torsdag 29. januar 2009

Vedhogst - vi kan sjå sjøen og bygda

FØR BILETER:

Dei to fyrste bileta er teke frå hyttenaboen og viser korleis det såg ut derfrå før hogsten starta.
Eg trur eg har fått før og etter bileta i same rekkefølge (håpar iallefall...)





Så er det to bileter som eg har teke frå nedsida av drivhuset mitt - tilsvarande nr.3 og 4 på "etterbileta".


Og dei to siste er teke frå verandaen vår, tilsv nr. 5 og 6 på "etterbileta".


Ja no har eg saga ned alle dei store trea på naboeigedomen som stengde for utsikta til ein del av fjorden og bygda. Endeleg... dette har vi "drøymt om" i mange år. Eg har vel skrive nok om det tidlegare så idag skal eg begrense meg til å presentere bilder av før og no bilder.
Enno står det att mykje småtre og kratt som og skal fjernast, men det viktigste - dei store trea er vekke, og tru meg - dei skal IKKJE få sleppe oppatt! ;)
Dette er eit samarbeid mellom meg og hyttenaboen, difor viser eg bilder frå deira vinkel og, dei misste nemleg ettermiddagssola pga. dei høge trea.




ETTER BILETER:No kosar eg meg med eit lite glas Lapponia det syns eg at eg har fortent idag. ;)

Ha ein fin kveld alle saman!

Vinterblomstring og hoggst





Vi nermar oss utgangen av januar månad og dei siste 14 dagane har vi hatt eit nydelig veir. For det meste opphald, sør og søraust tildels nokså kraftig vind i starten, men den siste veka har det vore flott.
I hagen er det mangt og mykje som spirer og jamvel blomster er det og som siler imot meg når eg går den vesle ruslerunda mi. Primula, Helleborus og snøklokker er alle igang no. Eccremocarpusen min har alt starta veksten. Denne Eccremocarpusen - det vil seie dei er mange, iallefall 5-6 stk som eg har planta i bakkant av plattingen og klatrar på arberingsmatter der, overvintra i fjor vinter og så den vert to år gamal til våren. Håpar bare ikkje at frosten tek den seinare i vinter. Det som veks no frys vel bort reiknar eg med, men eg får dekke rota bra så den ikkje frys vekk.



Sjølv har eg hatt arbeidsperiode dei siste 8 dagane, men i går var det fyrste fridagen og den nytta eg til meir saging av dei store trea nedanfor på naboeigedomen. No står det att nokre store or som skal møte bakken idag, då har vi fått ned alle dei store trea som skygde for lys og utsikt til hagen vår, men enno er det veldig mykje som skal ned, men det kjem eg til å ta over langs. Det er mindre tre og kratt, men det som står nærast grensa skal vekk etterkvart som eg får tid.
Reiknar med at eg skal ta bilder idag når alle dei store er nede så kan eg vise "før og etterbilder" !



Igår var eg også i to timar hos ein anna nabo og klipte frukttre. Må ta det i små porsjonar då eg har lett for å pådra meg senebetennelse i handa eg klipper med. Han har ein del frukttre som eg held vedlike med klipping kvart år og no var eg begynnt å få litt dårleg samvit for ikkje å ha komme igang i fineveiret, men det var som sagt den veden....... ;)


Ha ein flott og fargerik dag alle saman, eg skal ut og starte motorsaga !

mandag 26. januar 2009

Det 6. bildet i 6. mappa - ei utfordring !

Idag ( eller var det i går kansje vart eg utfordra av Taleia i stafetten om å presentere det 6. bildet i 6. mappa blant fotoa mine. Tja no er eg spent no på kva som skjuler seg der.... skal vi sjå......
Tja... det vart ikkje så enkelt det, den 6. mappa inneholdt bare 5 bilder !!
Så prøvde eg 6. mappa bakfrå - Ja det var bilder av slektningar eg har motteke frå ein slektning og ergo - ikkje mine bilder som eg ikkje ville legge ut utan løyve frå opphavseigaren.
- Løysinga vart å telle til 6. mappa bakfrå av mine einge bilder og det 6. bildet der var dette:

Vallota speciosa eller Cyrtanthus speciosa som den skal heite no.
Denne løkplanten i Amryllisfamilien fekk eg av mormora mi for nesten 30 år sidan.
Den planten har ho hatt så lenge eg kan hugse stånade i ei stor isoporpotte og bestanden var temmelig stor blitt sist eg såg den. Den blomstrar årleg, som regel litt ut på seinsommaren og eg har eit heilt spesielt forhold til denne løkplanten.
No har mormora mi (som no er 95 år) budd på sjukeheimen dei siste åra, men løkplanten står der den har stått. Kjekt å sjå når man ein sjelden gang er innom det som eingong var heimen til mormor og morfar.

