søndag 27. desember 2009

Eg er blitt Besten på nytt!

Hei alle saman.

Som nokre kansje veit er madammen og eg på juleferie i Turku, Finland (Åbo) og håpte i den anledning at vi skulle få med oss den store familiebegivenheten dette året - nemlig det tredje barnebarnet vårt sin ankomst før vi skal tilbake til Norge den 5. januar.
Det greide vi - terminen var i går og jenta kom idag tidleg velskapt og fin vel 5 om morgonen.
Ekstra kjekt var det at Besta fekk være med på fødselen, det sette ho stor pris på!

Ellers er det vinter her og 4-5 minusgrader og 10-12 cm snø, men det er "heilt andre kuldegrader" enn dei vi opplever heime så det er fint å gå tur i Turku by uten at kulden bit for mykje og ein pådreg seg luftvegsinfeksjonar som eg har lett for når det er kuldegrader.
Vi bur nær sentrum og frå blokka der vi bur er det 5 min rolig spasertur ned til elva som delar byen i to. Turku er den eldste byen i Finland og var tidlegare hovudstad så her er mykje flotte gamle bygningar å sjå. Eg har teke ein del bileter, men dei må eg vente med å presentere til etter vi har komme heimatt til min eigen PC.

Ellers vil eg ynskje alle ei riktig fin romjul.

fredag 11. desember 2009

Endelig ei oppdatering

Biletet her er frå ein flott morgon siste dagen i oktober


Ja no er det lenge sidan eg har vore innom bloggen min og avlagt rapport - og det bevisst ettersom eg er redd for at det bare hadde vorte syting og klaging over tingenes tilstand og det er ikkje det eg vil bruke bloggen min til !
No har eg imidlertid fått så mange "påminningar" om manglande oppdatering at eg syns eg må gje lyd ifrå meg etterkvart! ;)

Som eg gav inntrykk av i mitt forrige innlegg (å hjelpes - det var jo i begynnelsen av Juli det!!!)
trudde eg at "varmebølga" som reid oss då ein 14 dagers tid hadde teke "duen" av meg -
det skulle vise seg å være ubegrunna!
Det var heilt andre aktørar enn varmen som var årsaka til at eg stadig følte meg verre og verre i form nemleg det farlegaste dyret vi har her til lands - FLÅTTEN.
Det viste seg etterkvart at boreliose var årsaka til at eg var som eg var.
Eg som trudde at eg var "overarbeidd" gjekk til legen i midten av august - midt i ferien - då var eg så dårleg at eg innsåg at dette måtte være noko som ikkje retta seg berre med total kvile og fråhald frå fysiske utskeiingar.
Legen fant fort ut at sterke dosar penicilin måtte til mot boreliose, i tillegg var verdiane av immunforsvaret nokså lave.
Legen sa alt ved fyrste konsultasjon etter at boreliose var påvist at eg måtte reikne med at dette kunne ta tid å rette opp i .
Kort fortalt så går eg fortsatt sjukmeld, med mykje smerter og energilaus.

Nokre dagar med søraustkuling har vi hatt både i november og desember, men ikkje skadeveir.

Hagen har eg ikkje gjort noko med sidan begynnelsen av Juli månad og den ser ut deretter!! :(
Av same grunn har eg holdt meg stort sett vekke frå både hagegal og dei hagegale sine bloggar i heile haust. Eg merka at det var best for psyken å ikkje følge med på alt dei andre hagegale foretok seg, planla og drøymde om.
No er imidlertid ei gryande lyst til å delta litt igjen begynt å røre seg kjenner eg - saknet har vore der !! ;)

Eg fekk klipt plenen eit par gongar i august/september -seinare har det vore hjorten som har teke seg at den biten - aldri har hjorten vore så nærgåande som denne hausten. Daglege (nattlege) besøk av 2-3 stk som beita så nær huset der var noko å beite på - alle eplene var det hjorten som tok seg av -sjølvsagt før dei var klare til hausting. Og i brunstpreioden var det brøling natta lang, av og til høyrdest det mest ut som han stakk haudet inn soveromsglaset og ropte - det vart lite søvn av slikt !!
Heldigvis er det lite skade han har gjort bortsett frå lerketreet mitt som fekk seg ein smell - ellers er det stort sett bare trakkskadar i bed og ikkje minst i fjellhagen.
Drivhuset mitt vil eg ikkje nemne - det vert ein storjobb å reingjere og reinske opp når eg ein gong får krefter nok til å starte på det. Håpar imidlertid det meste har overlevd der sjølv om stellet har vore minimalt dei site månadane. Det vart svært mykje soppangrep der med det våte veiret vi hadde haust og eg som ikkje var i stand til å halde det i sjakk etterkvart.

--Staudesåing vert det ingen ting av denne hausten/vinteren reiknar eg med, har vel nok arbeid til våren å prikle stauder som har stått heile sommaren uprikla i såpottene sine og evt nye som måtte spire.

Vel det var nok syting og klaging - ferdig med den ! :)

Vi bur slik til at sola er borte frå 10. november til 2. februar - her ein av dei siste dagane sola skein her hos oss anno 2009

***** ****** *****

Tida i haust har eg brukt mykje til min andre store hobby - slektsgransking -
Det har vorte mange, mange timar (dagar) med blading i skanna kyrkjebøker, digitaliserte folketellingar og no det siste tilgjengelige - skanna skifteprotokollar som er utlagde på nettet.
Kva skulle eg ha gjort utan det velsigna nettet ? - Utruleg interessant - og så er det så mykje god hjelp å få på div slektsforum når ein står fast og like kjekt er det å kunne hjelpe andre som står fast enten med tyding av meir eller mindre forståeleg hansdskrift eller hjelp til å leite fram dåp, vigsler eller andre aktuelle spørsmål - akkurat som på hagegal !!! :)

Ellers har det vorte turgåing langs skogsvegen som går utover i marka her når forma har tillete det. Vi har hatt mykje flott veir på seinhausten med mange fine dagar i oktober og november og heilt til no i desember, det har vege opp for den samanhenganede våte perioden frå 10. Juli til 10. oktober med nesten dagleg regn og væte.

Ellers ventar vi med spenning og forventning på å bli besteforeldrer igjen - det kan skje kva dag som helst det no fram mot jul, så det vert stor stas å komme til Finland om ei god veke å helse på som vi seier på Davikemål ; eit flånkande nytt familiemedlem.
Ikkje ein gong Nissen kan trylle fram ei slik julegåve!




Dette biletet er teke frå utkikksplassen min når eg går tur i skogsvegen. Her ser vi litt av Davik.


Med dette vil eg ynskje alle ei god helg. Håpar det vert meir jamt med innlegg her og etterkvart!