Fjellhagen som eg starta på i fjor tek det nokre år å få etablert skikkelig. Plantane treng eit par år på seg å etablere seg skikkelig og stadig nye finn sin plass i bakken mellom stein og grusblanda jord.
Idag vil eg vise nokre av dei som blomstrar i fjellhagen min no. Alle bileta var tekne i går.
I går fekk eg mellom anna potta opp ein del plantar til planteloppemarkedet på Eid laurdag den 6. Juni. Håpar der er noko iallefall som fell i smak hos både hagelagsmedlemmer og andre som tek turen innom standen vår.
I morgon får vi besøk av Sander, barnebarnet vårt som bur på Beito i Valdres ilag med mamma og pappaen sin. Det vert stas å ha dei på besøk nokre dagar, m.a. skal vi i konfirmasjon på søndag til ein av mine nevøar så då vert det reine slektstreffet.
Ellers skal eg nok ta guten med i hagen og lære han å snuse på syrinblomstane som no har starta bløminga.
Det er så ykje som blomstrar no at ein nesten ikkje rekk å få med seg alt på skikkelig vis.
Primulaene i Morelltrebedet held seg framleis i god form - dei vart litt herja då vi hadde sterk vind, hagl og regn for litt sidan, men har teke seg oppatt litt.
I woodlandet står ballblomen på det flottaste nett no og mykje anna blomstrar og - Geraniumane har blomstra ei stund, fyrst ute var 'Samobor' og no har fleire andre følgt etter.
Ellers må eg nemne at Primula viallii kjem att i år og - det var svært gledelig for det var eg ikkje så trygg på, den har lett for å gå ut om vinteren.
Pionane står mange med store knoppar og er snart klar til å utfolde seg, dei får eg skrive meir om ved seinare høve når dei kjem i blomst.
Vel, no MÅ eg ut.... ;)
Ha ein god Helgetorsdag alle saman!
4 kommentarer:
Så mange flotte bilde og planter. Hagen din er nok eit syn no.
Ha ein fin helgetorsdag i Davik også:-)
Ps. Har eit spørsmål til deg i bloggen min.
Flott blomstring! Lurer på om det der er den lappløse lewisiaen jeg fikk i fjor... Må vel notere meg navnet da. :)
Å, kor mange flotte stauder du har i fjellhagen din.
Ha ei fin helg, og kose deg med barnebarnet :)
kan du ikkje ta deg ein tur hit til denne hagen...trengs!
Legg inn en kommentar