I 2007 delte eg løkar frå denne med mange hagegale i heile landet så akkurat denne planten har mange etterkommarar utover i hagegalverdenen.
I fjor kjøpte eg meg løkar av både rosa og kvit Cyrtanthus, men dei var puslete og små syntes eg og fekk ikkje blomst på dei i fjor og dårleg vekst var det i dei i sommar og syntes eg. Håpar det vart meir fres i dei til sommaren.

fredag 23. januar 2009

Jippiiiii !!!!

Idag vart eg virkelig GLAD når eg opna postkassa og fant ein konvolutt med frimerker på frå den Tsjekkiske republikk ! Ja ikkje for frimerka då, men for innhaldet.... eller rettare sagt spenninga med å opne å sjå om eg hadde fått det som gjorde at eg sende bestilling til Euroseeds.
Mr. Pavelka hadde nemlig frø av Magnar sine "Hagetroll" på lista si, forøvrig ei svært innhaldsrik liste. Bare sjå her !

http://www.pavelkaalpines.cz/seed-list.htm

Det var bare det at eg var litt skeptisk til betalingsmetoden ettersom han IKKJE hadde eigen konto, men det var andre betalingsmuligheter m.a. kontantar noko eg er svært skeptisk til.
Dei andre betalingsmetodane vart svært kostbare så eg tok sjangsen, kjøpte Euro i banken, pakka pengane inn i AL-folie og let det stå til.
Eg sende mail til han same dag som ordre/pengar vart sendt om at dei var på veg.
Han svarte meg at han skulle bekrefte at dei var komne fram så snart dei kom, men eg har ingen ting høyrt så eg var no begynnt å lure etterkvart på om eg skulle sende ein mail å forhøyre meg.
Men så langt kom eg heldigvis ikkje, i dag kom konvolutten med 13 frøpakkar i og der i blandt Eriophyton wallichii - "Magnars Hagetroll" .
Det var dei som gjorde at eg bestilte, men sjølvsagt var det andre lekkerbiskenar som òg fekk vere med, dei som føl med i bloggen får sjå det når eg sår ein av dagane. ;)

God fredagskveld til alle som er innom.

torsdag 22. januar 2009

Sådag

Idag har eg endelig fått sådd:

Sådd 22.01.2009:

Allium aflatuense ' Purple Sensation' (Trine)
Androsace carnea (Timian)
Aquilegia buergeriana var cameo (Rita)
Buddleja alternifolia
Camassia, blå (ToneM)
Clematis macropetala 'Markham's Pink'
Fritillaria meleagris (eigen avl)
Me
conopsis betonicifolia, blå valmuesøster (eigen avl)
M. quintuliplinervia, Klokkevalmue ( eigen avl)
Onopordum acantium, Eseltistel
Primula concholoba (eigen avl)
P. heucherifolia (eigen avl)
Pulsatilla alpina ssp. apiifolia
Rhodiola atropurpurea, Raud rosenrot
Rudbeckia occidentalis 'Green wizard'
Tulipa urimensis (eigen avl)

Rhodociton atrosanguineum - BLODBEGER.


Sådd 20.01. 2009:

Caltha leptochepala
Helleborus atropurpurea
helleborus foeditus
Helleborus niger
Liatris spicata 'Kobold'

Alle sortane låg til bløyt i lunka vatn med oppvaskmiddel på termos
i ca. 2 døgn


Så får eg ta med at i går var eg på eit transportoppdrag på Nordfjordeid og då var eg innom Mega og der kjøpte eg meg ein Clivia i knopp for bare 135,- i jebusspresang til meg sjølv! ;)
No skal eg snart på jobb igjen.

