lørdag 11. september 2010

Plantepakkar

Ein vakker haustkveld forleden tok eg dette bildet frå verandaen vår.
Fjorden ligg still og fin og i botnen der inne er Nordfjordeid det næraste handelssenteret vårt.



Dei to siste dagane har eg fått eit par plantepakkar i posten.
Den fyrste, ein såkalla "Konkel-pakke" fekk eg i går som inneheldt 11 auriklar.
Dei fleste lurer vel på namnet Konkel, men dei fleste hagegale veit at det er ein signatur på nettstaden hagegal som er kjend for auriklane sine.
Sidan auriklar er ein av mine "samleplantar" ser eg fram til at desse skal blomstre til våren eller neste haust. Kansje der er spennnade, for meg nye sortar ?
Eg ventar nokre dagar med å plante dei sidan det er nokså tørt her hos oss no etter halvanna veke med sol og varme. No har veiret skift og det har så smått begynt å drype frå oven og meir skal visstnok komme kommande veke og det gjer godt for hagen iallefall.


Idag kom det pakke med 6 Peonar frå Kina etter mellomlanding og ompakking i Rogaland.
Eg har vore med på ein "fellesimport" ilag med andre "hagegale" frå heile landet.
Også desse plantane skal få vente litt til jordsmonnet vert høveleg vatna frå "overgartnaren" si side før eg plantar dei i Peonbedet mitt.

Dei kinesiske peonane var merka med kinesiske namn som 'Yang Fei Chu Yu' - på engelsk har den fått namnet 'Lady after Shower' - ein annan heiter ' Lan Tian Piao Xiang' og det engelske namnet 'Fragance Filling the Blue Sky' gjev meg iallefall forståelige assosiasjonar til velduftande sommarkveldar når peonbedet står i fullt flor. Om to eller tre år håpar eg at desse kjem i blomst og fyller hagen med velduft og vakker blomstring.
Dei fire andre peonane har namna (engelsk namn i parantes):
Zi Feng Yu (Margenta Phoenix Feather)
Huang Jin Lun ( Golden Wheel)
Mo Zi Han Jin (Gold in Black)
Lian Tai ( Budda Lotus Seat)

God helg til alle ! :)

8 kommentarer:

Herdis sa...

Spennande med plantepakker, og så ei frå Kina da gitt! Er det trepeonar eller staudepeonar tru? Enig i at det er godt for hagen med regn nå, tørt som berre det. Bra for dei nyplanta trepeonane mine, som burde ha vore i jorda for leeenge sidan:-(

Parkvegens Hageglede sa...

Så spennende da, med pakker i posten og planter som skal gi glede i mange år. men nå blir det regn på vestlandet, så da kan du nok snart pakke ut :-)

Tone sa...

spennande namn, håpar eg får sjå dei i blomstring eingong!

Tove sa...

Koselig med slike plantepakker i posten :-) Blir helt sikkert masse fin blomstring i årene framover. Lykke til med planting og plassering.

Ingrid E 's hage 630 moh sa...

Grattis med nye planter!!
Deter jo alltidspennende med plantepakker i posten :-)

krepsemor sa...

Så spennende med en slik pakke i posten! Ja, det regner her også nå, så vi får god vanningshjelp fra oven...Bare det ikke regner i mange uker nå da!
Det skal bli artig å se auriklene når de spretter ut! Har selv sådd aurikler i år, og gleder meg veldig til å se hvilke jeg har!
Peoner er bare helt nydelig!

hajal. sa...

Herdis:
Det er staudepeonar.

Tone:
Du får nok sjå dei på bloggen i det minste.... ;)

Marie sa...

Å så spanande med plantepakker :)

Nydeleg naturbilde :)