søndag 30. november 2008

Satt ut av spel

I dag skriv vi fyrste søndag i advent.
Tida går - ikkje bare går men den går rasande fort og !
Ute er det + 2 grader, vindstille og 5-6 cm snø på bakken.
I kaminen i stova durar det jamt og den gode varmen brer seg ut i rommet.

På kjøkkenet har eg alt fått på kok klubbegryta, den står og putrar og godgjer seg, vi skal ha tidleg middag idag. Har besøk som skal vidare på si ferd og då er det godt med eit skikkelig grunnlag å reise på - Klubbemiddag (Raspeballar).
Yngste dattera og forloveden kjem også og skal ete middag ilag med oss, klubb er ein av favorittane forstår eg !

Sjølv går eg sjukmeld med ei betent hofte, har kjent på det nokre dagar, men torsdags kvelden eg kom heim frå jobb var det ikkje anna å gjere enn å oppsøke legevakta som gav meg kortisonsprøyte og ein kur med betennelsesdempande tablettar og med beskjed om ikkje å belaste hofta for mykje dei næraste dagane.
Dermed så sit eg her og har god selskap med laptopen min. Les hagebloggar, granskar slekta og les aviser...
ja ja tida går no fort iallefall likevel.

No er det bare 15-16 dagar att til dei fyrste julegjestane kjem og det gled vi oss til ho Besta og eg, det skal bli kjekt å sjå att barnebarna og er vi heldige får vi ha dei begge to i stova vår på julafta.

Solopus strekkjer seg så lang han er i godtolen sin og geispar - han vert trøtt og slapp han og i den gode omnsvarmen !

God fyrste søndag i advent til alle saman !

tirsdag 25. november 2008

FARFAR


FARFAR

Eg går og tenkjer på det som var
eg går i farfar i sitt fotefar.
Eg ser han stå over stabben bøygd,
får vintraveden til neste år kløyvd.

Eg ser han stå i den bratte bakke
med bein i kors og med bøygde nakke,
han står og bryner sin gamle ljå
for ingen kunne som farfar slå !

Eg ser med øykjen han fer og køyrer
og smattelydar eg også høyrer,
han styrer merra så trygt på plass
og lesser opp nok eit turrhøylass.

Eg ser han steller med sau og krøter
og ser at nøter og garn han bøter
og plukkar stein av den svarte jord
og rør i færing på stille fjord.

Så fast i hugen dei set der minna
og aldri, aldri dei bort vil svinna.
Eg gøymer varmt kvar eit lite skimt
som meg passerar i syn og glimt.

Til sist eg ser han på siste ferda
då han drog frå oss - frå denne verda,
det var med slåtten for fullt stod på
på låvegolvet vi fann han då.

--------- ------- -------


Idag tidleg hadde eg ekstra god tid før eg skulle på jobben og sat og las dei hagegale sine bloggar, enkelte av dei hadde eg lese før men las gjennom dei enno ein gong m.a. Charlotte sitt innlegg der ho fortalde at ho hadde mist sin kjære far.
Eg kom i tankar om kor heldig eg er som enno har begge foreldra mine i live og endog til ei mormor som snart fyller 95.
Då kom dette diktet som "rekande på ei fjøl" til meg og eg fekk lyst å dele det med andre -
Kva er då meir naturleg enn å bruke det i min eigen blogg ?

Eg og farfar hadde nær tilknytting til kvarandre, dei budde i same huset som vi - i kvar vår ende, så det var inn og ut likegodt der som i vår eiga stove.
Som smågut var eg med han i arbeid, på jakt, på sjøen og var det preikesøndag følgdest vi åt der og.
Han lærte meg å køyre merra, sjå forskjelen på dei forskjellige treslaga i vinterdrakt, kaste på stikka og kaste snøball på ein treffsikker måte - noko han var ein meister i !
Varme og gode minner og ta med seg vidare i livet.
Dette innlegget er til minne om min farfar !

lørdag 22. november 2008

Full vinter og lokalhistorie





Ja så kom vinteren for fullt som meterologane spådde. I dag tidleg når eg stod opp var det mykje snø ute, og på målepunktet mitt ved målestasjonen var det 38 cm med våt og tung snø.
Gjett om eg var glad for jobben eg gjorde tidlegare i veka med oppbinding av diverse busker.
Det vart ei heil ykt med snøspaden og måke snø både frå veg, parkeringsplass og trapper.
Det hadde visst vore ein god del vind og ein periode i natt, for på eine sida av huset var det festa seg snø både på dører og veggar.
Dei gamle morelltrea er snødekte idag.















