søndag 31. mai 2009

Gullregn og syrintid

No blomstrar gullregnen og syrinen samtidig og det syns eg er vakkert.
Til høgre for syrenen viser litt av fjellhagen og t.h. for gullregnen viser dei to over 50 år gamle morelltrea. Går ein mellom dei kjem ein ned i det eg har kalla woodlandet (det som skal bli woodland med tida).


Den siste veka har virkelig gått i racerfart. Vi hadde ei vekes besøk av barnebarnet Sander m/mamma og pappa og dei reiste att på fredag.
Onsdag feira Sander 1-årsdagen sin med kaffegjestar og kake så det var stor stas.
Synd veiret for det meste var surt og våttså det ikkje var særleg stas å være mykje ute, men han fekk no sjå både høne/hane , bæææ og ikkje minst pus som tilslutt vågde seg inn i godstolen sin - han er litt skaptisk til slike småfolk så då held han seg for det meste ute.

Ellers har det vore arbeidsveke på meg (varer tom kommande tysdag) så hagestell har det vorte mindre med, men plenen vart iallefall klipt til pinsa og ein del ugras har eg fått reinska bort. Så har eg sådd frø av japansk blåveis som eg kjøpte frå ei kontakt i Danmark. Eg kryssar fingrar og tær for at dei spirer. Det vert spennande til neste vår å sjekke dei såpottene..... ;)


Mandag var eg på styremøte i Eid hagelag og då nytta eg høve til eit besøk på eit lite hagesenter utanfor sentrum og der fant eg denne fine Dodecatheonen - utan namn, men den var så fin at eg tok den med, no angra eg på at eg ikkje det vart med fleire heimatt i same slengen.


Potentilla atrosanguineum er ei av dei staudene som blomstrar fint no og med dei vakre sølvfarga håra på blada og den gulorange blomsten syns eg er ein fin kombinasjon.



Denne Peonen fekk eg frå Toveve for 2-3 år sidan og i år er det fyrste gongen den blomstrar hos meg - heile 11 blomster ber den fram. Staseleg er den !
Men er det nokon som veit namnet på den ?
Eg har lurt på om det kan vere P. officinalis, men er ikkje sikker. Toveve seier det er ein gamal sort som har vore i traktene der i lang tid.



Irisane er og komme i blomst.
Denne syns eg er staselig og ein av dei vakraste eg har.
Namnelappane vart det surr i før eg fekk lage meg permanente, graverte namneskilt av svart persienne, men ein eller anna stad skal eg ha ei liste med dei namnesortane eg har og då er det nok mulig å google og finne fram til rett namn på dei fleste.






Det vakraste i hagen min no er Gullregnen som står i fullt flor no med lange hengande klasar. Alliumen som står under er mindre flink å gjere seg bemerka...skulle hatt mange fleire av den.

Alle bileta er klikkbare!


Så vil eg nytte høvet og ynskje alle som er innom ei god pinse.

5 kommentarer:

merethe sa...

Gullregnen din var skikkelig vakker. Herlig å se bilder fra hagen din. Hvos stor er hagen din? den ser romslig ut :) Ha en flott pinse videre.

Mari sa...

Den Pottentillaen din var schnasen Hajal! Enig med at kombinasjon blomst og blad var flott :) Har en blodmure (er det ikke det den heiter tro) som jeg går og venter på. Flotte planter disse murene :)

Nå er det forresten hakket før at den ene primulaen jeg fikk av deg i fjor blomstrer!Står med knupper nå og det ser ut som de blir lilla :)

hajal. sa...

Hagen min er (foreløbig....? ) på 1 da, + at eg har tileigna meg ein bit av foreldra mine sin eigedom der eg har laga meg fjellhage. Arealmessig ligg den slik til at "alle trur" at den skråninga høyrer til min eigedom så då tok eg den i bruk. ... hi hi...

Flott Mari, Primula er mi absolutt favorittplanteslekt.

New Dawn sa...

Den potentillaen var berre lekker. Er den vanskelig å få tak i?

Eling sa...

Gullregn er berre sååå lekkert! Eg har endelig fått meg ein eg og, men den er oppstamma, så den blir nok aldri særleg høg.
Det var lekkert med alliumen under. Flotte fargar saman, enig i at det hadde vore endå lekrare om det hadde vore fleir