tirsdag 24. februar 2009

Våren er i anmarsj





Ja no er det lenge sidan eg har oppdatert bloggen min. Forma har ikkje vore den beste sidan kulden tok meg for ei tid sidan og skrivekløa har ikkje vore påtrengande akkurat, eller rettare sagt heilt fråværande den siste tida.
Snøen har kjeme og reist att og i dag tidleg var det atter kvitt på bakken når eg stod opp, men den har reist att iløpet av dagen.
I mellomtida har eg kost meg med slektsforsking andre ting i fritida, jobben tek jo som kjent det meste av tida slik det skal vere.
På bordet ved sida av meg har eg hatt ein bukett med morellgreiner som eg har dreve i blomst.

I går var eg ei lita runde i hagen for å sjå om det var noko nytt som kom fram no når snøen hadde smelta, og der var det jammen sant litt av kvart men eg var der i skyminga rett før eg skulle gå på jobb om kvelden og for mørkt til å få skikkelige bileter så eg utsette det til idag og heldigvis forsvant det velse snødekket som kom i natt.
Her er litt av det eg fant i blomst :

Blåveistua mi viser blå knoppar alt, litt uklare og våte er dei i småregnet vi har idag.



P. elatior-hybrider (P x polyantha) har eg i fleire fargar, men denne syns eg er finaste av dei som blomstrar no.
Primula elatior ssp. Mayerii var også komme i blomst no

Galanthus nivalis flore plena heiter denne fylte snøklokka, idag var den ekstra pynta med regndropar.



Like ved sida står det ein anna sort snøklokke eg ikkje veit namnet på. Eg fekk den av ein hagevenn som ikkje visst kva sort det er. Skal komme med fleire bileter når den utviklar seg meir. Blomstrane er mindre enn den vanlege G. nivalis og er ein god del seinare.

Også tusenfryden er komme i blomst, men biletet var av ein slik kvalitet at den ikkje var presentabel. Ellers livnar mykje til i hagen no framover, og i peonbedet mitt er det spennande å sjå kor mange av dei som vaknar til live i år også.



Her er Peonen eg fekk frå Toveve for to år sidan. Overraskande mange skot som dukkar opp i år så det er tydeleg at det trivst i det opphøgde bedet eg laga til. Er eg riktig heldig kjem den i blomst til sommaren.

I dag kom Hagetidend i postkassa og det vert vel det eg har som sengelektyre til kvelden, men no fyrst er det ei ny runde på jobben.

Ha ein fin tysdagskveld alle saman.

torsdag 12. februar 2009

Vinterbilder frå verandaen vår

Fyrste delen av dagen var prega av snøbyger og nullføre med glatte vegar, men utover ettermiddagen sprakk skydekket opp og sola stakk seg fram og gjorde stas på dagen.



Det glitra fint i snødekkte morelltre når solstrålane kom fram.



Snøen får fram mjukare linjer enn det som ellers viser seg.


Bygda ligg vinterkvit og fin, men er enno i skuggeland. Vi bur på solsida og fekk sola att for ei og ei halv veke sidan, men dei siste i bygda må vente omlag ein månad enno før dei får att sola.



Nordfjorden låg still og fin idag etter at snøbygene som kom frå nord hadde lagt seg.




No skal eg snart til Eid på hagelagsmøte der temaet idag er såing.

Ha ein fin torsdagskveld alle saman. :)

onsdag 11. februar 2009

Sådag II

Alt er klart til såing av staudefrø.


Å hjelpe meg... er det sååå lenge sida siste innlegget her ?
Ja ja eg har ikkje hatt så mykje å skrive om då men.... kunne no ha lagt inn nokre ord om dagleglivet ein finn alltid noke å skrive om når ein bare startar!

Dei siste dagane har eg måtte halde meg i hus pga. problem med lungene i kulden. I helga var det ned i -8-9 grader og det er kaldt her. Var ikkje ute anna enn det eg måtte for å komme meg til/frå jobb og på butikken, men det var nok for lungene sjølv om eg brukte forebyggande astmaspray. Så mandag og tysdag måtte eg skulke jobben og halde meg innandørs og bare fyre i omnen og ta det med ro. Ja det er vare saker desse lungene når dei er reduserte slik. Har aldri røykt heller så eg kan ikkje skulde på det, men for vel 20 år sidan hadde eg lungekollaps så det er nok der det skriv seg frå.
Sola skin så fint ute no og eg har masse ved som ropar på meg, men det får bare ligge der til mildveiret kjem att. Ikkje det at det hastar med det heller, den spring ingen veg...... ;)

Idag har eg sådd stauder 38 sortar dvs. 4 av dei ligg i lunka Zalovatn på termosen til i morgon og det er Cyclamenfrøa - ja så er der ein "pose" med Helleborus niger som skal vere med på Eid i morgon då skal Hagelaget ha tema såing på møtet og eg skal fortelle litt om såing av stauder, medan andre skal ta seg av såing av 1-årige.
Tenkte eg kan ta med litt ekstra og så nokre porsjonar som kan loddast ut slik at hagelaget får litt i kassa.
Alle frøpottene er plasserte på badet til "forvarming" før dei skal settast ut i snøen og kulden, men eg må passe på å få ut Draba etter nokre dagar så dei ikkje spirer inne slik eit par av dei eg sådde tidlegare i vinter som spirte inne før det hadde gått ei veke.
Frøa eg no sår har eg kjøpt frå STA og Dansk Primulaklubb (DPK) og frå den siste var der nokså rikeleg med frø i kvar porsjon av dei fleste sortane. ;)


Då er frøpottene sett i vannbad for opptrekking av vatn og er snart klar til å bli sådde!

