søndag 19. juni 2011

Arisaemaen er i blomst


Idag vil eg vise bilder av den flotte Arisaemaen min som no står i blomst for fyrste gong. På norsk heiter den visstnok snabelkala utan at det er eit namn som er særleg kjent trur eg.
Eg har hatt den 3-4 år trur eg, men dessverre er merkelappen borte så eg er ikkje sikker på kva art det er, og ikkje hugsar eg kvar eg har fått denne lekkerbiskenen frå heller.
Den ser ut til at den trivs godt der eg har plassert den, i skuggen i jamt fuktig jord og den har fått rikeleg "heimeavla" hønsegjødsel å kose seg med, noko den ser ut til å setje stor pris på for i år har det poppa opp nokså mange skudd der den står. og den kvitterar med to blomster noko eg set veldig stor pris på.

Den var veldig vanskelig å fotografere så eg måtte ty til ei kvit papplate som bakgrunn for å få skikkelig fokus og få klåre bilder.
Nokon som veit om den godtek å bli flytta i vekstsesongen eller om eg må vente til tidleg vår med å flytte knollar ?

Så må eg vise den frodige og fine kvite valmuesøstera mi - Meconopsis betonicifolia 'Alba' - den veks seg større og frodigare for kvart år, den óg likar seg i jamt fuktig jord i skuggen.


Så må eg vise bilde av den flotte flekkmarihanda Dactylhorzia maculata - ein orkide som det veks nokså mykje av her i gamal eng. Flott hageplante er den og. Nydelig mønster når ein får studere den på nært hold. Den trivst best i lett sur jord og halvskugge

7 kommentarer:

Villrose sa...

Superfine skyggeplanter! Artig snabelkala. Gratulerer med blomstring .-)

Mariann S sa...

Nydelige både den kvite valmuesøstra og Flekkmarihanda :) Enkelte blomster er fantastiske kunstverk når en får studere dei på nært hold :)

Tigerlilje sa...

Så mange fine planter!

inger Lises quilt og hage sa...

Så fin den var, har mista så mange av dei spesielle plantane mine a no veit eg oikkje heilt ka eg skal finne på. Mange primula også

RandiF sa...

Skikkelig stilig Arisaema. Har du den ute heile året altså? Eg har ein A. fargesii, men har den inne i potte om vinteren for sikkerhets skyld. Den har vore veeeeldig treg i år, men no er i allefall blada begynt å folde seg ut.

Stein sa...

Så flotte skyggeplanter. To av mine arisaema sorter har vært i blomst i min skog i år: (A. Concinnum og A. Amurense.) Kjempemorsomt å få se noe en har ventet lenge på. Jeg er fortsatt veldig spent på en A. Griffithii jeg ennå ikke har fått se i blomst :-)
Jeg har merket meg både hvit valmuesøster og flekkmarihand i tilfelle jeg skulle komme over disse i noen hagesentre ;-)

Ha en riktig fin dag.
Hilsen Stein i Sommerhagen.

hajal. sa...

Inger Lise:
Så trasig å miste så mykje flotte plantar, men med ein slik vinter var det ein del som takka for seg her og særleg i fjellhagen. Misste m.a all lyngen og nesten alle Hebene, men i woodlandet har det meste klart seg godt.

Randi:
Min Arisaema står ute heile året ja, ser ut for at den trivst der, har heller ikkje dekt den for vinteren så den må være nokså hardfør.

Stein:
Dette er den fyrste Arisaemen eg har prøvd, men det gjev absolutt meirsmak. Spørs om eg ikkje må skaffe meg fleire artar etterkvart å prøve ut.