tirsdag 4. november 2008

Bygdakvelden 2008

Så har vi lagt bak oss bygdakvelden i Davang i år og. Dette er ein tradisjonsrik (ca 30 år trur eg) årlig begivenhet i Davik der alle innbyggarane med postadr. 6730 Davik vert inviterte til ein kveld med underholdning og god mat med påfølgande dans etterpå. Veldig populært - ikkje minst for alle dei utflytte davikarane som kjem heim att til bygda for å få med seg denne kvelden.
Lokalet har plass til "hundrede og nokre og nitti" bordplassar og dei er fullsette kvart einaste år.

I år var eg med i komiteen (kvart 3. år) og det er jo ein del arbeid som vert lagt ned for å få iland eit slikt arrangement, men du verden så kjekt vi har det under komitemøter med planlegging og øving der vi skal finne idear til sketsjar, aller helst med lokalt tilsnitt.
Laurdag føremiddag brukte eg 3 timar til pynting av borddekorasjonar i salen (gløymde å ta bilder) !

Då er det om å gjere at vi har snappa opp saker og ting som har hendt i bygda det forgangne året og dra fram i lyset og lage noko på.
I år var sjølvsagt Terrasaka som kommunen vår vart dregen inn i eit hovudtema og gjekk igjen i mange innslag.

Ellers var det høgtideleg opning av kvelden med snorklipping av "kongen", diktlesing, songar, kåseri, sketsjar, heimelaga "opera", dans og allsong.
Det virka for at publikum likte det dei fekk sjå for vi fekk mange godord og klapp på skuldra etterpå av dei som var gjestar.

Omlag midt i programmet er det middag og i år serverte vi svinesteik og kjøttkaker med tilbehør, fromasj og kaffe til dessert - dei som lagde maten fekk mykje velfortent skryt for den .

Ein tradisjon vi har på kvar bygdakveld er å avslutte programfrekvensen med at alle syng "Visna lauv og rima bøar" - denne songen skreiv "Gamlelensmannen" til koret ein gong på 70-80-talet trur, eg til melodi av Stenka Razin, ein russisk folkemelodi.
Slik er melodien
http://www.youtube.com/watch?v=UglqN52-49s&feature=related

Teksten er slik:

Visna lauv og rima bøar,
mørke skyer driv mot aust.
Opp i fjellet alt det snøar,
soli kverv, no er det haust.

Men vi vil i haustastunder
og i vintrens mørke natt
tru på vårens store under,
tru at sommaren kjem att.

Eg var med på to innslag på scena. Det eine var "Viagrasongen" der eg var utkledd som gamal mann med stokk, var solist og hadde "kor" bak meg, nokre med stokk og andre med rullator. Det gav jo ein del munterhet i salen.
Trur det gjekk nokonlunde bra sjølv om eg fekk songen opp i handa torsdagskvelden og hadde minimalt med tid og anledning til å øve den inn.
Den andre sketsjen eg var med på var om Terrasaka (i to akter), der eg var ordføraren, så hadde vi rådmann, formannskapsmedlemmer og representantar for Terra security.
Den og vakte ein god del munterhet og eg trur vi kunne seie og nøgde med framføringa.

Dansen varte ut i dei små timar der folk gjekk heim etterkvart som dei tykte dei "hadde fått nok" sosialt samvær.

Dessverre har eg ingen bilder frå kvelden, men dattera mi filma det meste av sketsjar og innslag på scena så det vert no artig å sjå tilbake på for meg som for det meste var bak i kulissane og fekk med meg lite av det som foregikk PÅ scena den kvelden.

5 kommentarer:

New Dawn sa...

Kjekt å høyre at det gjekk bra på bygdakvelden. Du får legge ut viagrasongen på nettet slik at vi som ikkje var til stades også får ta del i moroa.....

hajal. sa...

Ja det kunne eg godt ha gjort, new dawn, men eg trur den var henta frå ein eller anna revy, så eg er usikker på lovligheta med å legge ut teksten her.

Red Hobbitt sa...

Høres ut som en lystig kveld. Fint at sånne tradisjoner opprettholdes. Skulle likt å se deg på scenen, regner med det ble suksess. Så dere er også blitt Terra-kommune? Ja, ja- sånn kan det gå. Her sparer de for harde livet, skal slå sammen skoler og kutte gatebelysningen. Ikke mange som skjønner prioriteringene, nei.

hajal. sa...

Ja dessverre er Bremanger kommune ei av "Terrakommunene", her og er det nedskjæringar over ein lav sko og vår del av kommunen er hardast råka.
Her har dei lagt ned biblioteket, flytta barnehagen inn på skulen som hadde bruk nok for arealet slik det var, stengt av badebassenget, lagt ned legekontoret så no må vi reise i 45min kvar veg sjølv for ei lita blodprøve og det er bare starten på innsparingane. Dei verkelige utslaga av "Terrasparingane" får vi visst ikkje merke før i 2010 seier dei.

Blogger sa...

BlueHost is ultimately one of the best web-hosting provider for any hosting plans you need.