søndag 26. juni 2011

Pionblomstring I


Her ein flott rosa silkepion frå "Strand" - ukjend sort, men flott likevel.....


No er silkepionane (P. lactiflora) komme i blomst og dei tre som er fyrst ute er 'Festiva Maxima', 'Shirley Temple' og ein ukjent rosa eg har fått frå "Strand" på hagegal.
Eg viser alle tre sortane i begynnande opning og i open blomst. Dei fleste silkepionane står med knoppar no i varierande utviklingsgrad.
Tom. dei eg kjøpte gjennom importen frå Kina i fjor haust har knoppar, og eg har ikkje hjerte til å plukke dei av sjølv om eg eigentleg burde ha gjort det dette fyrste året slik at dei fekk bruke all kraft til vekst og utvikling av røtene.



'Festiva Maxima' er flott med den raude stripa i senteret av blomsten




'Shirley Temple' har svakt rosa knoppar, som utsprotten er den svak rosa som går over i kvitt med gult senter....


Klosterpionane (P. officinalis) er snart avblomstra for i år, men dei har stått fint lenge sjølv om veiret ikkje har vore av det beste. Heldigvis har det ikkje vore mykje kraftig regn som har gjort ende på dei, og den kjølege temperaturen vi har hatt har gjort sitt til at blomstringa har vart lenge (aldri så gale at det ikkje er godt for noko!).

Her har vi 'Rosea Plena' og 'Rubra Plena' med dei siste blomane for i år....


Fargen på 'Rubra Plena stemmer ikkje heilt, men den rette fargen ser ein på biletet under som viser siste resten av ein avblomstrande 'Rubra Plena'

Alle Peonane gjev eg ein neve beinmjøl i planteholet + ei god dose hønsegjødsel i botnen med jord over før eg plantar dei. Det ser det ut til at dei set svært stor pris på og iflg. "Pionmannen" kan dei ikkje få for mykje kalk.

Seinare i sesongen vil eg komme tilbake med bilder av dei andre Silkepionane som kjem i blomst seinare.

1 kommentar:

Kristin Aurdal sa...

Nydelige peoner du har. De jeg kjøpte på importen fra Kina har ikke knopper i år, utenom en, men den knakk så jeg slipper å ta stilling til om jeg skal knipe de av. (Ikke så galt at det ikke er godt for noe :-)))
Ha en fin søndagskveld.