søndag 29. mars 2009

Den siste snøen ?



Eit kvitt snøteppe dekkjer hagen idag, det ser reint, ryddig og stille ut......

Midt på dagen i går fant veirgudane ut at det var på tide å drysse litt meir snø utover det vestlandske landskapet, det snøa lett i fleire timar før det vart så tett snøveir at den begynte å legge seg. Heldigvis vart det ikkje så mykje ut av det denne gongen og forhåpentligvis er det siste snøfallet denne vinteren, men vi har heile april framfor oss så det er vel for godt å tenkje seg....!





Blåsvingeltua mi - Festuca glauca 'Instant Blue' var faktisk vakker der den stikk opp av snøen ..... ehmmm......


Dei gule krokusane er hardføre og tåler både dette og meir til utan å ta skade.

Påskeliljene er i ferd med å opne seg, men fekk seg ein kalddusj dette døgnet.
Hardføre som dei er gjer det dei ikkje det slag!


Rhododendron 'BadenBaden' har store knoppar som har fått seg kvit topphue for anledninga.



Dei nyplanta blåveisane som eg fekk for ei god veke sidan dekte eg med potter i går så dei skulle få litt ly for snøen og ikkje verte heilt knekte til marka.


Herr og fru dompapp ser nokså betutta ut der dei sit i gullregnen .


Så får vi håpe at dette er siste gongen denne sesongen at snøen legg seg heilt i fjæra, no har tjelden fått sine tre snøfall på ryggen og eg reiknar med at ikkje han heller har trong for meir av denslags. Om ei stund håpar eg sola stikk seg fram frå skydekket ei stund og tærer bort dei 3 cm som ligg på bakken. I allefall fer den til kvelden igjen for då er det meldt storm og regn i vårt område.... ja ja vi kan ikkje seie at vi har einsformig og kjedelig klima iallefall.....

Ha ein god søndag alle saman !

lørdag 28. mars 2009

Det spirer og gror

Soloppgangen som eg venta på idag vart ikkje så praktfull i dag som på bildet eg tok for nokre dagar sidan, det var for mange skyer til det idag, men no ser det ut til at det sprekk opp og at det kan bli ein riktig fin vårdag idag og.
I natt har det vore såvidt under 0 så jorda i beda er skjerpa, men ikkje meir.

Ute er det fuglesong frå det begynde bli ei lita strime lys. Idag tidleg vakna eg av svartetrasta sin vakre mollstemte song. Eg har sagt det før at eg syns den er den flottaste songfuglen i norsk fauna - iallefall av dei som held til her hos oss.
I fjæra skvaldrar tjelden og etablerar seg på sine revir som dei har hevd på frå foregåande år og jagar vekk inntrengarar så godt som dei kan.
I skogkanten kurrar duene som og er komne att etter vinteropplag i sørlegare trakter.
Og småfuglane er travelt opptekne med å etablere seg revir og lokke til seg ein høveleg make.
Det er vår i skog og mark og hage!



Hepatica nobilis -Blåveistua mi er ikkje stor, men du verden kor mange blomar den presterar!


Hepatica nobilis 'Kyrvinberg' som eg fekk i fjor kjem med blomst i år - det var overraskande og gledelig.

Bergenia 'Rosie Klose' med store knoppar.

Primula denticulata - Kuleprimula har starta blomstringa.

Primula pubescens -Auriklane er komne langt, denne har ikkje lang tid att før den opnar seg heilt.

Erica -Vårlyngen har blomstra lenge alt og er ein kjær vårblomst.

Tulipanane er komne langt allereide, dette er gule og raude Apeldoorn.

Ha ei fin helg alle der ute.

fredag 27. mars 2009

Nyerverv

Soloppgang i halvsjutida i gårmorgon.




I det siste har eg ikkje vore plaga med skrivekløe som dei fleste har merka, men no har eg bestemt meg for å skjerpe meg. Eg har jo masse å vise fram frå hagen av blomstrande og spirande objekt.
Idag lyt det vere ei oppsummering at siste vekes hovudpunkt på hagefronten.
Eg får begynne med starten.

Forrige fredag kom det pakke i posten.
Blåveisar eg har vore med på å importere frå Tyskland ilag med mange andre på Hepaticaforumet http://www.hepatica.org/phpBB3/


Spennande før strikken skulle løysast og avispapiret brettast tilside........

Eg mottok 7 sortar:

Hepatica nobilis 'Albo-Rosea'
H. nobilis 'Marmorata'
H. nobilis 'Tausendschøn'
H. nobilis var pyrenaica 'Blaue Töne'
H. transsylvanica 'Rosea'
H. transsylvanica 'Weinreich's Blaue'
H. transsylvanica 'Weinreich's Weisse'

I tillegg var det med ein liten pose med frøplantar som skulle vere ein ekstra bonus frå han vi kjøpte plantane hos.
Dei har eg potta og står i drivhuset der veksten alt er i gang ser eg.
Dei vaksne plantane, nokre i blomst, nokre avblomstra, vart planta rett ut i eit bed og det ser ut til at dei har det fint der.


H. nobilis ' Albo-Rosea'



H. transsylvanica 'Weinreich's Blaue'

Eg har og fått tid til å rydde i pionbedet mitt og til alle glede ser det ut til at alle pionane har klart seg denne vinteren og. Så når eg får planta ut dei eg har ståande i potter som eg fekk på seinhausten i fjor er det vel begynt å fyllast opp i det opphøgde Pionbedet.

