onsdag 8. september 2010

Blomstring pr. 1. September, del 2

Ligularia dentata - Nøkketunge blomstrar fint enno. Ei forholdsvis stor staude eg vert meir og meir glad i.

Platycodon grandiflorus - Flatklokke lyser fint opp i fjellhagen no. I år trudde eg den var stein død ettersom det gjekk svært lenge før den dukka opp etter vinteren, men dei kjøttfulle røtene hadde kom omsider med ny vekstkraft og no blomstrar den flott. Denne vakre stauda finst forutan i ymse blå valørar også i rosa og kvit. Eg har bare denne foreløbig.

Sedum 'Bertram Anderson' har begynnt å bli vakker no - ein av favorittane mine blandt mange flotte sedumar.

Sedum kamtschaticum - Gullbergknapp har blomstra lenge og er no på slutten denne sesongen, men den avsluttar med stil syns eg.

Hylotelephium spectabile - Oktoberbergknapp har så vidt og begynnt å vise farge. Denne har eg fleire stadar i fjellhagen min og er ein flott fargeklatt på slutten av sesongen.

Gentiana septemfida - Frynsesøte stammar frå fjellslettene og granskogane i Tyrkia, Kaukasus og Iran, men trivst godt her hos oss og. Mitt eksemplar har nok fått for lite næring der den veks i fjellhagen min noko eg må gjere noko med til neste år.

Leontopodium alpinum - Edelweiss kjem frå kalkrike alpine områder i Europa og Asia. Hos meg sjølvsår den seg så eg må passe på å skjære vekk frøstandane om eg ikkje vil ha dne spreidd i fjellhagen min.

Blandt dei vanlegaste og sikraste haustblomstrande er haustfloks - Phlox paniculata - Eg har vore mykje plaga av at dei får mjøldogg så eg hadde kutta ut denne plantenfor nokre år sidan, men denne sorten ser ut til å være bra tolerant.

Solbrud - Helenium x hybridum finst det mange sortar av. Eg har mista merkelappen til denne så eg veit ikkje eksakt kva sort dett er , men fin er den.

Ingen kommentarer: