fredag 11. juni 2010

Løvetann - Taraxacum


Dei fleste hageeigarar prøver vel å fjerne løvetanna frå hagen sin.
I min hage veks det mange løvetannplantar utan at eg ser raudt av den grunn.
M.a. brukar eg blada til foring av kyllingar når eg har det. Eg snittar opp løvetannblad og køyrer dei gjennom ein elektrisk grønsakskuttar, det vert framifrå fôr som kyllingane set stor pris på frå dei er ei vekes alder og utover.


Bildet over viser den kvite løvetanna - Taraxacum albidum som er viltvoksande i Eurasia, Korea og Japan.
På engelsk har den fått namnet White dandelion/Japanese dandelion og på japansk Sirobana tanpopo .
Den vert ca 30 cm høg og veks på omlag tilsvarnde tilhøve som den vanlege norske løvetanna.

Skjønt den "vanlege norske løvetanna" - Taraxacum officinalis - er eit omfattande begrep.
Visste du at det finst ca 240 underartar av løvetann her i landet, og mange av dei er ukjende anna enn i Noreg?
Går du deg ein fjelltur finn du løvetann langt til fjells - du ser det er løvetann, men om du studerer den nøye er den både mindre og litt forskjellig frå den som står langs grøftekantar, natureng og plener i lavlandet og studerer du nærare dei du finn i lavlandet er der små forskjellar i bladform og blomster som gjer at botanikarane skil dei frå kvarandre.

Eg har to forskjellige løvetenner i hagen min ( i tillegg til den norske viltvoksande) det er Taraxacum albidum og T. pseudoroseum. Den siste har mykje breidare og ikkje så tannete blad som den på bildet.
Fargen på T. pseudoroseum er lys rosa med ein gyllengul midte - denne veks vill på grasslettene i Kina og Sentralasia på 2000-3000 meters høgde.

På varandaen har madammen ein plante av kvar av desse to i kvar si potte og nett no står T. albidum på det finaste i full blomst på verandaen. (bildet)
T. pseudoroseum hadde eit par blomster tidleg i mai, men ser ikkje ut til å komme med meir blomster foreløbig.
Vi er svært nøye på å plukke av blomstrane etterkvart som dei er avblomstra for vi vil ikkje ha desse til å sjølvså seg i hagen, det får holde med dei gule norske.

Eg har eit par år sett etter frø til den Færøyiske løvetanna - Taraxacum faeroense, men det ser ut til å være vanskelig å få tak i frø av den. Den har mørkt bladverk og raudorange blomster.
Den hadde det vore stas å fått tak i.

Løvetannplanten har i tidlegare tider vore mykje brukt som medisinplante mot diverse plager og du kan bruke heile planten. M.a. veit eg dei som brukte rota som kaffeerstatning under 2. verdskrigen og eg veit fleire som lagar vin av blomsten. Den skal visstnok være nokså god på smak.

8 kommentarer:

Unknown sa...

Ja løvetann heter "piscialetto" på Italiensk. Det vil si: Tiss-i-senga. Dette sikkert fordi den er kjent for sin vanndrivende effekt.
Så et program på dansk tv om dansker som dyrket denne for å lage te og vin. Jeg synes smaken er litt besk, men det kommer vel an på.
Løvetanna er jo litt søt da?

Mariann S sa...

Interresant lesing dette, masse eg ikkje viste om :) Ønsker deg ei god helg :)

Kristin Aurdal sa...

Så lærte jeg noe nytt i dag også
:-)
Løvetannvin har jeg smakt, og det holder med en gang for min del.

Rita Hogefeld sa...

Jeg hadde den rosa, men den selvsådde ikke i det hele tatt. Til slutt daua den :( Disse "fremmedlandske" skal visstnok ikke være like hissige som den gule norske er.

hajal. sa...

Det var artig Charlotte, bare eg klarar å legge det på minnet no då, italiensk er ikkje det språket eg tek lettast til meg....LOL :)

Mariann :
God helg til deg og! :)

New Dawn:
Eg har ikkje smakt den sjølv, men har høyrt frå andre at den skulle være god. Men som er det nok som du seier det kjem an på kva ein likar og sikkert iallefall på kva kvalitet produsenten har oppnådd.

Rita:
Det var godt å høyre at dei "framandlandske" ikkje sjølvsår seg i den grad som den norske. Eg var igrunnen skeptisk til å ta den inn i hagen, men så tok nyssgjerrigheita overhand som vanleg... :D

krepsemor sa...

Vi er litt rare! Om vi tar et vanlig ugress, som den norske løvetannen, og plutselig oppdager en litt annen variant, så MÅ vi bare ha den! Jeg har alltid hatt en forkjærlighet for det spesielle, enten det gjelder lammet som er litt halt, katten som er litt merkelig, eller en plante ikke utvikler seg som de andre! Da må jeg bare kjæle litt med den for å se hva det blir til =) Ha en fin helg!

ToneM sa...

Løvetann er vakker når den blomstrer, men etterpå... :-(
Takk for interessant tekst med masse nyttig informasjon! Og god søndag til deg og dine!

ToneM sa...

Forresten - jeg kunne også godt tenke meg en rosa eller kvit løvetannvariant. Problemet er bare at den sikkert ville bli tatt for å være vanlig løvetann og forsvinne når løvetannjakta i hagen starter for alvor...