I dag har eg kjøpt meg ei bok av ein lokal forfattar som har fått tittelen "Folk før. Femti historier frå Nordfjord" der den tidlegare læraren Kjell Askeland har intervjuva 58 eldre personar som gjev grunnlaget for desse femti historiene frå deira liv og virke. Mange av desse intervjuvobjekta er slektningar av meg og bygdefolk eg har kjent - for dei fleste av dei er, som vi seier, gått ut av tida. Dei er vekke, men historiene deira kan fortelje oss i vår tid korleis det var å leve i ei tid vi som ikkje har opplevd det knapt kan forestille oss. Eg trur vi alle har godt av å lese slike historier og smakebitar, frå tider då mest all tid gjekk med til å skaffe innkome til seg og sine.
Forfattaren Kjell Askeland var ein av mine lærarar og alle dei tre jentene våre hadde han og som lærar så av den grunn er det jo og litt kjekt å ha boka.
Eg håpar same forfattar har meir på lager og kjem
med oppfølging av denne boka.

Ha ein fin helg rundt i det ganske land !

torsdag 20. november 2008

Eggeglassamlinga mi






Som eg sa i bloggen min i går gjekk eg i hus og styrte med andre huslege syslar.
Det bestod seg m.a. av montering og opphenging av skap til eggeglassamlinga mi. Det eine skapet har eg hatt oppe nokre månadar, men no hadde eg så mange eggeglas som fortente å komme fram i lyset . Ved flytting av det fyrste skapet fekk eg plass til begge to ved sida av kvarandre.
Det er helst eggeglass med stett eg samlar på og det gjer ingen ting om dei er gamle.
No manglar eg nokre glasplater til dei to skapa mine så det har eg bestilt meg.
Nokre av eggeglasa har eg funne på bruktbutikkar andre har eg fått av slekt og venner som kjenner til dilla mi og nokre har eg kjøpt på QXL
Har tom. eggeglas som kjem frå loppis i Sverige .

onsdag 19. november 2008

Frøsesongen er i gang

Idag har eg hatt jobbfri og etter ein roleg start med kaffe, frukost og morgonchatt trakk eg i oljehyra og fekk binde opp ein del busker for vinteren som ikkje tåler så veldig godt tung, våt snø for no kjem han snart - snøen.
Halesia carolina, Buddleja alternifolia, Kerria japonica og Physoricarpus m. fl. fekk seg alle ei hjelpande hand til vinteren.
Ellers hadde eg framleis attståande diverse støttebøylar m.m.som det var på tide å ta inn for vinteren. Generell opprydding med andre ord !
Eg fekk festa nokre glasruter på taket av drivhuset som hadde sige og måtte ordnast før snøen melde seg.
Etter kvart vart han så fæl å regne at eg gjekk i hus og fant huslege syslar.

Ellers har eg funne ut at kaktusen til høgre mest sannsynleg er
Sclumbergera 'Salsa Dancer' - Kjekt med namn på dei og !
Det finst jo tusenvis av hybridar så det kan vere at eg tek feil, men likheita var slåande så eg vel å tru det er den !


