mandag 14. juni 2010

Peonblomstringa er igang


På laurdag starta Peonblomstringa i hagen min og fyrst ute er denne eg fekk frå Tove i 2007, som eg trur er ein Paeonia veitchii. (Korriger meg om det er feil! )
I år har den 20 blomsterknoppar.

P. veitchii stammar frå Kina og finst som denne med enkle blomster, halvfylte blomster og fylte blomster i fargane kvit , rosa, margenta og raud i ymse variantar. I tillegg har det eit vakkert bladverk - idet heile ein Peon det er lett å bli glad i.



Eg har samla Peonane mine i eit opphøgd bed. Ved planting spanderer eg på dei ein neve beinmjøl og eit godt lag hønsegjødselkompost i botnen av hola og minst 50 cm djupt plantehol og det ser det ut til at Peonane set veldig stor pris på. I år ser dei svært frodige ut og dei fleste kjem med godt med blomster.

Om eit par dagar kjem neste Peon i blomst og eg skal prøve å presentere alle i tur og orden etterkvart dei blomstrar.

5 kommentarer:

Mariann S sa...

Rett og slett nydelig :) Eg har to peonar, men dei er små endå. kanskje den ein kjeme med blomster neste år. Ha ei fine veke :)

New Dawn sa...

Blomstrer de så tidlig? Jeg har tre ganske små, og to av de blomstret for første gang i fjor - da jeg var på ferie -sukk-
Er spent på om jeg er hjemme i år, for nå står alle med knopper.
Kjempeflott farge på din, og jeg gleder meg til å få se bilder etterhvert som de andre blomstrer.
PS Er med på fellesimport og får 10 stykker til høsten :-)

hajal. sa...

Ja dette er den aller tidigste eg har. i fjor hadde eg teke bilde av den i blomst 29. mai så i år er den 14 dagar seiare som alt anna.
Klosterpionane kjem i blomst om eit par dagar og silkepionane er endå seinare.

Tove sa...

Den er nok i klimasjokk og har forvokst seg. tjihii. Moro at den liker seg så godt. Det beste med dem er at de liker seg ganske godt overalt. Jeg har de både i sol og i skygge og de i skyggen er nesten finest for der holder blomstene litt lenger. Men mine er ikke på langt nær så store som din. Du skal se at om noen år så har du 50 slike peon babyer rundt omkring. Flotte bilder av blå valmue :-)

På landet sa...

Nå gleder jeg meg til min peon blir så stor, nydelig =) Lurer på om jeg skal flytte min i et eget bed.