torsdag 2. september 2010

Blomstring pr. 1. September

September

No har vi passert nok ein milepel dette året også - vi er kome til fyrste haustmånaden. Sommaren er definitivt over sjølv om meterologane spår godveir så langt auga kan sjå inn i den gåtefulle kula deira . Det går uvilkårleg mot den mørke årstid enten vi vil det eller ikkje og det merkast godt om kvelden. Doggfallet om natta er stor - nesten så ein trur det har regna med natta og det går langt på dag før plenen er så tørr at det er forsøket verdt å ta ut klipparen. Men framleis er det mykje og mangt som blomstrar og gjev liv og farge i hagen.
I to innlegg vil eg presentere noko av det som blomstrar i min hage dette månadskiftet.



Her er det Lonicera 'Serotina' som eg syns er ein av dei finaste slyngkaprifoliane, bare synd den ikkje duftar like mykje som vår viltvoksande vivendel.

Buddleja davidii - Sommarfuglbuska har sitt høgdepunkt nett no. Denne buska som har slik tiltrekningskraft på sommarfuglar, enkelte år svermar det rundt buska i blomstringstida av admiralar og andre fargerike, flotte skapningar. Denne sorten heiter 'Il de France'


Denne sorten som er litt meir raudfiolett heiter 'Royal Red' og har litt kraftigare vekst enn 'Il de France'

Alcea rugosa er ei vakker, høg staude - hos meg godt over 2 meter som ber rikeleg med svovelgule enkle blomster.


Clematisane er også i blomst enno - iallefall 'The President' og ......

.... ' Blue Light' - den siste kjøpte eg billeg på eit haustsalg for mange år sidan. Han kom opp våren etter, men visna nokså raskt nedatt av visnesykja. Eg klipte den ned og reikna ikkje med å sjå den att, men plassen den stod på vart ståande sommaren etter utan å bli planta på nytt. Våren etter kom det spirer på nytt frå rota som hadde overlevd i "dvale" halvanna år så eg har lært meg at Clematis som bukkar under av visnesykja skal ein ikkj gje opp sånn utan vidare.
Det må òg seiast at eg har også erfart det motsatte.

Plantar kan være vakre om dei ikkje blomstrar og. Her er det ein frøstand av Paeonia suffruticosa - er ikkje den like vakker som ein blomst kansje ? - I allefall er den dekorativ der den står og vitnar om ein blomst som var.....



Mange japanske lønn har ein særs fin farge og bladform - denne heiter Acer palmatum 'Stella Rosea'


Og til slutt viser eg blada av Heuchera 'Dale's Strain' - nydelig mønster i blada - den vakraste av Heucheraene etter min smak og veldig anvendelig i oppsatsar og bukettar.

3 kommentarer:

krepsemor sa...

Ja, sommeren er over dessverre, men er ikke klar for vinteren ennå! Den kommer alltid altfor tidlig. Mye fint som blosmtrer hos deg ennå, og jeg likte godt den slyngkaprifoliumen din! Sommerfuglbusk må jeg skaffe meg! Håper vi får mange fine dager før snøen kommer...

Mia sa...

Den vilda vivindeln har en god men stark duft, den har jag njutit av länge nu, men kaprifolen har meldugg, kan det ha vart för fuktig ute? Den stockrosen var flott, tycker om färgen, en staude säger du? Inte tvååring? Då ska jag hålla ögonen öppna. Och det bladverket du visar till slut - läckert :)

hajal. sa...

Krepsemor:
Ja det er altfor tidleg å vente frost og snø no, håpar vi ser november før det kjem snø iallefall.

Mia:
Det er helst pga. tørke det oppstår mjøldogg, men eg skal ikkje seie at for vått ikkje har med det å gjere heller.
Den gule stokkrosa er staude ja, i motsetning til dei fleste andre stokkroser som er to-årige.Dersom hausten vert lang og fin kan det hende det vert frø å finne på mine - du får minne meg på det seinarei haust så ser vi. ;)