Idag har eg sådd:
Androsace brevis (STA)
A. carnea v. brigantica (STA)
A. halleri (A.carnea ssp. rosea/A. c. v. halleri) (STA)
Cortusa altaica (STA)
C. matthioli 'Alba' (STA)
C. matthioli ssp. pekinensis (STA)
Draba aizoides (STA)
D. dedeana (STA)
D. fladnizensis(STA)
D. haynaklii (STA)
D. lasiocarpa (D. aizoon) (STA)
D. korabensis (STA)
Fritillaria imperialis 'Rubra' (STA)
F. imperialis v. inodora (F.eduardi)(STA)
Primula aurantaica (DPK)
P. burmanica (DPK)
P. chionantha, kvit (DPK)
P. chionantha ssp. melanops (P.melanops)(STA)
P. chionantha ssp. sinopurpurea (DPK)
P.elliptica (DPK)
P. grandis (DPK)
P. mistassinica (DPK)
P. modesta (DPK)
P. mollis (DPK)
P. muscarioides (DPK)
P. polyncura (STA)
P. prolifera (DPK)
P. x pubescens, bl.fagar (DPK)
P. pulverenta (DPK)
P. rysbyi ssp. elleisiae (P. elleisiae) (STA)
P. wilsonii var. anisodora (DPK)
Saxifraga cochlearis (STA)
S. granulata (STA)
S. hirsuta (STA)


Då er alt sådd og klart for eit opphald på badet så frøa får sugd til seg fuktighet før det berst ut i vinterkulda.



I tillegg ligg som sagt frø på termosen som skal såast i morgon, men der trur eg at eg må bruke større såpotter enn dei små yoghurtbegera.
Det er :
Cyclamen coum (DPK)
C.hederifolium (DPK)
C. hederifolium album (DPK)
C. hederifolium 'Silver Cloud' (DPK)
Det gjeld å merke termosen godt slikk at ikkje velmeinande "hjelparar" i heimen tømmer heile innhaldet i vasken ! ;)


Så får vi sjå då kva det vert av spiring utover våren, ser ut for at det kan bli ein del prikling denne sesongen og sjølv om eg har sådd små porsjonar (difor yoghurtbeger ;)!

Ha ein flott onsdag alle saman!

søndag 1. februar 2009

Då har eg sådd "hagetrolla"


Såsøndag igjen og idag har eg sådd m.a. "Magnars hagetroll" - Eriophyton wallichii som eg fekk tak i frå Euroseeds i Tsjekkia. Det skal no bli spennande å sjå om eg lukkast med dei.
Dei er frå Nepal og India og veks i høgder på 2700-46oo moh. i Himalaya
Rota er brukt i naturmedisinsk samanheng til styrkedrikk las eg på ein nettstad.

I natt har det vore frost. Ikkje meir enn ned i - 1,o men kaldt nok, og idag har det ikkje vorte varmt nok til å ta rimet som hadde lagt seg med natta.
No har eg ein fridag att, så er det atter 8 dagar med jobb og veirmeldingane tyder på at det skal bli kaldt og fint veir slik at vi får sjå sola. Den kjem inn stoveglaset vårt den 3. februar og då skulle det bli på tysdag, men akk eg er nok på jobb den velse tida sola sola er farmme. Men eg som jobbar i ein annan del av bygda der sola ikkje kjem for ut i mars kan iallefall sjå heimatt og sjå kor finte ho skin ut i bakkane. :)
Håpar det ikkje vert altfor kaldt då for barfrost er ikkje særleg godt for plantane som har hatt ein slik lang mildveirsperiode.

Dei frøa eg sådde har eg alle fått frå Euroseeds, han har ei spennande frøliste må eg seie :
http://www.pavelkaalpines.cz/seed-list.htm

Androsace dasyphylla
A. sarmentosa
A. sempervivoises
A. spinulifera
Corthusa brotherii
D. hispida
Eriophyton wallichii - "Magnars hagetroll"
Fritillaria drenovskii
F. gracilis
Pulsatilla albana
Saxifraga kartilaginea
S. ferndinandi-coburgi
S. scardica

I posen med Pulsatilla albana låg det eit frø som avgjort ikkje var Pulsatillafrø som eg sådde i ei potte for seg, det skal bli spennande å sjå kva som skjuler seg i det.


No har eg fått i meg middagen - sosekjøt var det idag, ein av mine favorittar - sau sjølvsagt!