onsdag 23. mars 2011

Våren er på veg

Den eldste blåveistua mi av vanleg blåveis Hepatica nobilis har mange knoppar som no kjem litt etterkvart.


Etter å ha vore vekkreiste nokre veker i anledning nytt barnebarn som kom til verda i Valdres. - (ein staut og flott gut) kom vi heimatt til nesten bar mark forrige torsdag og nokre dagar etter var heile hagen snøfri. Snøklokkene stod i fint flor og både det som er gledeleg å sjå og det ein helst ville sleppe å sjå (alt som skal ryddast vekk i beda) kom til synes.

Fredag fekk eg meg ei fin økt og rydda vekk i Peonbedet, der store, svulmande raude knoppar bryt seg opp til lyset og bare ventar på sol og varme.....
Ekstra gledeleg var det óg at trepionen har overlevd denne svært kalde vinteren, som vart innleia med fire veker hard barfrost før snøen kom, står frisk og fin klar til ny dyst. Den MÅ flyttast til ein varig plass denne våren - eg må bare finne ut kvar fyrst...

Vi har hatt to svært så nedbørsrike dagar her i vest no noko dei fleste sikkert har sett i nyhetene, men i går var det lange periodar med opphald og då såg eg meg snitt til å ta med fotoapparatet for å knipse bilder av blåveistuene mine som no står med store knoppar.
Litt sol og varme no så står dei i fullt flor.


Dei ungarske blåveisane er to år gamle i hagen min og her er den fyrste blomstrknoppen i år av den rosa utgåva.

Her er det den kvite sorten ' Weinreichs Weize' som kjem med fleire knoppar.



Her den lyseblå sorten 'Weinreichs Blaue'
- Hjortane som har hatt tilhald her om natta mykje av hausten og vinteren har takka for opphaldet ved å legge att "gjødselkuler" - greit nok, men eg er ikkje verre enn at eg hadde klart å gjødsle beda mine sjølv dersom dei holdt seg i skogen der dei høyrer heime!



Til slutt sorten 'Konny Greenfield' - ein nydeleg flott utgåve av Ungarsk blåveis som eg gled meg til skal openbare seg.

No gjeld det bare at det som er att av vinter ( for den kjem nok heilt sikkert igjen både ein og fleire gongar før han må gje seg) ikkje vert av slikt slag at den gjer skade på dei flotte knoppane som gøymer på så mykje visuell glede.