kveld er det møte i bygdakveldkomiteen. Vi har 4 1/2 veke på oss no på å spikre isaman eit programm til årets store happening i bygda.
Det vert vel i år som alltid den siste veka det endelige programmet vert klart...... !!

Ellers ventar vi på at elektrikaren skal komme og gjere seg ferdig med arbeidet.... ein dag igjen sa han for 1 1/2 veke sidan har ingen sett han ..... nokon som kjenner det att ?

Lurer på om eg skal ta med kamera på jobb idag og ta nokre haustbilder frå ein anna kant av bygda. Kan vere kjekt å ha det og. Såg igår at ospa får veldig flotte fargar i år.

søndag 28. september 2008

NYSNØ I FJELLET

Ikkje nytt bilde men dei flaumstore elvane er omlag slik dei var her i går ettermiddag. I går i middagstider auste det kraftig ned i fleire timar og elvar og smågroper vaks fort opp overalt.
I tillegg var det i periodar kraftig vind, men heldigvis har eg ikkje oppdaga skadar av korkje vinden eller vatnet her hos meg.
I går kveld var det hagl i bygene og i dag tidleg lyste nysnøen mot meg på fjelltoppane og temperaturen i dag tidleg var 4,5 grader.
I dag tidleg var sola framme eit lite bel, men det varte ikkje lenge før regnbygene kom jagande igjen, men idag har han vore måteleg med nedbøren, faktisk lange periodar med opphald også .

I det veiret som vi hadde i går var det ikkje å tenke på å gå i hagen å arbeide så då vart det fram med PCen og slektsprogrammet for å legge inn nokre av dei mange namn og årstal eg har i permane mine, og no som det er forholdsvis bra mange digitaliserte kilder ute på nettet tek det si tid med kvar person når ein skal verifisere dei opplysningar ein har om fødsel, dåp konfirmasjon, ekteskap, død osv..... desto kjekkare når ein er grundig frå starten.

I hagen er det enno mykje som blømer, men det spørs om det ikkje fekk seg ein du no når vi fekk dette kalde veiret. Men så lenge snø og kuldegrader held seg på betryggande avstand frå hus og hage skal eg vere fornøgd.
Eigentleg kjenner eg at hagesesongen er lang nok no, så inspirasjonen til eit aktivt hageliv minkar og det kan vere kjekt å pusse støvet av meir vinterlege sysslar og.
Har kjøpt meg nokre nye løk som skal ned, ikkje mange, men dei er der og det skal gjerast, men denne veka vert det neppe. Arbeidstida mi den kommande veka tilseier at det ikkje vert hagearbeid i tillegg og til helga skal vi til Beito ein tur og då lyt ein vel ha vinterskodd bil og for å komme seg fram.

Eno er det agurk og tomaten 'Green Grape' i drivhuset ellers er det fullt av plantar som må overvintast - nokre inne, nokre ute og nokre i drivhuset, men eg reiknar med at det er lenge til frost og snø når ned i lavlandet her hos oss.

Enno er det nokre roser som blømer i hagen her
og Compassion har fått eit skikkelig etterflor no
på hausten. Dette er eit bilete frå i fjor.

onsdag 24. september 2008

EIN FLOTT HAUSTDAG


Idag starta dagen opp med lavt skoddedekke og ryggonde (frå i går) så humøret var ikkje på topp på morgonen som ventande kunne vere, men det tok seg betydelig opp utover dagen.
Etter å ha planta nokre plantar i woodlandet fant eg ut at eg skulle nytte opphaldsdagen til å kløyve ein del vedkubbar eg har hatt ståande og peike nase til meg i lenger tid og det skulle ikkje meir til før sola fann fram smilet, reiv seg eit hol i skoddedekket og bretta til sides.
Etter at eg hadde kløyvd ved eit par timar i flott solskin med den elektriske vedkløyvaren stod det plutselig ein ukjend mann ved sida av meg og lurte på om eg hadde bruk for jord......
Dei holdt på med muring i nabolaget og hadde litt overskotsmasse som dei ikkje hadde nokon plass å gjere av, så han hadde teke seg ein tur "på lukke og fromme" for å sjå om det var noko som kunne vere interessert i jord, noko eg sjølvsagt takka ja til på flekken, det er ikkje kvar dag ein får slikt tilbod !
Når dei ut på ettermiddagen kom med "jorda" viste det seg at det var for det meste grastorv og stein.... men stein har eg bruk for, og grastorva skal eg nok og få brukt på eit eller anna vis og.....

