søndag 29. august 2010

Award - ei utfordring på ymse vis



Eg har fått award frå New Dawn i bloggen hennar - Tusen takk New Dawn for utmerkinga! :)
http://newdawnsinhagedagbok.blogspot.com/
Med awarden følgde ei utfordring som består av 7 ting eg skal fortelje om meg sjølv. Ikkje enkelt akkurat å velje alle punkta eg vil ta med, men eg let det stå til.

1. Den hagegale
Eg er fullstendig hagegal, noko dei fleste sikkert veit frå før, men det er ikkje nokon heilhetleg hage eg har. Som plantesamlar flest er beplantninga i hagen min "alt mulig" og ingen store parti med eins farge eller form. For meg er det mest interessant å få til den og den plantearten, så for meir strukturerte hagefolk fortonar sikkert hagen min seg som eit sant kaos.... LOL

2. Slektsforskaren
Den andre store hobbyen min er skektsgransking som eg har halde på med sidan 13-14 års alderen. Det starta med å spørje ut slektningar, lån av bygdebøker og slektsbøker som sirlig vart avskrivne og samla i ringpermar. Etter at dataalderen kom inn i livet mitt er eg begynnt å legge desse opplysningane eg har samla inn i slektsprogrammet EMBLA. Dette tek tid for kvar person vert sjekka i kjeldene frå dåp til gravferd og kjeldehenvisningar skal med i databasen - eit tidkrevande, men svært så spennande arbeid. Det dukkar stadig opp fleire personar i mange familiar enn det bygdebøker og andre slektsbøker har fanga opp og ikkje alle opplysningar i desse bøkene er alltid pålitelege heller. Ofte må det både sjekkast og trippelsjekkast før ein kan være sikker på at dei opplysningane ein har om ein person er korrekte og mitt mål er at alle dei opplysningane eg har i databasen min skal være korrekte så langt det let seg gjere.
Bildet under er av to av mine tippoldeforeldrer.




3. Diktaren
Sidan ungdomsåra har eg hatt moro av å skrive dikt. Det meste av dei hamnar i mitt "private arkiv". Av og til kjem nokre av skriveria mine ut i offentligheta i form av dikt til 17. mai, bygdakvelden eller andre arrangement og private samankomstar.
Eg skriv for det meste for å more meg sjølv eller feste til papiret enkelte tankar og meiningar eg har, men kan det more andre òg er det ein ekstra bonus. Dei seinare åra har det vorte lenger og lenger mellom kvar gong det renn noko ut av pennen ser det ut for - det kjem iallefall periodevis.

4. Litteratur
Skal eg lese noko vert det oftast "faglitteratur" som hagebøker og -blad eller stoff med lokalhistorisk eller slektshistorisk tilsnitt.
Dessutan er eg glad i historisk baserte romanar, gjerne bygderomanar og naturskildringar. Særleg er eg glad i bøkene til Mikkjel Fønhus som eg las opptil fleire gongar i ungdommen.
Av diktarane våre er det Jakob Sande som står høgast i kurs hos meg, men når eg nemner Sande må eg og ta med dei pålangt nær så kjende novellene hans som er fullt på høgde med det andre han produserte. Han var ein meister med pennen! ;)

Jakob Sande's "Dikt i samling" og "Noveller i samling"


5. Bærplukkaren

Den beste ferien eg får er når eg tek med meg bærspannet og stryk til skogs etter bæra. Då kosar eg meg skikkeleg. Eg likar helst å gå åleine på desse turane for då styrer eg vegen, tida og tankane mine sjølv. Eg kan setje meg ned og la blikket glide langs strendene og bygdene innetter fjorden eller studere dyre- og plantelivet som ein del av naturopplevinga på desse turane. Det er balsam for sjel og kropp.

6. Reise
Å reise har eg aldri vore glad i, heller ikkje å køyre bil.
Bilen er ei nødvendighet for å komme seg frå A til B, men heller ikkje noko meir for meg.
Eg har imidlertid eit stort ynskje for framtida når det gjeld reise, nemleg ein gong å reise med hurtigruta langs kysten nordover for å sjå og oppleve Nordlandskysten og mange av dei stadane mine forfedre har levd sine liv langs kysten.