Postdama kom med frø frå Magnar så då har fyrste dose med staudefrø landa hos meg og, dvs. eg har liggande eit "ikkje ubetydeleg" antall staudefrø frå STA frå i vinter som kom så seint at eg let vere å så dei. Dei skal innlemmast i den nær foreståande staudesådden. :)
Her er frøa eg fekk tilsendt frå Magnar:

Androsace hedraeantha
A. mathildae
A. x pedemontana
A. sempervirens
Dodecatheon dentatum
Draba rosularis
Gentiana grossheimii
G. oschtenica
Primula clusiana
P. tschuktschorum
P. luteola
Saxifraga kolenatiana
S. stribrnyi
Soldanella capatica
S. pusilla
Wulfenia baldacii

No er det bare å finne ein høvelig dag å få sådd staudefrøa så dei får stå ute og godgjere seg til dei finn ut at det er høvelig spiretid ut på vårparten ein gong. :)

No er det best å finne seg noko kveldsmat og så er det vel ikkje lenge før loppekassa kallar tenkjer eg - kjem sikkert til å drøyme om alle desse vakre staudene som det kan bli av ein slik bunke frøposar....
Ha ein fin kveld alle som er innom !

torsdag 13. november 2008

Nytt bed og ny Kristtorn

Gullregnbedet
Den siste tida har det ikkje vorte tid til så mykje hagearbeide, men mandag manna eg meg opp og lagde bed rundt gullregnen som nesten rotvelte i kraftig vind i Juni.
No har eg sett ned tre kraftige, impregnerte pålar og heldige meg fant ein gamal sykkelslange i uthuset som skal halde treet på plass der det skal stå. Med svakt rotsystem som gullregnen har reiknar eg med at desse tre pålane lyt stå der så lenge gullregnen står og då er det meir praktisk med bed ikring.
Så vart det planta 12 Kirgisløk (Allium aflatuense) og 50 Muscari latifolium.
Håpar det vert bra til våren for Kirgisdløken blomstrar samtidig med gullregnen.
No manglar det bare kantstein, men der har eg ein plan ( for å seie som Egon) :)

Idag fekk eg pakke frå ei hagegal dame som tipsa meg om ein Kristtorn ho hadde kjøpt - Ilex 'Hollywood'. Ein dvergsort med veldig små blad og kompakt vekst, og gulrosa nyskudd. Riktig ei perle som skal få seg ein utsøkt plass, bare eg får tenkt meg om - og eg har tid å tenke, den skal ikkje plantast ut før til våren.
På bildet t.h. viser eit blad av Ilex 'Hollywood' og eit blad av Ilex aquifolium (vanleg kristtorn), her er det forskjell i storleiken ja !
Må frambringe ei stor takk til den hagegale dama !

Veiret denne veka har vore variert, enkelte dagar har vi fått litt nedbør, såvidt litt rim på bakken eit par morgonar og tysdagskvelden/natt til onsdag var det eit nyyyydelig måneskin og
2-3 plussgrader. No er det visst venta regn dei kommande dagane så vert det iallefall ikkje frost.

Under plantelyset i vekstrommet har eg ein Vallota som snart kjem i blomst. Den kjøpte eg i den botaniske hagen i Turku (Åbo) då eg var der i sommar og det ser ut som det og kan vere ein dvergart for eg trudde ikkje det var mulig at det kom blomster på dei små løkane, men på blomsterstilken er det 4-5 knoppar. orangeraude på farge. Eg kjem att med bilde av den når den er i blomst.

lørdag 8. november 2008

Kvitveis i november


I går då eg var på jobb fant eg ein kvitveis i blomst i ei utmarksskråning, i dag tok eg med fotoapparatet og foreviga den villfarne.
Litt ut av sesong, og litt medfaren etter forrige vekes frost og litegrann snø, men den "står han av" under eit lett tak av visna bregner.
















Lady syns visst det var noko merkelig det eg holdt på med.



På veg heimatt tok eg bilde av Hornelen


Så kan eg ikkje dy meg for å presentere gårsdagens morgonbilete frå verandaen vår !

onsdag 5. november 2008

Nye novemberkaktus

Slik var utsikta frå verandaen vår idag. Tjukk skodde som låg heile dagen (og ligg enno), håpar den lettar til i morgon for skodde er ikkje noko særleg behageleg for ein revmatiker.


Så er det tid for nye novemberkaktus.
Desse to har eg skaffa meg dei to siste dagane. Den til høgre i går på vår lokale Jokerbutikk og den andre i dag på Mega, Nordfjordeid.
No er eg ikkje sikker på om eg har desse to fargevariantane frå før, så eg må visst til å lage meg eit register med bilder over dei kaktusane eg har så eg ikkje kjøper altfor mange dublettar.
På den gamle PCen min har eg ein link til ei flott side om novemberkaktus men den har eg for tida lånt bort ....

