søndag 21. juni 2009

Fjellhagen min - My Rockgarden

I det siste har eg ikkje hatt tid og overskot til så mykje hagearbeid og deler av hagen viser resultat av det i form av parti med ugras som er i ferd med å etablere seg her og der. Der eg har brukt plenklippet som dekke er det sjølvsagt bra, men tidleg på året er det alltid parti eg ikkje har fått dekt.

Onsdag tok eg for meg gangane i woodlandet og dekte med bark eg har hatt liggande og flis frå kvist eg har kutta på kompostkverna så der vart det bra så langt, har att eit parti som eg må ta seinare når eg får tid.
Torsdag og fredag tok eg for meg fjellhagen og reinska det som kom opp der og la på nytt lag med grus som toppdekke. Der dekkjer eg naturligvis ikkje med plenklipp.

Her er nokre bilder frå fjellhagen, eller rettare sagt steinbedskråninga mi.



Ein del plantar er i blomst no som Lewisia, Timian, Arabis, Penstemon, Akeleier eit par sortar Potentilla og eit par sortar Penstemon og fleire som eg ikkje kjem på i farten.
Nokre er avblomstra og eg har hausta frå av eit par artar:
Draba dedeana og Mogop (Pulsatilla vernalis ), dei siste hadde to blomster i år og desse frøa sådde eg i går. Trur det er best å så dei så ferske som råd.
Eg har og lagt på plass nye steinar og planta ein del nytt før topplaget med grus vart lagt også der.

I drivhuset står det prikleplantar som etterkvart skal ende opp i fjellhagen, fleire artar Saxifraga, Androsace, Draba m.m. - nokre er prikla og nokre har eg ikkje komme så langt med enno. Det får eg ta pø om pø etterkvart som det vert tid til.

***** ****** ****** *******

The pictures show my rockygarden. I plant the first plants last summer and have now planted some more. It takes some time to grow them as it look natural grown. I have to take it step by step as I have time, stone and plants to place there.
The last days I've work with this and taken away weeds and make a new layer with gravel who help to hold away the weeds.
In my greenhouse I've plenty of small plants, sown this winter as will come to the rockgarden when they get big enough. It's different sorts of Androsace, Draba, Saxifraga and other.

I've also harvesting seeds from Pulsatilla vernalis and Draba dedeana from my rockgarden.
The Pusatillaseeds I also sowned at once.

8 kommentarer:

Elisa sa...

Den fjellhagen din er heilt makalaus, hajal! Fantastisk måte å utnytte ei skrånig.

Rita sa...

Du verden så flott det var. Blir helt målløs jeg.....

Elsa sa...

Kjempeflott fjellhage du har laga.
Håper det blir tid til ein Rugsundtur i sommar, då kjem eg innom på hagebesøk.

Ha ein fin søndag:-)

potentilla sa...

Kjempefint :)
Du er så flink at...

Anonym sa...

Takk for det alle!
Ei slik skråning der det vaks villbringebær og kratt, måtte eg bare gjere noko med. Alternativa var lave busker/vintergrønt eller fjellhage. Angrar ikkje på at valet mitt fall på fjellhage/steinbed, Det krev ein del arbeid, men vert bra når dei får etablert seg og vakse til og så er det veldig spennande å leite etter frø til nye, spennande plantar eg kan bruke der! ;)

Elsa og alle andre er hjertelig velkomne innom om det høver slik! Bare kos det! :)

hajal. sa...

Ja det var ikkje meininga at eg skulle halde meg anonym altså.... hehe!!!

Vivi sa...

Så flott den fjellhagen var. Her må jeg virkelig si at du har sett mulighetene.

New Dawn sa...

Å så flott fjellhage du har - nydelige bilder :-)