Ha ein fin torsdagskveld!

tirsdag 20. januar 2009

Meir om dyra

Eg var visst for snar å fortelle at alt sto bra til med mor og barn i går.
I dag tidlg var kyra tydelig i dårleg form og eg fekk misstanke om melkefeber, noko som skuldast akutt kalsiummangel og kan vere dødelig om ikkje behandling kjem raskt igang.
Veterienær vart tilkalla og kyra vart behandla.
Etterkvart oppdaga vi og at ho hadde trakka på og skada stygt eine spenen - den måtte syast og anibiotikakur igangsatt.
No er kyra på bedringens veg, men det tek tid å få spenen til å gro og ikkje minst- ikkje heilt enkelt å tømme kjertelen og ta på og av bandasje, smertefullt som det rimeligvis er.

Når eg likevel er inne på dyr eg har i mi varetekt:

I helga misste eg to av dei flotte dverghønene mine av rasen Toppa Hollender, dverg.
Det var hønsehauken som var på besøk og utruleg nok kom han seg inn i hønsehagen som er overdekt med netting.
"Veggane" rundt hønsehagen består av hønsenetting som er veldig finmaska. På toppen har eg strekt "Sauenetting" som er mykje meir grovmaurska, men at hønsehauken kom seg ned der og oppatt det står for meg som ikkje mindre enn utruleg.
No lyt hønsene leve eit inneliv til eg får tid og anledning til å skaffe meg nytt dekke over hønsehagen som held hønsehauken ute. arrrrgh......
No har eg att bare ei høne av denne rasen og to hanar (stakkars høna !!!) så har eg 4 høner av rasen wyandotte , dei er mykje strørre og manglar hane (stakkars hønene.... ;D )
Heldigvis har eg spreidd nokre av desse dverghønene i nærområdet her så det er kansje håp om å få låne seg ei eller to så eg får befrukta egg til våren og kan bygge oppatt stammen.
Å ruge ut kyllingar er kjempemoro.
I mangel på bilder av dverghønene (dei bilda ligg på den andre PCen min som eg har lånt bort for tida får eg poste bilder av nyklekkte kyllingar i staden.


Til sist må eg få med at frøa som låg til "møyrning" på termosen i oppvaskmiddelvatn er no komne i jorda og står no på badgolvet. Så rakk eg å fylle og gjere klar 18 såpotter som skal isåast ....... når eg får tid !

Ha ein fin tysdagskveld!

mandag 19. januar 2009

"Jordfar"

Det er ikkje så ofte det klaffar slik til at det er kalving i fjøset med eg er på jobb, men idag hende det. Eg såg tidleg på morgonen at idag hadde kyra laga seg til og det ville bli kalving iløpet av dagen.
Binge vart montert og lun og god plass tillaga klar til den nye verdensborgaren.
Det tok si tid før det vart skikkelig alvor, men i 14-tida i dag var eg "jordfar" og hjelpte ein stor og fin svart kvigekalv til verda.
Alt vel med mor og barn. ;)

Her er kalven tre timar gamal.

Frøa eg skulle så i går ligg framleis usådde i øskja si, men på termosen ligg det fem sortar staudefrø som skulle bløytleggast før såing, dei MÅ eg ta meg av i morgon......!!

No er det natti natti for eit A-menneske som meg!

søndag 18. januar 2009

Morgon ved stoveglaset


I jula måtte vi ommøblere litt i eine stova for å få plass til alt og alle og har no plassert spisebordet ved stoveglaset. Det vert nok ein permanent plass i framtida trur eg, for der er det så fint å sitje, særleg om morgonen. Eg skjønar ikkje kvifor vi ikkje har plassert bordet slik tidlegare, det er då mykje kjekkare å sitje der med frukosten enn ved kjøkkenbordet der ein må gå fram til glaset for å sjå ut på lyset og fjorden.
Så har eg verandadøra rett bak ryggen så det er bare å snu seg, opne den og knipse bilete når det er noko eg vil fange opp.