7. Høgderedd
Til slutt må eg komme med ei bekjenning.
Eg er nemleg høgderedd. Det er ikkje høgt eg skal klatre før det syg skikkeleg i magen og eg vert mo i knea. No har eg fått velvillige fam. medlemmer til å male huset i den høge nordaustramen.
Det ser ikkje ut til at det gjer dei noko å spankulere på stillaset der det øvste platået er 8,35 over bakken. No er veggen nedskrapt, vaska og grunna og enkelte bord og vindskeier er skifta, så skal den malast ut i veka som kjem.


Så er det dei eg vil utfordre til å ta stafetten vidare:

http://marianns08.blogspot.com/ Sunnmørshagen min

http://randifsinvestlandshage.blogspot.com/ RandiF sin vestlandshage

http://heimdalhagen.blogspot.com/ Heimdal

http://mittlillerom.blogspot.com/ Mitt lille rom

http://sommerhagen.blogspot.com/ Vår svenske sommerhage

http://heltpajordet.blogspot.com/ Helt på jordet

http://maritshagedagbok.blogspot.com/ Marits hagedagbok

9 kommentarer:

hajal. sa...

Hmmmm, eg fekk det ikkje til å bli klikkbare lenkjer no heller, men no orkar eg ikkje meir idag.
Kva gjer eg gale tru...?

Anita sa...

Koselig innlegg. Kjente deg igjen, ja. :)
Ha en fin dag!

Marie sa...

Først vil eg takke for at du tenkte på meg :) Eg har stort sett slutta med å sende awardar vidare og burde vel hatt litt i margen på bloggen om det...
Håpar at eg ikkje verkar blasert, men det blei veldig mykje i ein periode og innlegga tok veldig mykje tid.

Koseleg å lese det du skriv om deg sjølv. Me har ganske mykje felles ser eg, bortsett frå at eg er ikkje så veldig på å hente bær og så likar eg godt å køyre bil. Utanom det er det nesten som å lese om meg sjølv :)

Når du skal lenke til andre skriv du bloggnamnet, deretter markerer du teksten med venstre musetast. Vidare går du inn på bloggen du skal lenke til og kopierer lenka øvst i adressefeltet(trykk med venstre musetast slik at teksten blir markert, trykk høyre musetast og deretter "kopier"). Så går du tilbake til innlegget du lagar og trykker på lenkesymbolet med venstre musetast. Trykk ein gong med venstre tast på linja som kjem opp, deretter trykker du på høgre og så på "lim inn".

Tar du dette steg for steg skal det fungere!

New Dawn sa...

Kjekt og intressant og lese innlegget ditt. Mykje nytt som kom fram her for meg :-)

Oppskrifta mi på PM om lenke var kanskje ikkje så lett å forstå - er ikkje alltid like å forklare seg. Kanskje nokon andre kan hjelpe deg betre.

Marit sa...

Takk for at du tenkte på meg med den awarden :) Men jeg kommer nok ikke til å sende den videre da jeg har bestemt meg for å ha en awardfri blogg (selv om jeg ikke har skrevet noe om det på siden av bloggen...)Det tar for mye krefter og tid, men som nevt takk for at du tenkte på meg *klem*

RandiF sa...

Takk for awarden, Harald. Skal legge den ut i bloggen min når eg får tid.... :-)

hajal. sa...

Marie og Marit:
Det er heilt i orden at dåkke ikkje bringar staffetten vidare, dette er ei anerkjenning av bloggen til dåkke alle frå mi side - det å bringe den vidare er heilt frivillig! ;)

Marie:
Tusen takk for "inn-med-teskei-metoden" - eg treng den av og til, skal prøve den ut når eg får tid og ork.

New Dawn:
Oppskrifta di er sikkert grei nok den, truleg er det eg som er tungnem på akkurat det å forstå/lære meg å bruke dataen. ;)

Mariann S sa...

Tusen takk for award :) eg skal ta meg tid en kveld.... snart ;)

ToneM sa...

Tusen takk for hyggelig og overraskende award! Jeg føler meg litt beskjemmet, ettersom det har vært heller liten aktivitet på bloggfronten for meg den siste tida.
Hageglede og hagesysler kom sant å si litt på sparebluss denne sommeren, ikke minst på grunn av det elendige været vi har hatt.
Vet ikke om jeg rekker å sende Award og utfordring videre med det første...
Men uansett - tusen takk til deg for overraskende Award!