onsdag 29. juni 2011

Ting som skal kastast.....



Ting som skal kastast kan få eit fornya liv ved feks. å bli beplanta med nokre av dine kjære hageplantar. Sedum og takløk egnar seg særs godt å bli planta i små "konteinera" som det eg har gjort her.
Denne skoen har for lengst sett sine beste dagar som det den var tiltenkt, men med takløken og Sedumen som bebuarar vil den truleg fortsatt få nokre gode år som "pensjonist" i hagen til glede og munterhet for forbipasserande.
Sender ei takk til Mariann i Ulsteinvik som eg har snappa ideen frå. :-)



Her der det botnen på eit fuglebrett som er snudd "opp-ned" og beplanta med takløk og stein
Forhåpentligvis veks dei seg til iløpet av sommaren og fyller meir ut.


Denne flettakorga skulle kastast og kva er vel betre enn å få tene som prydobjekt på hagebordet til den vert så skral at den går oppløysing ?

11 kommentarer:

Trond sa...

Nydeleg :)

krepsemor sa...

Stilig, Harald! Jeg har sådd Sempervivum i år, og lurte på hvor jeg skulle plante dem ;o) De liker jo ikke god jord, så jeg får se om jeg finner et par gamle sko som jeg kan bruke!
Takk for tipset, både til deg og Mariann!

Anne Torhild sa...

Eller t.d ei gammal steikepanne (husk dreneringshol). Har ein gammal hagebenk som eg har tenkt å planta mose på.

akoen sa...

Heilt i min smak. Spessielt takløk kan ein ikkje få nok av.

New Dawn sa...

Så lurt med gjenbruk, det er bare å bruke fantasien.

Ellea sa...

Utrolig kreativ gjenbruk:)

hajal. sa...

Takk for go'orda alle saman!

Anne Torhild:
Ein mosebenk høyres veldig spennande ut. Då må du vise oss korleis du går fram! ;)

Akoen:
Heilt enig i det og så finst dei i så mange variantar at det vert aldri kjedelig når ein kombinerar fleire sortar. Den eine framhevar den andre.

Mariann S sa...

Flott at du har rappa og brukt ideen min :) kjempeflott vart det :)

potentilla sa...

Kjempesøte:)
Og mye finere enn alskens hagepynt...

Stein sa...

Kjempefint!
Klarer takløk seg i slike beholdere som en gammel sko oa. over vinteren eller graver du dem ned i hagen da?
Ha en riktig fin sommerdag.
Stein fra "Sommerhagen."

hajal. sa...

Takløken klarar det mest utrulege, men det kan kansje være ein fordel å sette dei slik at dei er beskytta for mykje regn vinterstid når dei er planta i feks ein sko. Denne skoen klarte seg fint i vinter slik den står no, fyrst med over ein mnd barfrost i nov-Des (i periodar svært kaldt) men resten av vinteren hadde den eit solid snølag for det meste.