Eg har frihelg og idag har eg hatt tid og anledning til å sitje ved stoveglaset og sjå nattemørkret vike for dagslyset og høyre på vindrosene som herjar ute. Ja det er bra kraftig vind ute i dag og som skifter frå sør til søraust, eller landsynnjing som vi seier her.
Skiftande skyformasjonar og lysbrytningar har alltid fasinert meg og idag har eg teke nokre bilder av den gryande dagen sjølv om det ikkje akkurat var så spektakulære fargar denne morgonen. Forresten kjem ikkje fargane til sin rett heller på bileta.






Med eg sat her og såg på lyset som sakte men sikkert kom over landskapet lagde eg eit lite morgonstemningsdikt eg vil dele med dåkke som eg har kalla:

MORGON VED STOVEGLASET


Så flott å sitje ved stoveglaset
når mørkret lettnar og dagen gryr.
Eg sit og ser ut av stoveglaset
og det eg ser gjer meg glad og yr.
Her ser eg bygda som ligg og kviler
i søndagsstille og salig ro,
og kvite snøfjell imot meg smiler
det synet varmar mitt indre no.
På himlen seglar det mange skyer
dei reiser hastig på veg mot nord
og vinden leikar og riv og ruskar
så kvite skavlar seg bryt på fjord.
Sjå lyset skifter i ymse læter
- der inst i fjordbotnen er den blå,
og gyldne fargar i aust eg skimtar,
ei flott kontrast mot det andre grå.
Eg sit og nippar til kaffekoppen
for kaffekoppen må vere med,
for slik ein morgon, ja det er toppen,
den gjev meg glede - den gjev meg fred!


No aukar vinden på etterkvart og det knest godt i huset i dei verste vindkasta.
Eg har ein del staudefrø eg skal så idag så no er det best eg kjem igang med det for seinare på dagen er vi inviterte til jebussfeiring til systra mi og ei niese og då er det greit å ha gjort ferdig det som gjerast skulle!

Ha ein fin søndag alle som stikk innom!

onsdag 14. januar 2009

Fråvær og utmerkingar


I det siste har eg vore lite aktiv både på min eigen blogg, andre sine bloggar og på hagegal.
Andre ting har vorte prioritert i tillegg til jobb og andre plikter.
Sjølvsagt har det vore familie - barn og barnebarn som har fått 1. prioritet hos meg no ei stund.
I går køyrde eg dei siste julegjestane våre til flyplassen og no er dei trygt på plass i Turku, Finland igjen. Her heime har det sjølvsagt blitt veldig stille og roleg i huset etter at alle drog.

I dag har eg holdt på med ved heile dagen og fått kvista ein masse av det som var nedsaga i romjula. Den tjukke veden køyrde eg "heim" etterkvart som eg sagde, men greinene som eg vil ha har eg bare kvista ein del av. I dag tok eg noko av det som låg att og kvista og bar heim, kvisten la eg i dunge, det vert nok til at det meste av den vert brent. men noko av den vil eg køyre gjennom kompostkverna - vi får sjå kva det vert tid til.....!!
I morgon skal eg kappe ein del av greinveden og få i hus så det får begynnt å tørke.

Som sagt er det lenge sidan eg har oppdatert meg på andre sine bloggar, og til mi store overraskelse låg det beskjed på bloggen min at eg har utmerkingar (Awards) som ligg og ventar på meg i andre sine bloggar.
Eg har iallefall funne ifrå RandiF, Cherie, MariannS og Seascape. ( No får dåkke hjelpe meg om det er nokon eg ikkje har "oppdaga" )
Tusen takk alle fire, eg er overraska og takknemlig for slik gest!
Trur eg må tenke litt over kven eg skal sende dei vidare til før eg gjer noko med det. Eg har veldig mange bloggar eg les jamnleg, og det er utruleg vanskelig å velge ut nokre få - alle har sitt særpreg og er interessante på kvar sitt vis sjølv om eg må innrømme at eg har nokre favorittar eg og. No er det blitt så mange at eg etterkvart MÅ velge meg ut dei eg vil følge jamt, tida strekk ikkje til om ein skal følge med på alle.
Etter at eg vart "overtala" til å registrere meg på Facebook før jul, vert det enno mindre tid til både bloggar og anna. Eg skjønnar og forstår at det er DET som er det store om ein skal følge med på kva slekt og venner driv på med! Eigentleg melde eg meg inn for lettare å halde kontakta med slektningar i Canada, Etter at eg kom inn der fant eg ut at det er samlingsstaden
for "alle under 50" iallefall, men også mange med lenger fartstid i livet har tilhald der.

