Viser innlegg med etiketten haustbilder. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten haustbilder. Vis alle innlegg

søndag 25. september 2011

Sommaren som rann vekk

Då er det vel på tide å blåse liv i ein altfor lenge "sovande" hageblogg.
Denne sommaren må eg innrømme at hagen har vorte forsømt, dels på grunn av helsetilstanden og dels på grunn av prioritering på andre områder.
Veiret denne sommaren har som alle veit vore mildt sagt våt og miserabel for ein hageentusiast og hagelysta har i stor grad vore fråværande, iallefall i periodar.

Store delar av sommaren har dette vore utsikta vår, noko som ikkje bidreg positivt til det helsemessige når ein plagast med muskel og sjelettplager:

Men inn i mellom har det vore små lysglimt som gjev grunn til optimisme også på veirfronten...





Vi bur ikkje slik til at vi ser solnedgangen, men vi har desto meir glede av fagre soloppgangar og særleg på denne tida på året kan det være svært vakre morgontimar å glede seg over dersom overgartnaren viser godsida til.



og når skyene etterkvart forsvinn skin sola og gyllar fjorden



Nokre få dagar har til og med vore retteleg så fine - her ser dåkke indre delen av bygda eg bur i - Davik


Alle bileta er tekne frå veranden vår no i løpet av September.

torsdag 2. september 2010

Blomstring pr. 1. September

September

No har vi passert nok ein milepel dette året også - vi er kome til fyrste haustmånaden. Sommaren er definitivt over sjølv om meterologane spår godveir så langt auga kan sjå inn i den gåtefulle kula deira . Det går uvilkårleg mot den mørke årstid enten vi vil det eller ikkje og det merkast godt om kvelden. Doggfallet om natta er stor - nesten så ein trur det har regna med natta og det går langt på dag før plenen er så tørr at det er forsøket verdt å ta ut klipparen. Men framleis er det mykje og mangt som blomstrar og gjev liv og farge i hagen.
I to innlegg vil eg presentere noko av det som blomstrar i min hage dette månadskiftet.



Her er det Lonicera 'Serotina' som eg syns er ein av dei finaste slyngkaprifoliane, bare synd den ikkje duftar like mykje som vår viltvoksande vivendel.

Buddleja davidii - Sommarfuglbuska har sitt høgdepunkt nett no. Denne buska som har slik tiltrekningskraft på sommarfuglar, enkelte år svermar det rundt buska i blomstringstida av admiralar og andre fargerike, flotte skapningar. Denne sorten heiter 'Il de France'


Denne sorten som er litt meir raudfiolett heiter 'Royal Red' og har litt kraftigare vekst enn 'Il de France'

Alcea rugosa er ei vakker, høg staude - hos meg godt over 2 meter som ber rikeleg med svovelgule enkle blomster.


Clematisane er også i blomst enno - iallefall 'The President' og ......

.... ' Blue Light' - den siste kjøpte eg billeg på eit haustsalg for mange år sidan. Han kom opp våren etter, men visna nokså raskt nedatt av visnesykja. Eg klipte den ned og reikna ikkje med å sjå den att, men plassen den stod på vart ståande sommaren etter utan å bli planta på nytt. Våren etter kom det spirer på nytt frå rota som hadde overlevd i "dvale" halvanna år så eg har lært meg at Clematis som bukkar under av visnesykja skal ein ikkj gje opp sånn utan vidare.
Det må òg seiast at eg har også erfart det motsatte.

Plantar kan være vakre om dei ikkje blomstrar og. Her er det ein frøstand av Paeonia suffruticosa - er ikkje den like vakker som ein blomst kansje ? - I allefall er den dekorativ der den står og vitnar om ein blomst som var.....



Mange japanske lønn har ein særs fin farge og bladform - denne heiter Acer palmatum 'Stella Rosea'


Og til slutt viser eg blada av Heuchera 'Dale's Strain' - nydelig mønster i blada - den vakraste av Heucheraene etter min smak og veldig anvendelig i oppsatsar og bukettar.

mandag 13. oktober 2008

Haustfargar

Sorbus er ei planteslekt med flotte haustfargar her representert med S. koehneana -Kvitrogn som veks vill i Kina og S. 'Dodong' som kjem frå ei øy mellom Korea og japan som heiter Ullung-Do.
(Alle bileta i bloggen er klikkbare)


Herlig med fridag, særlig når kroppen ikkje vil vere med på det haudet mitt vil....
Her fortset det å pøse ned från ovan. Det har vore temmelig heftig med regn dei siste dagane og elvane går flaumstore i fjellsidene. (akkurat no høljar det så det sprutar ute !)
Då er det godt å ha rikelig ved og fyre godt i omnen og kose seg med div. hagelinkar på PCen slik eg har gjort no i morgontimane. Det førte til at eg meldte meg inn i Konnässörsklubben i håp om å finne spennande frø der.

Eg har ellers rydda litt i blogglista mi slik at eg finn att dei gamle dagbøkene frå hagegal, så- og plantelister m.m. med rette årstal.

Fredag var det såpass opphald ei tid på dagen at eg smaug meg ut med kameraet og tok mange haustbilder i hagen. Ellers vart det lite gjort.
Laurdag vart det heller ikkje gjort stort i hagen, jobb morgon og kveld , handlerunde og jebussfeiring av svoger /niese og dermed var meste av dagen oppbrukt.

Fekk forresten ein sekk og ei spann med olivinsand av svigerinne m. sambo som sat i bilen sin og venta på oss då vi kom heim frå jebussfeiring. Denne sanden kan eg bruke til innblanding i plantejorda, men fyrst må eg finne ut av kva plantar eg kan bruke den på.
Kan iallefall bruke den til ein del auriklar eg skal potte opp og overvintre i drivhuset, nokre av dei er showauriklar som eg ventar spent på kva blomster det er på. Alle desse auriklane er resultat av frø eg sådde i vinter, kjøpt frå Barnhaven..

I går var ikkje nett forma og humøret heilt på topp, og det vart ikkje betra av at når eg nettopp hadde sovna på sofaen så ringte det ei dame frå Norsk Gallup ....aaaaaargh.....!!!
Noko av det trasigste eg veit er å vakne av telefonen og så er det Norsk Gallup som ringjer.....
har mest lyst til å bare legge på då ..... men ein må jo prøve å vere litt "høflig" ....på liksom då !
Etter middagen og nesten sovneforsøk banka det på døra og då var det hyttenaboen som kom på besøk, men dette besøket fekk humøret til å snu - ho hadde namleg med seg ein pose med Primula denticulata som ho lovde meg i sommar. - JIPPI !!
Kuleprimula hadde eg mange av for ein del år sidan, men no hadde eg bare ein att.
Får sjå om det vert såpass veir idag at eg får sett dei ned.
Må uansett ut og grave opp ein svarthyll eller to som hyttenaboen skal ha.












Hostaplantane er for det meste blitt gule, medan det framleis er ein del staudersom blomstrar. Her ein flott Lewisia i fjellhagen.

Acer shirasawanum 'Aureum' og Amerikansk blåbær har og flotte haustfargar.