lørdag 4. juni 2011

Pionblomstring

Denne Trepionen er frøsådd og den fekk eg frå Bina i Trondheim for nokre år sidan. Det er fyrste året han blomstra og eg var veldig spent på kva farge den ville openbare når den opna seg. Nydelig rosagulfarge som minner meg mykje om Victoriaplommer. Sjølve buska er ca 120 cm høg no vil eg tru, og nokså mange knoppar som står klar og skal sprette ut.

Svovelpionen (P. mlkosewichii) under er også frøsådd og fyrste året den blomstrar. Denne fekk eg dessverre lite glede av dette året. Eg hadde tenkt å ta bilde av den i går, men då var den ikkje heilt open så eg utsette det til idag, men ein periode i natt med kraftig vind og slagregn lurte meg på det... litt trasig er det, men ein må godta naturen slik den opptrer og det er ikkje alltid til hageeigaren sin fordel.


Dillpionen (P. tenuifolia) derimot klarte seg fint i uveiret i natt fyrste dag den er open den og. Fargen er ikkje heilt rett på bildet, den er meir mørk raud - ein flott pion.




Veitchi-pionen har snart gjort seg ferdig med blomstringa for i år. Den har vakse eg stor og flott og har i år hatt mange flotte blomster, men veiret har som kjent ikkje vore så pionvennlig...

Her er ein av blomstrane ferdig med årets blomstring og frå no av er det frøsetting som er på programmet. Det vert forhåpentlig rikeleg med frø i år dersom det har vore veir nok til at dei er pollinerte då - det er ei anna sak...


No kjem officinalis-pionane hakk i hel, Her ein stor og flott knopp på 'Rosea Plena' som kjem til å opne seg skikkeleg om få dagar.

4 kommentarer:

TurboLotte sa...

Så utrolig deilig med peonblomstring!!!

Vivi sa...

Her er det bare å ta av seg hatten for Pionene. Utrolig flotte!!!!

Linnemi sa...

Den 'Binapeonen' var da veldig lekker. :)

Mia sa...

Glemmer bestandig at det finnes mer pioner enn den vanlige røde. Så mange flotte du viser. Dillpion vil jeg og ha, krysser tærna for at det går :)