søndag 18. januar 2009

Morgon ved stoveglaset


I jula måtte vi ommøblere litt i eine stova for å få plass til alt og alle og har no plassert spisebordet ved stoveglaset. Det vert nok ein permanent plass i framtida trur eg, for der er det så fint å sitje, særleg om morgonen. Eg skjønar ikkje kvifor vi ikkje har plassert bordet slik tidlegare, det er då mykje kjekkare å sitje der med frukosten enn ved kjøkkenbordet der ein må gå fram til glaset for å sjå ut på lyset og fjorden.
Så har eg verandadøra rett bak ryggen så det er bare å snu seg, opne den og knipse bilete når det er noko eg vil fange opp.

Eg har frihelg og idag har eg hatt tid og anledning til å sitje ved stoveglaset og sjå nattemørkret vike for dagslyset og høyre på vindrosene som herjar ute. Ja det er bra kraftig vind ute i dag og som skifter frå sør til søraust, eller landsynnjing som vi seier her.
Skiftande skyformasjonar og lysbrytningar har alltid fasinert meg og idag har eg teke nokre bilder av den gryande dagen sjølv om det ikkje akkurat var så spektakulære fargar denne morgonen. Forresten kjem ikkje fargane til sin rett heller på bileta.






Med eg sat her og såg på lyset som sakte men sikkert kom over landskapet lagde eg eit lite morgonstemningsdikt eg vil dele med dåkke som eg har kalla:

MORGON VED STOVEGLASET


Så flott å sitje ved stoveglaset
når mørkret lettnar og dagen gryr.
Eg sit og ser ut av stoveglaset
og det eg ser gjer meg glad og yr.
Her ser eg bygda som ligg og kviler
i søndagsstille og salig ro,
og kvite snøfjell imot meg smiler
det synet varmar mitt indre no.
På himlen seglar det mange skyer
dei reiser hastig på veg mot nord
og vinden leikar og riv og ruskar
så kvite skavlar seg bryt på fjord.
Sjå lyset skifter i ymse læter
- der inst i fjordbotnen er den blå,
og gyldne fargar i aust eg skimtar,
ei flott kontrast mot det andre grå.
Eg sit og nippar til kaffekoppen
for kaffekoppen må vere med,
for slik ein morgon, ja det er toppen,
den gjev meg glede - den gjev meg fred!


No aukar vinden på etterkvart og det knest godt i huset i dei verste vindkasta.
Eg har ein del staudefrø eg skal så idag så no er det best eg kjem igang med det for seinare på dagen er vi inviterte til jebussfeiring til systra mi og ei niese og då er det greit å ha gjort ferdig det som gjerast skulle!

Ha ein fin søndag alle som stikk innom!

10 kommentarer:

Red Hobbitt sa...

takk for at du deler ordene dine med oss! Du er utrolig flink til å skrive, du burde forsøke å få de i mellom permer. Ha en fin dag!

potentilla sa...

Ikke dårlig å være lyrisk på morgenkvisten :)
Det plages ikke jeg med når jeg klamrer meg til kaffekoppen...

Elsa sa...

Flott Hajal, både bilda og diktet.
Trur nok at det bles meir sør om Stadt enn det gjer her, sjølv om det ruskar godt i kasta her og.

Ha ein fortsatt flott søndag.

oyhovoft sa...

Flotte bilder. :D Det er noe eget med fjord- eller havutsikt. Ville ikke vært det foruten selv.

Ha en fortsatt fin søndag.

merethe sa...

Nydelig dikt og flotte bilder!! Tusen takk! :)

Tove sa...

Flott dikt og flotte bilder :-)

Annsi sa...

Takk for en flott dikt, jag kjenner nesten kaffeduften og freden sive inn her og!

Klem fra Annsi

ToneM sa...

Du verden for ei flott utsikt dere har fra stuevinduet!
Her var det mange vakre bilder og fin poesi. Takk for at du deler det med oss!

hajal. sa...

Takk for alle hyggelige komentarar!

Red Hobbit:
Det ligg ikkje for ei slik beskjeden sjel som meg ta eit slikt steg....;)

Potentilla:
Det er jo morgonen som er høgdepunktet for dagen...iallefall for meg - kvelden derimot er ein evig kamp for å klare å halde augene opnelengst mulig...

Linnemi sa...

Å sitte og se dagen bli født er bare nydelig. Jeg pleier ta meg tid til det når jeg kommer fra nattevakt, og kan legge meg med ro i sjelen etterpå. :)