fredag 11. desember 2009

Endelig ei oppdatering

Biletet her er frå ein flott morgon siste dagen i oktober


Ja no er det lenge sidan eg har vore innom bloggen min og avlagt rapport - og det bevisst ettersom eg er redd for at det bare hadde vorte syting og klaging over tingenes tilstand og det er ikkje det eg vil bruke bloggen min til !
No har eg imidlertid fått så mange "påminningar" om manglande oppdatering at eg syns eg må gje lyd ifrå meg etterkvart! ;)

Som eg gav inntrykk av i mitt forrige innlegg (å hjelpes - det var jo i begynnelsen av Juli det!!!)
trudde eg at "varmebølga" som reid oss då ein 14 dagers tid hadde teke "duen" av meg -
det skulle vise seg å være ubegrunna!
Det var heilt andre aktørar enn varmen som var årsaka til at eg stadig følte meg verre og verre i form nemleg det farlegaste dyret vi har her til lands - FLÅTTEN.
Det viste seg etterkvart at boreliose var årsaka til at eg var som eg var.
Eg som trudde at eg var "overarbeidd" gjekk til legen i midten av august - midt i ferien - då var eg så dårleg at eg innsåg at dette måtte være noko som ikkje retta seg berre med total kvile og fråhald frå fysiske utskeiingar.
Legen fant fort ut at sterke dosar penicilin måtte til mot boreliose, i tillegg var verdiane av immunforsvaret nokså lave.
Legen sa alt ved fyrste konsultasjon etter at boreliose var påvist at eg måtte reikne med at dette kunne ta tid å rette opp i .
Kort fortalt så går eg fortsatt sjukmeld, med mykje smerter og energilaus.

Nokre dagar med søraustkuling har vi hatt både i november og desember, men ikkje skadeveir.

Hagen har eg ikkje gjort noko med sidan begynnelsen av Juli månad og den ser ut deretter!! :(
Av same grunn har eg holdt meg stort sett vekke frå både hagegal og dei hagegale sine bloggar i heile haust. Eg merka at det var best for psyken å ikkje følge med på alt dei andre hagegale foretok seg, planla og drøymde om.
No er imidlertid ei gryande lyst til å delta litt igjen begynt å røre seg kjenner eg - saknet har vore der !! ;)

Eg fekk klipt plenen eit par gongar i august/september -seinare har det vore hjorten som har teke seg at den biten - aldri har hjorten vore så nærgåande som denne hausten. Daglege (nattlege) besøk av 2-3 stk som beita så nær huset der var noko å beite på - alle eplene var det hjorten som tok seg av -sjølvsagt før dei var klare til hausting. Og i brunstpreioden var det brøling natta lang, av og til høyrdest det mest ut som han stakk haudet inn soveromsglaset og ropte - det vart lite søvn av slikt !!
Heldigvis er det lite skade han har gjort bortsett frå lerketreet mitt som fekk seg ein smell - ellers er det stort sett bare trakkskadar i bed og ikkje minst i fjellhagen.
Drivhuset mitt vil eg ikkje nemne - det vert ein storjobb å reingjere og reinske opp når eg ein gong får krefter nok til å starte på det. Håpar imidlertid det meste har overlevd der sjølv om stellet har vore minimalt dei site månadane. Det vart svært mykje soppangrep der med det våte veiret vi hadde haust og eg som ikkje var i stand til å halde det i sjakk etterkvart.

--Staudesåing vert det ingen ting av denne hausten/vinteren reiknar eg med, har vel nok arbeid til våren å prikle stauder som har stått heile sommaren uprikla i såpottene sine og evt nye som måtte spire.

Vel det var nok syting og klaging - ferdig med den ! :)

Vi bur slik til at sola er borte frå 10. november til 2. februar - her ein av dei siste dagane sola skein her hos oss anno 2009

***** ****** *****

Tida i haust har eg brukt mykje til min andre store hobby - slektsgransking -
Det har vorte mange, mange timar (dagar) med blading i skanna kyrkjebøker, digitaliserte folketellingar og no det siste tilgjengelige - skanna skifteprotokollar som er utlagde på nettet.
Kva skulle eg ha gjort utan det velsigna nettet ? - Utruleg interessant - og så er det så mykje god hjelp å få på div slektsforum når ein står fast og like kjekt er det å kunne hjelpe andre som står fast enten med tyding av meir eller mindre forståeleg hansdskrift eller hjelp til å leite fram dåp, vigsler eller andre aktuelle spørsmål - akkurat som på hagegal !!! :)

Ellers har det vorte turgåing langs skogsvegen som går utover i marka her når forma har tillete det. Vi har hatt mykje flott veir på seinhausten med mange fine dagar i oktober og november og heilt til no i desember, det har vege opp for den samanhenganede våte perioden frå 10. Juli til 10. oktober med nesten dagleg regn og væte.

Ellers ventar vi med spenning og forventning på å bli besteforeldrer igjen - det kan skje kva dag som helst det no fram mot jul, så det vert stor stas å komme til Finland om ei god veke å helse på som vi seier på Davikemål ; eit flånkande nytt familiemedlem.
Ikkje ein gong Nissen kan trylle fram ei slik julegåve!