Ellers er det magert med hagerelaterte ting å skrive om anna enn at det er mangt eg SKULLE ha gjort i hagen som å rake lauv, samle hagereidskap og vaske dei for vinteren, rydde og kaste eitåringar som har kollapsa etter frosten vi hadde forrige veke osv.

tirsdag 4. november 2008

Bygdakvelden 2008

Så har vi lagt bak oss bygdakvelden i Davang i år og. Dette er ein tradisjonsrik (ca 30 år trur eg) årlig begivenhet i Davik der alle innbyggarane med postadr. 6730 Davik vert inviterte til ein kveld med underholdning og god mat med påfølgande dans etterpå. Veldig populært - ikkje minst for alle dei utflytte davikarane som kjem heim att til bygda for å få med seg denne kvelden.
Lokalet har plass til "hundrede og nokre og nitti" bordplassar og dei er fullsette kvart einaste år.

I år var eg med i komiteen (kvart 3. år) og det er jo ein del arbeid som vert lagt ned for å få iland eit slikt arrangement, men du verden så kjekt vi har det under komitemøter med planlegging og øving der vi skal finne idear til sketsjar, aller helst med lokalt tilsnitt.
Laurdag føremiddag brukte eg 3 timar til pynting av borddekorasjonar i salen (gløymde å ta bilder) !

Då er det om å gjere at vi har snappa opp saker og ting som har hendt i bygda det forgangne året og dra fram i lyset og lage noko på.
I år var sjølvsagt Terrasaka som kommunen vår vart dregen inn i eit hovudtema og gjekk igjen i mange innslag.

Ellers var det høgtideleg opning av kvelden med snorklipping av "kongen", diktlesing, songar, kåseri, sketsjar, heimelaga "opera", dans og allsong.
Det virka for at publikum likte det dei fekk sjå for vi fekk mange godord og klapp på skuldra etterpå av dei som var gjestar.

Omlag midt i programmet er det middag og i år serverte vi svinesteik og kjøttkaker med tilbehør, fromasj og kaffe til dessert - dei som lagde maten fekk mykje velfortent skryt for den .

Ein tradisjon vi har på kvar bygdakveld er å avslutte programfrekvensen med at alle syng "Visna lauv og rima bøar" - denne songen skreiv "Gamlelensmannen" til koret ein gong på 70-80-talet trur, eg til melodi av Stenka Razin, ein russisk folkemelodi.
Slik er melodien
http://www.youtube.com/watch?v=UglqN52-49s&feature=related

Teksten er slik:

Visna lauv og rima bøar,
mørke skyer driv mot aust.
Opp i fjellet alt det snøar,
soli kverv, no er det haust.

Men vi vil i haustastunder
og i vintrens mørke natt
tru på vårens store under,
tru at sommaren kjem att.

Eg var med på to innslag på scena. Det eine var "Viagrasongen" der eg var utkledd som gamal mann med stokk, var solist og hadde "kor" bak meg, nokre med stokk og andre med rullator. Det gav jo ein del munterhet i salen.
Trur det gjekk nokonlunde bra sjølv om eg fekk songen opp i handa torsdagskvelden og hadde minimalt med tid og anledning til å øve den inn.
Den andre sketsjen eg var med på var om Terrasaka (i to akter), der eg var ordføraren, så hadde vi rådmann, formannskapsmedlemmer og representantar for Terra security.
Den og vakte ein god del munterhet og eg trur vi kunne seie og nøgde med framføringa.

Dansen varte ut i dei små timar der folk gjekk heim etterkvart som dei tykte dei "hadde fått nok" sosialt samvær.

Dessverre har eg ingen bilder frå kvelden, men dattera mi filma det meste av sketsjar og innslag på scena så det vert no artig å sjå tilbake på for meg som for det meste var bak i kulissane og fekk med meg lite av det som foregikk PÅ scena den kvelden.