onsdag 14. januar 2009

Fråvær og utmerkingar


I det siste har eg vore lite aktiv både på min eigen blogg, andre sine bloggar og på hagegal.
Andre ting har vorte prioritert i tillegg til jobb og andre plikter.
Sjølvsagt har det vore familie - barn og barnebarn som har fått 1. prioritet hos meg no ei stund.
I går køyrde eg dei siste julegjestane våre til flyplassen og no er dei trygt på plass i Turku, Finland igjen. Her heime har det sjølvsagt blitt veldig stille og roleg i huset etter at alle drog.

I dag har eg holdt på med ved heile dagen og fått kvista ein masse av det som var nedsaga i romjula. Den tjukke veden køyrde eg "heim" etterkvart som eg sagde, men greinene som eg vil ha har eg bare kvista ein del av. I dag tok eg noko av det som låg att og kvista og bar heim, kvisten la eg i dunge, det vert nok til at det meste av den vert brent. men noko av den vil eg køyre gjennom kompostkverna - vi får sjå kva det vert tid til.....!!
I morgon skal eg kappe ein del av greinveden og få i hus så det får begynnt å tørke.

Som sagt er det lenge sidan eg har oppdatert meg på andre sine bloggar, og til mi store overraskelse låg det beskjed på bloggen min at eg har utmerkingar (Awards) som ligg og ventar på meg i andre sine bloggar.
Eg har iallefall funne ifrå RandiF, Cherie, MariannS og Seascape. ( No får dåkke hjelpe meg om det er nokon eg ikkje har "oppdaga" )
Tusen takk alle fire, eg er overraska og takknemlig for slik gest!
Trur eg må tenke litt over kven eg skal sende dei vidare til før eg gjer noko med det. Eg har veldig mange bloggar eg les jamnleg, og det er utruleg vanskelig å velge ut nokre få - alle har sitt særpreg og er interessante på kvar sitt vis sjølv om eg må innrømme at eg har nokre favorittar eg og. No er det blitt så mange at eg etterkvart MÅ velge meg ut dei eg vil følge jamt, tida strekk ikkje til om ein skal følge med på alle.
Etter at eg vart "overtala" til å registrere meg på Facebook før jul, vert det enno mindre tid til både bloggar og anna. Eg skjønnar og forstår at det er DET som er det store om ein skal følge med på kva slekt og venner driv på med! Eigentleg melde eg meg inn for lettare å halde kontakta med slektningar i Canada, Etter at eg kom inn der fant eg ut at det er samlingsstaden
for "alle under 50" iallefall, men også mange med lenger fartstid i livet har tilhald der.

Den siste veka har vore særs våt og vindfull med over 230 mm regn dei siste 7 dagane og fleire dagar på rad med storm i tillegg. Hagen er vååååt.... idag har det vore nydelig med nesten skyfri himmel og såvidt under 0 grader - flott arbeidsveir, men det skal bli kaldare etterkvart, nett no er han ned i -2 og med alt vatnet som er lagra i jorda håpar eg at det ikkje vert mange kuldegrader.
Barfrost er fa'li det!

7 kommentarer:

Anonym sa...

korleis går det med buskaset i hagen? Fått hogd alt no,slik at ein kan sjå sjøen?

hajal. sa...

Nei det er att nokre store som eg må bruke tóg på for å styre dei og då må eg ha vakt på vegen og ein mann i tóget. Må finne ein vindstille fridag til det, men fyrst vil eg rydde og legge kvisten i dungar så det v ert betre å arbeide.

potentilla sa...

Er litt i dvale jeg også selv om jeg ikke kan skylde på barnebarn og sånt. Men nå kommer sola snart og da er jeg klar... :)

hajal. sa...

18 dagar til vi får sola, SÅ lenge kan ikkje eg vente til eg skal så..... ;)

Anonym sa...

Hei, og takk for sist!
Eg har lagt ei helsing til deg i bloggen min. Når eg les innlegget ditt no, så ser eg at eg ikkje er åleine om det. Kanskje du rett og slett fortjener utmerkingane...du har ein flott blogg.
God helg!

hajal. sa...

Takk for det Elin, i det siste har eg vore lite aktiv i blogglandskapet, men det tek seg nok opp etterkvart!
Har forresten lyst til å forandre litt på den, var tenkt å gjere det i jula, men då kokte det bort i alt anna julestyr!

Nina i Paradiset sa...

Takk for kommentaren i bloggen min!
Nå er lista enda lenger! ;)
PS Mye er delbart, altså og bytter gjerne. Mistet jo endel stauder under flyttingen i sommer, men all hostaen overlevde.
Har også ett par sorter på jobben jeg skal ta en rotbit av, bla. en sort med grønne blader og bare en tynn, hvit stripe på midten. Kjempelekker! Skal klare å finne ut hva den heter, for sjefen har det i papirene sine! :)