onsdag 2. juni 2010

Blomstring 1. Juni 2010 - del 1




Ja tida går fort og no er vi alt komne eit par dagar ut i Juni månad. Naturen går sin gang og i hagen avløyser dei ymse plantane kvarandre i blomstring - nokre i lenger og nokre i kortare periodar.
Dei typiske vårløkane er på hell - dei fleste av dei, men enno blømer perleblomsten, klosterklokkene, ruteliljer, pinsliljer og nokre tulipanar.
Denne gongen vel eg å presentere bilda frå fjellhagen fyrst.
Går alt vel kjem tekst og bilder på rett plass........ og det gjorde det ikkje !!!!!!!
I dag er redigering av tekst og bilder i bloggen heilt umulig ...ikkje anar eg kva som er årsaka. Trur nesten det er betre å fjerne teksten ved kvart bilde.


























6 kommentarer:

Mariann S sa...

Masse flott :) Eg må plante Lewisia i muren skjønna eg ;) Artig med gul og raud rosenrot i samme tua- Ha ei fortsatt fin veke :)

hajal. sa...

Eg får legge namnelista i kommentarfeltet:
1. (Øverst)Lewisia cotyledon
2. Saxifraga continentalis
3. Alyssum oviense
4. Trollius pumilus
5. Primula yuparense
6. Antennaria dioica 'Rubra'
7. Phlox subulata 'Candy Stipe'
8. Rhodiola roseum - Rosenrot
9. Draba kitadagkensis
10. Dodecatheon pulchellum 'Red Wings'
11. Aquilegia canadensis nana
12. Iberis sempervirens
13. Wulfenia carinthiaca

hajal. sa...

Mariann:
Der var plass til mange Lewisia i muren din! ;)
Denne rosenrota er raud i knoppstadiet og vert gul seinare.

Mariann S sa...

Du har heilt rett, det er plass til mange :)
Artig me den rosenrota, at den skiftar farge. Har berre ei raud, og den er so puslete syns eg. kanskje den ikkje trives heilt, eller er dei raude lavare enn feks den gule?

hajal. sa...

Eg har ikkje erfaring med den raude rosenrota, det er mulig den er mindre kraftig i veksten.

Mariann sa...

Nydelig den Lewisiaen, ser ut til at den trives godt der mellom steinene. Nå måtte jeg ut å sjekke Wulfeniaen, og min har ikke antydning til blomster enda.
Den røde rosenroten er nok lavere og mer småvokst enn den gule.