onsdag 1. juni 2011

Andeparet


Idag har eg no jammen gjort meg hard
og kasta mangt eg før beordra SPAR !!!
Der var så mykje og mangt i kvar ei krå
så fullt av "skattar" at eg ingen ting fekk sjå.
Ei gamal dør eg fant og dertil karm
ein varmedress som eingong holdt meg varm,
eit utal hanskar som var full av hol
det bar eg ut og kasta på mitt bål.
Dei mange glasfakk eingong bar ei plan
men den kvarv bort, vart gløymd til denne dan'.
Eg bar og trilla - det var enkel sak
og nørte jamnt til elden godt tok tak.
Så brann det vel og lenge, brann og rauk
for radt til himmels restane dei strauk
og for med vind til veirs med lette drag,
men att på bakken låg eit oskelag.
Når haugen vel var brend og eg stod att
og raka glør or oska grå og matt
då kom dei fram dei to som de no ser
eit andekjærastpar forvisst det er!
No skal dei to ein heidersplass seg få
frå no av under morelltreet stå,
på steinbenken der eg plar sitje ned
når eg går rundt og steller mine bed.

4 kommentarer:

Silje Elin sa...

du er so flinke til å skrive pappa!

Villrose sa...

Som Fugl Føniks av asken...

- en sterk kjærlighetshistorie, som heldigvis ender godt!

Utsikt mot Lurfjellet sa...

Kjempeartig dikt, klart de "overlevende" må få en hedersplass! :D

krepsemor sa...

He-he! Så bra at det søte andeparet berget seg, og så artig dikt!
Du er en mester, Harald =)