Ellers har det vorte lite hagearbeid denne veka, arbeid og kurs har teke dagane og litt vedkapping/ stabling har teke tida mi.
I dag er fyrste fridagen min og eg har ein del ved eg må få under tak i dag og med den er tørr, men skal nok få tid til meir opprydding i beda, det hastar no før nye spirar vert for store.

På onsdag var eg på Nordfjordeid på kurs igjen (jobben) og der fant eg ein orange påskekaktus eg ikkje hadde frå før, den vart sjølvsagt med meg heim til samlinga mi.
Fargemessig passar den fint ilag med Cliviaen som blomstrar fint no.
Den fekk eg for nokre år sidan som ein liten løk og i år er det fyrste gong den blomstrar, typisk det når eg i vinter kjøpte meg ein ny som var i knopp då.


Vel, no er det på tide å riste av seg skrivekløa og komme seg ut og stable ved. ;)
Ha ein fin fredag alle der ute!

torsdag 19. mars 2009

Den fyrste humla og Krokusblomstring











Idag har eg vore på jobb etter to dagars sjukefråvær. Sykja sit so pass kraftig i kroppen enno at det bare vart fotorunde i hagen no med eg ventar på middagen, og seinare idag ei ny jobbøkt i fjøset. Det kosta bra mykje kroppslig å ta tunge løft på jobben idag så både vedkløyving og opprensking heime i hagen lyt vere til eg er restituert igjen.
Idag er det strålande veir med sol frå klar himmel etter at morgonskodda som kom sigande ut fjorden i 6-tida idag tidleg (eller fjordskodda som vi kallar den her) trakte seg tilbake ut på føremiddagen.

No blomstrar krokusane rund i beda for fullt og bakken bak huset der dei har fått sådd seg fritt og spreidd seg er det etterkvart mange og.
Eg har vore ute i hagen og fanga ein del krokusgrupper med fotoapparatet.
Alle bileta er klikkbare (håpar eg)!
- vær så god!

Dagens ekstramelding:
Då eg var i hagen og fotograferte krokusane såg eg fyrste humla av året ( det er forøvrig ein merkedag det.....) som var på leiting etter nektar i krokusblomane på plenen, men då eg nærma meg for å ta bilde tok den til vengjene, litt sky og redd etter ein lang vinter må vete, men kjekt å sjå den iallefall.

søndag 15. mars 2009

Frøken Flamingo




Våren er her så absolutt og med den frøsåinga, denne gongen fant eg ut at eg skulle vere med på konkurransen som Moseplassen http://moseplassen.blogspot.com/ har utlyst om frøken frø og eg har kalla mitt bidrag "Frøken Flamingo".






Frøken Flamingo heiter eigentleg Ricinus communis 'Gibsonii' men ser man ut som ein flamingo får man lett det tilleggsnamnet blandt venner og så er jo det eit mykje enklare namn å hugse. Frøken Flamingo skulle eigentleg ha to søstrer, men dei ser ut til at dei fortsatt søv godt i kvar si seng.
Frøken Flamingo var gjest i hagen min i fjor og og vart stor og staselig i det flotte sommarveiret vi hadde og mitt håp er at frøkena får like gode betingelsar i år og frå veirgudane si side, dvs. vatn skal eg klare å syte for at ho får nok av, både til drikke og skylling av nebbet, så får solguden( om det vert Apollon, Ra eller Sol kjem vel på eit ut) passe på at den får nok av lys og varme så den vert glansfull og fin i fjørdrakta.

torsdag 5. mars 2009

Litt vårbilder til oppbygging

Blåveisen opna seg skikkelig idag då det var ei stund med solskin, er ikkje dette vår så veit ikkje eg !


No har vi hatt nokre flotte dagar med mildveir og opphald. I går var det ca 10 grader mykje av dagen men ein krafig austavind gjorde at det likevel var litt gufse. Idag har sola vore framme i periodar og det gjorde godt for sinn og skinn.
Våren er godt i gang og det blomstrar litt her og der i beda mine.
Både i går og idag har eg vore ute og knipsa litt her og der. Idag rakk eg heldigvis å knipse eit bilde av blåveisen på fyrste blomstringsdagen, men eg vart akkurat for sein å fange inn crocusane sin fyrste opne dag.
Idag er det den dagen då det meste som kan gå skeis går skeis. Iallefall var det slik på jobben, men heldigvis ikkje noko alvorleg bare slikt som er irriterande heft og møde.
Ein god blund på sofaen og ellers lite og inkje mellom dei to jobbperiodane får eg håpe gjorde susen så no er eg snart klar for dei to siste arbeidstimanepå jobben idag.


Crocus saturnus har eg på fleire plassar, syns dei er flotte !



Gule krokusar lyser godt opp i vårhagen


Denne krokusen trur eg heiter 'Blue Pearl', fargane vart litt blasse på bildet i forhold til slik dei er i virkeligheta.




Helleborus niger, kvit julerose blømer fint no.


Snøklokkene har blomstra lenge, i tillegg til dei vanlege G. nivalis har eg desse to
Galanthus nivalis flore plena og den andre sorten som er ukjend som eg skreiv om i forrige innlegg



Her er det nærbilde av Galanthus nivalis floreplena

På mandag sådde eg diverse som eg får omtale i eit anna innlegg.