Dette biletet er teke frå utkikksplassen min når eg går tur i skogsvegen. Her ser vi litt av Davik.


Med dette vil eg ynskje alle ei god helg. Håpar det vert meir jamt med innlegg her og etterkvart!

18 kommentarer:

smgj sa...

Huff, det var vondt å høre. Flåtten er min store skrekk - og så var det altså deg han tok. Heldigvis forstår legestanden mer av sykdommene flått bærer nå enn bare for et par år siden så sjansene for å bli kvitt dritten er nok mye høyere. Selv om det fremdeles tar tid og krefter man ikke kjenner at man har.
God bedring, god jul - og kos deg med det du orker.

Harryford sa...

Hei Hajal!

Nå var det var jammen kjekt å høre i fra deg! Det ante meg etter vår siste "samtale" at flotten var inblanda i pausen.
Jeg hadde så smått begynt å leite etter e-postadr. din for å "høre gjete" som fruen sier!
Det er nå bare å si tvi tvi og gjøre som de "sakkyndige" sier, så kommer det nok en ny vår full av energi!

Har hatt bloggepause selv, men det er fordi jeg har måttet konsentrere meg om de andre prosjektene her "på gården"!

Spennende med lillfinnen som er like om hjørnet - det er stas med slike - sier de som er det forunt!

Ha ei fin helg Hajal - tenker på deg stadig - skal tro når den vestlandsturen blir noe av!!!

Randines hageblogg sa...

Hyggelig å høre fra deg igjen, ønsker deg fortsatt god bedring og lykke til med nytt barnebarn.

"En dag i taget" sier svenskene og det er viktig i perioder å ta bare små steg...

Berit sa...

Så der er du, ja! Velkommen innom, og velkommen tilbake på riktig når du føler for det. (Det er ikke så mye hage i hagebloggene heller for tida, så det burde være nokså trygt å besøke dem nå!)
Fortsatt god bedring! Boreliose er ikke til å spøke med, du må bare la rekonvalesensen ta den tida den gjør.

Mariann S sa...

Hei på deg Hajal :)
Kjekt å 'høyre' frå deg igjen og trist å høyre grunnen til fråveret. Håpar det går framover med deg og at du kjem til krefter igjen.
Kos dokke med barnebarn i Finland og so ønsker eg deg ei fin adventstid :)
Klem frå Mørekysten :)

Sigrid sa...

Nei og nei, så uheldig du har vært. Godt å høre at du er på bedringens vei i hvertfall.
Hyggelig med flere barnebarn.
Ønsker deg fortsatt god bedring og en riktig god jul :-)

Frøya-Heidi sa...

Så koselig at du lar høre fra deg igjen!

Godt å høre at formen er på vei opp igjen hajal. God bedring og lykke til med nytt barnebarn!

Anita sa...

Stakkars mann! Det hørtes forferdelig ut!
Men det er godt at du er tilbake med den samme lune humoren. Godt å "se" deg - og ha en flott advent - med små nusselige nurk i Finland! :)

primula sa...

Fint med livstegn fra deg igjen, Hajal! Håper det går rette veien nå. Og lykke til med nytt barnebarn!

hajal. sa...

Takk for alle hyggelige tilbakemeldingar - det er virkelig kjekt å føle at ein har kontakt igjen med "gjengen"! :)
Her er det EIN ting som står på programmet:
Å gjere minst mulig, men mest mulig av det ein KAN gjere! ;)

Harryford: "Høyre gjete" er eit godt nordfjordutrykk og det som eg jamt brukar.

Lilly sa...

Så godt å "se" deg igjen! Flått er noe herk så jeg håper du kommer til krefter snart igjen og kan se fram til våren i hagen.God bedring og kos deg med dine i jula!

Red Hobbitt sa...

Fint å høre livstegn fra deg.
Ønsker deg og dine ei god helg.

Iris sa...

Så hyggelig å høre fra deg igjen, men fryktelig å høre om flåtten! Ja det er min store skrekk, og en kan ikke være forsiktig nok. God bedring til deg, og ha en fin jul!

smgj sa...

Hupp!

Svusjer innom for å ønske en god jul med passe mengde "ork" til deg!

Mariann S sa...

Ønsker deg og dine ei riktig god jul :)

eling sa...

Godt å sjå at du er i sving igjen, Harald! Merkelig kor mykje dækelskap ein sånn liten skapning kan stelle i stand for ein stakkar! Håpar forma di er raskt stigande fram mot den nye hagesesongen! Har tenkt på at når du no først skulle få denne sykja, så var det vel rette året, for makan til dårlig hagesesong frå juli og ut sesongen har vi vel aldri hatt...
Ønsker deg ei riktig god julefeiring, og lykke til med nytt familiemedlem!

hajal. sa...

Takk for alle helsingane.
Det varmar å vete at det er folk der ute som tenkjer på ein.

ASSA sa...

Jeg og Arne håper dere har hatt ei riktig GOD JUL og vi vil ønske deg og dine et GODT NYTTÅR!

Og håper du er mye bedre ;)
Og vi ønsker deg og madamen all til lykke med snart nytt barnebarn, vi ble besteforeldre til nr. 3 den 24 oktober ei lita prinsesse som er så vakker :D