torsdag 29. januar 2009

Vinterblomstring og hoggst





Vi nermar oss utgangen av januar månad og dei siste 14 dagane har vi hatt eit nydelig veir. For det meste opphald, sør og søraust tildels nokså kraftig vind i starten, men den siste veka har det vore flott.
I hagen er det mangt og mykje som spirer og jamvel blomster er det og som siler imot meg når eg går den vesle ruslerunda mi. Primula, Helleborus og snøklokker er alle igang no. Eccremocarpusen min har alt starta veksten. Denne Eccremocarpusen - det vil seie dei er mange, iallefall 5-6 stk som eg har planta i bakkant av plattingen og klatrar på arberingsmatter der, overvintra i fjor vinter og så den vert to år gamal til våren. Håpar bare ikkje at frosten tek den seinare i vinter. Det som veks no frys vel bort reiknar eg med, men eg får dekke rota bra så den ikkje frys vekk.



Sjølv har eg hatt arbeidsperiode dei siste 8 dagane, men i går var det fyrste fridagen og den nytta eg til meir saging av dei store trea nedanfor på naboeigedomen. No står det att nokre store or som skal møte bakken idag, då har vi fått ned alle dei store trea som skygde for lys og utsikt til hagen vår, men enno er det veldig mykje som skal ned, men det kjem eg til å ta over langs. Det er mindre tre og kratt, men det som står nærast grensa skal vekk etterkvart som eg får tid.
Reiknar med at eg skal ta bilder idag når alle dei store er nede så kan eg vise "før og etterbilder" !



Igår var eg også i to timar hos ein anna nabo og klipte frukttre. Må ta det i små porsjonar då eg har lett for å pådra meg senebetennelse i handa eg klipper med. Han har ein del frukttre som eg held vedlike med klipping kvart år og no var eg begynnt å få litt dårleg samvit for ikkje å ha komme igang i fineveiret, men det var som sagt den veden....... ;)


Ha ein flott og fargerik dag alle saman, eg skal ut og starte motorsaga !

7 kommentarer:

merethe sa...

Det er helt utrolig å se at det blomster i hagen din....Her er det kulde og snø...ja det kommer til å vare og rekke til langt utpå våren. :) men slik er det her jeg bor :) Den som venter på noe godt venter ikke forgjeves...våren kommer her også ...om litt :)

Berit sa...

Primula har jeg også, men at snøklokkene er kommet så langt!!
Må vestover igjen og sjekke.

Elisa sa...

Ingenting er som dei første snøklokkene!

Iris sa...

Du er heldig som får våren så tidlig. Her kom det 80 cm med snø på en kort uke, så det er lenge til det er vår her. Kos deg med vårgledene! Det er flott at du deler bildene med oss andre som bare drømmer om vår... ;-)

Miamaria sa...

Ja det der var riktig noe å skryte av! Deilige saker! :)

hajal. sa...

Vinteren kjem nok her dette året og er eg redd for, og forsåvidt er det betre å ha vinteren no enn å få den i mars og april, men kven kan anna enn å gle seg over dei fine dagane med vi har dei ?
Vi hadde jo ein del snø og frost føre jul og då så vi har no smakt på den.

Tove sa...

Bor vi i samme land tro? Det er moro å se hva som blomstrer hos deg. Her er det -14 og nesten en meter med snø, så det er nok lenge til vi ser noen primulaer. Kos deg med vårtegnene :-)