onsdag 5. november 2008

Nye novemberkaktus

Slik var utsikta frå verandaen vår idag. Tjukk skodde som låg heile dagen (og ligg enno), håpar den lettar til i morgon for skodde er ikkje noko særleg behageleg for ein revmatiker.


Så er det tid for nye novemberkaktus.
Desse to har eg skaffa meg dei to siste dagane. Den til høgre i går på vår lokale Jokerbutikk og den andre i dag på Mega, Nordfjordeid.
No er eg ikkje sikker på om eg har desse to fargevariantane frå før, så eg må visst til å lage meg eit register med bilder over dei kaktusane eg har så eg ikkje kjøper altfor mange dublettar.
På den gamle PCen min har eg ein link til ei flott side om novemberkaktus men den har eg for tida lånt bort ....

Ellers er det magert med hagerelaterte ting å skrive om anna enn at det er mangt eg SKULLE ha gjort i hagen som å rake lauv, samle hagereidskap og vaske dei for vinteren, rydde og kaste eitåringar som har kollapsa etter frosten vi hadde forrige veke osv.

4 kommentarer:

Ingrid E 's hage 630 moh sa...

Tjukk tåke her også i hele dag. ikkje noko kjekt :-( Det blir så råkaldt, og med kuldegrader fryser det på veiene.
Jeg har par ved den kaktusen du har på bildet til høyre. Står full av knupper nå, så jeg må passe nøye på med vanninga. Kommer til å legge ut bilde hvis den blir fin :-)

Harryford sa...

I kveld synes jeg den til venstre var finest! Mulig den lyserøde valøren faller i smak grunnet prøvesmakingen av fjorårets eplevin, men det får stå seg! ;-)

Været - eller ikke været - i alle fall har det vært flott her i dag! - Men nå meldes annet! - Skal tro om vi får noe fra vest!!!!

New Dawn sa...

Vi har hatt strålende sol i dag, håper det holder seg.
Hvor mange novemberkaktus har du? Jeg har en - dvs. jeg kjøper en ny hvert år.....men de har en tendens til å kaste knoppene nå og da. Hva er det som gjør det?

hajal. sa...

Pr. idag har eg 11 novemberkaktus, nokre av dei i samme farge. Faktisk ikkje sikker på kor mange fargevariantar eg har, men vil tru 6-8.
Knoppfall kan ha forskjellige årsaker:
varierande temperatur og fuktighet, for dårleg lys, for tørr luft.
Ofte slepper dei knoppane når dei forndrar miljø, f.eks når dei kjem frå eit godt klima i eit gartneri til ei tørr oppvarma stoveglas med mindre lys enn dei er vant med.
Dusj knoppane ofte, og sett den gjerne på ein plass det ikkje er altfor varmt.