Så kom postdama med pakke frå Solfrid på hagegal med spennande plantar og liljeløk.
Tusen takk Solfrid, dei skal få sine utvalde plassar alle saman. Spennande å sjå om eg klarar å overvintre Alternatheraen ... kansje eg skal ta i bruk eit av dei tomme akvaria eg har ståande.
Hadde ein Alternathera i akvariet då eg hadde dei i drift med fisk og det heile, men det var ein anna sort.

Eg fekk kløyvd all veden og stabla den inn i vedskjulet så eg var godt fornøgd med dagens innsats. Ryggondet er for det meste jaga på dør - bøy og tøy gjorde nok underverk denne gongen.... ja ikkje heilt då, men han vart no ikkje verre iallefall......

I hagen blomstrar det enno mange stadar og bileta eg viser idag var tekne i går føremiddag.

mandag 22. september 2008

EIT UKJENT TRE


Eg har mange plantar i hagen min eg har fått frå gode hagevenner i heile landet i form av bytteplantar. Dei fleste kjenner eg både namn og vekstkrav til, men det er enkelte eg ikkje har fått namn på og enkelte eg ikkje klarar å identifisere med eiga hjelp (les oppslagsverk/ google etc.) då må eg be mine gode venner der ute om hjelp til identifiseringa.
Ein av desse plantane er dette treet som etter dei opplysningane eg har fått skal komme frå Hellas, men vedkommande eg fekk det hos kjenner ikkje meir til det.
No håpar eg at nokon av dei mange som har vore i Hellas veit kva dette er for tre ?
Tørr jo ikkje plante det kvar som helst i hagen før eg veit kor høgt og vidt det vert.

onsdag 17. september 2008

Kva er dette ?


Denne sådde eg vinteren 2006/2007 og den spirte i fjor vår, sidan har den stått slik, ikkje vokse og ikkje minka.
Dette er frøblada som kom opp.
Er det nokon som kan seie meg kva det er ?
Frøa kom frå STA som Heuchera 'Joakim', men det kan det iallefall IKKJE vere....







Ellers idag :
Frustrert over pok..... kalvar som ikkje kan halde seg på beitet... vør ikkje straumgjerdet eingong...arrrghh.....!!!!

No kom nett postdama med 4 plantepakkar til meg..... ÅÅÅåååååå det redda dagen !
Jiiipiii !!!

mandag 15. september 2008

Hornelen

Igår var vi, madammen og eg, på søndagstur til Kalvåg, ei perle ytterst på Bremangerlandet der vi åt middag på Knuteholmen, ein gjennomført marin restaurant på bryggekanten. Oppbygd i og på ei gamal sjøbud og med marine rettar på menyen. Koselig stad der vi har vore mange gongar før på søndagstur ein god times køyring frå der vi bur.
På vegen passerer vi Nord-Europas høgste frittståande fjellklippe, Hornelen 860 moh, eit av dei flottaste fjella i Nordfjord. Velkjend både frå Snorres kongesagaer og ymse andre stader i litteraturen.Hornelen sett frå foten av Rugsundbrua.

Hornelen sett frå Skatestraumen


Smalsarhorn var det gamle namnet på fjellet, og Snorre fortel at Olav Tryggvason i si tid klatra i fjellet her. Mange sagn og segner knyter seg til dette spesielle fjellet og før i tida meinte dei at jonsok- og julafta samla heksene seg på toppen der og heldt fest med fanden sjølv. Dit kom dei ridande på sovlar (sopelimar).

Jakob Sande er ein av dei som har skreve om Hornelen i eit av dikta sine, og han beskriv fjellet slik i fyrste verset:

Djevlesvart, vill som ein trollkatedral
sundriven, morkna og grå.
Havet marmar med sukk og skval.
hyler åt Satan ein kald koral
når nordvesten bryter på........

Utvilsomt kan Hornelen og landskapet rundt bidra til å framkalle både det eine og det andre når nordvesten og vindar frå andre himmelretningar iblanda med regnelingar feiar over landskapet seine haustkveldar......

Heldigvis var det ein flott haustdag i går - ikkje skyfri himmel, men sola vermde godt likevel og gjorde søndagsturen til ein flott opplevelse.
PÅ Knuteholmen traff vi kjentfolk og vart med og fekk plukke oss ein stor pose med epler frå ein gamal, velvaksen apal.

