tirsdag 20. januar 2009

Meir om dyra

Eg var visst for snar å fortelle at alt sto bra til med mor og barn i går.
I dag tidlg var kyra tydelig i dårleg form og eg fekk misstanke om melkefeber, noko som skuldast akutt kalsiummangel og kan vere dødelig om ikkje behandling kjem raskt igang.
Veterienær vart tilkalla og kyra vart behandla.
Etterkvart oppdaga vi og at ho hadde trakka på og skada stygt eine spenen - den måtte syast og anibiotikakur igangsatt.
No er kyra på bedringens veg, men det tek tid å få spenen til å gro og ikkje minst- ikkje heilt enkelt å tømme kjertelen og ta på og av bandasje, smertefullt som det rimeligvis er.

Når eg likevel er inne på dyr eg har i mi varetekt:

I helga misste eg to av dei flotte dverghønene mine av rasen Toppa Hollender, dverg.
Det var hønsehauken som var på besøk og utruleg nok kom han seg inn i hønsehagen som er overdekt med netting.
"Veggane" rundt hønsehagen består av hønsenetting som er veldig finmaska. På toppen har eg strekt "Sauenetting" som er mykje meir grovmaurska, men at hønsehauken kom seg ned der og oppatt det står for meg som ikkje mindre enn utruleg.
No lyt hønsene leve eit inneliv til eg får tid og anledning til å skaffe meg nytt dekke over hønsehagen som held hønsehauken ute. arrrrgh......
No har eg att bare ei høne av denne rasen og to hanar (stakkars høna !!!) så har eg 4 høner av rasen wyandotte , dei er mykje strørre og manglar hane (stakkars hønene.... ;D )
Heldigvis har eg spreidd nokre av desse dverghønene i nærområdet her så det er kansje håp om å få låne seg ei eller to så eg får befrukta egg til våren og kan bygge oppatt stammen.
Å ruge ut kyllingar er kjempemoro.
I mangel på bilder av dverghønene (dei bilda ligg på den andre PCen min som eg har lånt bort for tida får eg poste bilder av nyklekkte kyllingar i staden.


Til sist må eg få med at frøa som låg til "møyrning" på termosen i oppvaskmiddelvatn er no komne i jorda og står no på badgolvet. Så rakk eg å fylle og gjere klar 18 såpotter som skal isåast ....... når eg får tid !

Ha ein fin tysdagskveld!

7 kommentarer:

Harryford sa...

Ja livet gir noen sår, selv for husdyr! Men godt at veterienær er å få! Her er dèt langt enklere og raskere, enn å få en lege!!!

Så trist med hønene dine! De ble vel skremt de andre og stakkar!
Husker reven tok ca 20 stk hos naboen på hjemstedet, da jeg var en 6 - 7 år, det satte spor i sjelen!!!

Godt at du fikk frøa opp av termossen før de kom selv! ;-)

Seascape sa...

Gratulere med kalven.
Tenker med din pleie, så går det fint med mammaen.

Kommer jo helt i Påske stemning her med de søte kyllingene.
Da vi hadde fjørfe for noen år siden brukte vi fiskenot (den gamle typen) som tak over utegården. Hønsehauken kom ikke inn der.

Anonym sa...

Huff - nå leste jeg om høner så lenge at jeg trodde det var ei høne som lå til mørning i thermosen!

hajal. sa...

Javisst vart dei skremde alle saman, dei andre sat inne i ei krå i hønsehuset alle saman.

Fiskenot har hatt over hønsehagen tidlegare og , men den var blitt så morken at eg skifte den ut isommar med netting. No må eg sikket ta resten av nota og legge på toppen igjen. Problemet då vert at snøen legg seg på og det heile kan bli pressa ned.

Om eg skulle møyrne høns trur eg at eg hadde valgt ein langt enklare metode! hi hi......

Mari sa...

Huff da! Håper deg går greit med kua (og med deg, er ikke bare bare å få mjølka når de har tråkka seg...)!
Det er trasig når hauken reiser med dyr. Her har hønsa vert inne en god stund nå. De liker ikke å vere ute i snøen og siden vi ikke har gare til dem så tør jeg ikke ha dem ute uten at bikkjane er ute. Mista ei fin blandingshøne her i høst. Kom heim og så at det var noe som satt i veien oppe ved huset og det var faktisk hauken som hadde seg et herremåltid... Fasinerende å se rovfugl sånn, men trasig at det var på et husdyr.

Toppa hollendere er fantastisk artige fugler :) Håper dere slipper mer besøk av hauken!

Mari

hajal. sa...

Takk for det Mari!
Jau det går veldig fint med kyra og det virkar for at ho forstår at ho får hjelp. Det skal vanlegvis ikkje mykje til før ho sparkar, men no står ho som fjell og let meg stelle såret, sette opp i penicilin og sette på bandasjen igjen.
Etter nokre dagar med slik behandling får ein eit veldig nært forhold til slike dyr!
Hønsene våre likar å gå ut så sant det ikkje er snø, om det er kulde bryr dei seg ikkje om, men no må dei vere innestengt til eg får lagt på not over nettingen.

Mari sa...

Flink jente det :) Ja det blir noe spesielt med dem, hvertfall når de er som denne og viser at de skjønner at en bare vil hjelpe.