Den siste veka har vore særs våt og vindfull med over 230 mm regn dei siste 7 dagane og fleire dagar på rad med storm i tillegg. Hagen er vååååt.... idag har det vore nydelig med nesten skyfri himmel og såvidt under 0 grader - flott arbeidsveir, men det skal bli kaldare etterkvart, nett no er han ned i -2 og med alt vatnet som er lagra i jorda håpar eg at det ikkje vert mange kuldegrader.
Barfrost er fa'li det!

søndag 4. januar 2009

FARMOR


Tidlegare i haust (25. nov.) delte eg eit dikt med dåkke til minne om farfaren min.
No har eg skrive eit dikt om farmora mi som eg og var nært knytta til.
Dei to budde i andre enden av huset der eg voks opp og levde til eg var 20 og 21 år.
Her er nokre av minnene eg har om henne slik eg har gjort det i verseform.

FARMOR

Eg ser ho farmor som står og bakar
med kvite forkled og raude kjekar,
ho kjevlar deigen so jamn og fin
som var det duk ut av spunne lin.

So ser eg kringlene - dei var gode!
Ja det var snop for ein liten pode,
med salta smør var dei aller best
og høgtidsstund for ein liten gjest.

Eg ser ho bøygd står ved låvenova
og plukkar kløver som lukke lova
og legg dei vart i ei salmebok,
ho lukke samla - fekk aldri nok.

Eg ser ved hesa ho rister høyet
og legg på streng - det må vere nøye!
Og svingar riva så lett og fint
på etterrakstren det går så svint!

Eg ser ho kjem med eit knippe einer
- skal lage log utav friske greiner
til hårvask var slikt det reine gull!
Ho fletta håret i ein nakkekrull.

Eg hugsar og det vart kveld i stova
og spøtet kom fram - ho sokkar lova.
Eg hugsar fingrane, dei gjekk fort
eit sokkepar var 'kje lenge gjort!

No er det minner som vart vert gøymde
og aldri, skal dei vel verte gløymde,
det er som ark i ei minnebok
om det som var som eg tok imot.








fredag 2. januar 2009

Vinter ute og influensa inne





I natt har det snøa godt ei stund, vi vakna idag til 25 cm snø. Heldigvis lett og fin så det var ikkje lenge gjort å måke det som måtte fjernast frå veg og parkeringsplass.
Forsmaken på vårteikn vi hadde nyttårsafta er gøymt under eit isolerande dekke med kvit snø.
No har det mildna og dryp frå taket og istappane som heng under ufsa.
Også idag har enkelte lette snøbyger streifa landskapet, og vegane er glatte.


På fuglebrettet er det stor aktivitet av blåmeis, kjøtmeis, spettmeis og svartmeis/granmeis og under rognen i hagen trippar det fleire svarttraster og finn seg mat eg har lagt ut til dei der.
Katten ligg doven og lat i godstolen og veit heldigvis ikkje at det er sååå mange spennande fjørkledde like utanfor.



Inne latar vi oss idag, fyrer i omnen, nokre ser TV andre surfar etter eit kvart på PCen sin og nokre er i dårleg form. Vesle Mikael måtte på legevakta i dag tidleg med raskt aukande høg feber så legen ville sjekke han. Heldigvis ser det ut for at det er virus, sannsynligvis influensa som faren hans har hatt dei siste dagane så det går vel over med tid og stunde.
Eigentleg skulle eg ha svinga motorsaga idag som eg har fri, men føler meg slakk eg og så eg trur eg tek det roleg og unngår å kjase meg ut. Får heller ta siste finpussen på eit par frølister og få bestilt det eg vil ha (eller noko av det eg vil ha......) og "håpe det vert likar i mårra !"

torsdag 1. januar 2009

Jomfruelig




Jomfruelig var landskapet i dag tidleg med nysnø og heilt stille.
Jomfruelig er ligg også det nye året fram for oss.