Hagemessig i går: pakka tre byttepakkar.
Hagemessig i dag : hausta nokre tomatar 'Green Grape' - dei er virkelig gode og dei bør dåkke prøve om dåkke vil smake gourmettomat !!

søndag 14. september 2008

Igår fekk vi ein liten pause i fineveiret. Det begynnte å regne ut på fredagskvelden, ikkje dei store mengdene, men nok til at Landbruksforlaget si staudebok som låg igjen på hagebordet etter fredagens oppslagsrunde vart ein smule våt....
I går holdt han seg opplett heile dagen, men tunge tåkeskyer i fjellet gjorde at sola ikkje fekk sleppe gjennom.
Flott planteveir, og då var det ekstra gledelig når postdama kom med plantepakke frå ei av dei eg har bytta med denne veka. Spennande med plantepakkar sjølv om eg visste kva som var i denne pakken. Hovudsakelig plantar til den nye fjellhagen min som Phlox subulata, Veronica, Antennaria,
Hutchinsia, Sedum og Potentilla. Lamium og Hacquetia skal eg finne plass til i woodlandet.
Idag skin sola igjen - ikkje frå skyfri himmel, men likevel flott veir - endå ein bonusdag på haustparten...vi har hatt mange av dei til no denne hausten men idag tidleg var det merkbart kaldare enn det har vore i det siste, ned i 6,5 grader i natt og veldig doggfall.

Då eg var på veg til jobb idag tidleg var hjortejegerane i sving med å ordne opp med to dyr dei hadde felt idag tidleg, ei kolle og ein kalv.
Eg kom i den anledning på at eg har liggande eit par bileter som eg tok ein morgon i fjor sommar frå kjøkkenglaset vårt. Tenkte det kunne vere dagens bilde no i hjortejakttida. Desse hjortane stod og beita på ein klungerrunn ( nyperose) bare 20 m frå kjøkkenglaset vårt.
Idag har vi tenkt å ta oss tur til Knuteholmen i Kalvåg og kjøpe oss middag der - kansje dei har hjortesteik på menyen og.... ?

torsdag 11. september 2008

Plantepakking

Idag har mykje av dagen gått til pakking og sending av plantepakkar.
Kjekt å kunne dele plantane sine med andre hageentusiastar rundt i landet, enten det er plantar ein har frøsådd eller ein delar frå blandt dei som stadig utvidar seg i beda og treng "tuktast" litt.

Tabben eg oppdaga i dag under pakkinga var at eg hadde merka feil ein Sanguisorba minor som eg hadde lagt ut til bytte som S. canadensis, men så fant eg heldigvis orginallappen. Tida var knapp så skulle plantane komme fram i posten før helga måtte eg bare pakke og heller legge ved lappe i pakken eller gjere oppmerksom på tabben i PM til mottakarane i etterkant.
Kansje kjem eg då i same stoda som ein viss biskop..... "lettare med tilgjeving enn tillatelse"......?
Hmmmm..... eg vonar at plantane likevel får ein plass i dei hagane dei kjem sjølv om det er betydelig forskjell i høgda på dei to artane.


I det uvanlig flotte haustveiret vi har hatt i dag og
kosa humlene seg på Sedum telephium og andre attraktive haustblomstrande stauder og busker.





Buddlejane er på hell, men Admiralane har kost seg der i mange dagar og det er kjekt å sjå dei att, i fjor var det nesten ikkje ein å sjå etter at det for eit par år sidan var reine invasjonen på haustparten.




Så vil eg vise dåkke morgonstemning i går morgon med utsyn frå verandaen vår, samme posisjon som det vesle biletet lengst oppe til høgre i bloggen.
Her har dagslyset såvidt begynt å komme







Her har dagslyset såvidt begynt å komme




.




Det ser ut til å bli ein vakker dag ...



Sola kjem opp over Løkjaneset
vakkert.....

mandag 8. september 2008

Fjellhagen under arbeid


Idag har eg ikkje fått tid til stort haging bortsett frå at eg pakka to plantepakkar som skulle avstad med posten får eg reiste til Nordfjordeid ein tur. Der gjekk det meste av dagen med bilverkstadbesøk, venting og handling.
Var innom gartneiet sjølvsagt og kjøpte meg meir lyng til lyngfeltet . mitt (som eg skal skrive meir om i seinare innlegg ) og eit par potteplantar til stoveglasa.

Idag vil eg skrive litt om fjellhagen eg held på å lage meg.
Eigentleg ligg den delen på foreldra mine sin eigedom, men den ligg slik til at det naturleg ser slik ut at det høyrer til min hage.
Gamle gardsvegen danna grensa til min eigedom og etter at vi fekk kommunal veg tilgards i 1985 vart dette arealet mellom min hage og kommunevegen brakkland der bringebærkratt og anna kratt sådde seg villig og voks godt. Istaden for å holde dette partiet nede med ujamne mellomrom fant eg ut at det næraste arealet forbi inngangsvegen til hagen vår var betre å "innlemme" i min hage (iallefall i praksis) og lage meg ein fjellhage.
Ca.halvparten av skråninga er eg ferdig med utforminga av, dvs. nedgraving av stein/heller, så det vert framleis nokre lass med stein som skal til gards.

