Idag vil eg vise bilder av den flotte Arisaemaen min som no står i blomst for fyrste gong. På norsk heiter den visstnok snabelkala utan at det er eit namn som er særleg kjent trur eg.
Eg har hatt den 3-4 år trur eg, men dessverre er merkelappen borte så eg er ikkje sikker på kva art det er, og ikkje hugsar eg kvar eg har fått denne lekkerbiskenen frå heller.
Den ser ut til at den trivs godt der eg har plassert den, i skuggen i jamt fuktig jord og den har fått rikeleg "heimeavla" hønsegjødsel å kose seg med, noko den ser ut til å setje stor pris på for i år har det poppa opp nokså mange skudd der den står. og den kvitterar med to blomster noko eg set veldig stor pris på.
Nokon som veit om den godtek å bli flytta i vekstsesongen eller om eg må vente til tidleg vår med å flytte knollar ?