søndag 5. juni 2011

Gløym meg ikkje!


Eit vinddrag tok eit frø ein gong
det rulla over grå betong
i trappetrinn ved nóva.
Eg sat vel truleg like vis
og surfa i mitt paradis
på PCen i stova.

Men frøet rulla, vil eg tru,
på kryss og tvers for så å snu
og hamna sist i sprekka
i mellom stein og grå betong
og fanga var for siste gong
der ingen kunne rekka.

Så gjennom vintrens mørke natt
i frost og is det låg forlatt,
var gløymd og lite ensa.
Det låg der fanga i sitt hol
med viljestyrke sterk som stål
og levde heilt på grensa.

Men det kom vår og varme drag
og det kom lys når det vart dag
då byrja det å spire.
Og opp or stein og grå betong
eit lite liv kom nok eingong
- eg spår det var 'kje pire!

Trass tronge kår den veks og gror
og blømer nett som mora gjor'
der i si tronge sprekke.
Og kvar gong eg skal gå forbi
den helsar meg så glad og blid -
Her står eg - gløym meg ikkje!



2 kommentarer:

Gullet70 sa...

Nydelig...

Marit sa...

Du er så flink til å dikte! forglemmeiei er en nydelig blomst, selv om den selvsår seg vel mye noen ganger...