På biletet til venstre ser ein Halesiabuska mi som skal vere der for å lage skyggeparti i ein del av fjellhagen ein del av dagen, ikkje alle fjellhageplantar likar steikande sol heile dagen heller. Den vart planta i fjor vår, kom ikkje med blomster i vår, men med god vekst i sommar og ein strålande seinsommar og flott haust så langt vonar eg at det vert blomster på den til våren.

Forøvrig er den hyllen kjært skatta då eg lagar helsebringande hylleblomstsaft av blomstrane.Godt mot sår hals og begynnande forkjøling.


Her gjekk den gamle gardsvegen tidlegare, på nederste kanten har eg planta fire forskjellige sortar engnellik : Artic Fire, Brilliant, Nelli og Samos. Så ei gangsti der eg har fyllt på sagflis som har lege ute eit par år, reinsleg og lite ugras som sår seg i sagflisa.






Heller/flate steinar har eg gravd ned på høgkant og planta mellom, feks. Saxifraga, Androsace, Draba ,Sempervivum og andre.
Har og planta ein del Sedum og diverse anna.

Mellom anna denne flotte Playcodon sp. eg har bytta til meg på hagegal.






Eg ser no at eg kansje skulle ha laga bileta eit hakk større, men vonar eg har klart å gje eit lite inntrykk av kor det ser ut.
Hadde gjort seg å kunne lage bileta klikkbare....

søndag 7. september 2008

prøve, prøve........


No vil eg prøve å legge inn bilde å sjå om eg greier det her då....... (spennande )

Ja så sannelig min hatt ...det gjekk ...ho hoooo no skulle eg hatt ein hoppesmileys her !
Ja då veit eg korleis det skal gjerast... verda går framover sjølv her på Nordåker ...

Ja dette er altså Primula vialii som eg kjøpte tidlegare i sommar. Vanlegvis ein kortliva Primula, men eg får håpe det vert mogna frø på den i haust så skal vi no saktens halde bestanden oppe !
Primula er ei av dei planteslektene eg samlar på, masse lekkert i den slekta med god variasjon i vekstkrav.
Dei fleste blomstrar om våren som namnet tilseier då Primula vel tyder den fyrste.

Ja ja no har eg lært meg litt meir om blogging idag så dagen er på ingen måte bortkasta fordi om eg har sete inne mykje av dagen i finveiret, men no skal eg ut og lage til byttepakke som skal gå i posten i morgon !

På nye premisser

Ja no har eg og teke skrittet ut i bloggverdenen.
Etter at eg sidan jula 2005 har meir eller mindre jamt har meddelt meg til andre om mine hageaktivitetar her på Nordåker, på nettstaden hagegal, hiv eg meg no ut i det og prøvar meg på min eigen blogg eg og slik mange andre frå hagegal (vi må jo prøve å behalde miljøet).
For tida har eg visse vanskar med biletbruken, men håpar å få kvalifisert hjelp til det om ikkje så lenge. (Finn meg ikkje tilrette med denne Vista pcen eg !!!)
Så har dåkke tolmodighet med meg kjem det nok bileter og i bloggen min etterkvart om det eg foretek meg.

Hagen min er på ca 1 da + eit areal eg har "anektert frå foreldrene mine sin eigedom der eg no held på å lage meg fjellhage.

Ellers har eg laga meg eit woodland som er under etablering ( mykje prøving og feiling, flytting og atter flytting...)
I vår kjøpte eg meg ein flott rogn - Sorbus 'Dodong' - kosta flesk, men var vel verdt pengane ! finast
Det som er flottast der no er Primula vialii, Tradescantia og Tricyrtis 'Tojen' som er i blomst.

Eit eige Peonbed har eg og som på langt nær er oppfylt, men har supplert med lobelia, lave tagetes, to stammefuchsia og ein Ricinus og står no på det aller finaste. Ricinusen vart veldig flott i år !

Ellers har eg øvre- og nedre Morelltrebed, som eigentleg har blitt eindel av woodlandet etterkvart.
-I Langbedet som går langs muren til gamlegardsvegen har eg for det meste høgre stauder som
Olympkongslys, stokkroser, Polemonium, Hesperis og mange andre+nokre Fuchsia.
-I Irisbedet har eg samlinga mi med Skjeggiris (I. germanica)
- Ei stolperad klatreroser og Clematis og sjølvsagt drivhuset der eg har fått ei fin avling med søte, gode druer av sorten 'Himrod' . Litt tomat og litt agurk og mykje anna (kansje altfor mykje.... )
Ein del av hagen er avsatt til hønsehus med kringliggande uteareal.

Eg har framleis mykje areal i hagen som med tida skal opparbeidast og bli beplanta, men no må eg få til der eg alt held på før eg går vidare.